BOKU, Wien – Hausten 2025 + Våren 2026 Hei! Mitt namn er Tale Mossige Loven og eg studera landskapsarkitektur ved NMBU. Hausten 2025 og våren 2026 var eg utvekslingsstudent ved BOKU i Wien, og har hatt eit veldig fint år! Haustsemesteret varte frå oktober og fram til slutten av januar, medan vårsemesteret varte frå mars til juli. Februar er semesterpause, så det gir moglegheit til å reise eller utforske Wien meir. Om universitetet: I Wien var eg student ved Universitat fur Bodenkultur (BOKU), og alle faga mine haldt til ved hovudcampus: Turkenschanze med hovudbygg Gregor Mendel. Universitet ligg i 18/19 distrikt, litt utanfor bykjernen av Wien. Omgjevnadane til universitetet var vakre og grøne, og minna meg mykje om NMBU. Det er fleire bygg ved hovudcampuset, så ein fekk god variasjon i kvar forelesningane vart haldt. Likevel hadde eg mange av faga mine i hovudbygget til landskapsarkitektur; Oskar-Simony-Haus. BOKU hadde god fagleg tyngde, og eg syns det var veldig kjekt å få innb...
Les om NMBU-studenters forskjellige opplevelser på utveksling. Alle har valgt seg ut ett tema å skrive om. Trykk på menyen oppe til høyre og velg "Etiketter" for å lese om det du er mest nysgjerrig på, eller søk opp etter land, universitet, fagområde på utveksling, grad på NMBU eller gradsnivå.