Målet med utvekslinga mi var hovudsakleg å forbetre Fransk kunnskapane mine og utforske akademisk Fransk for å få moglegheita til å ta høgare studier eller arbeide på Fransk i framtida. Dette målet har eg nådd.
Fransk er eit vanskeleg språk, det er det ikkje tvil om. Men med tidlegare erfaring frå utveksling på vidaregåande vart dette semesteret ei oppfrisking av dei gamle kunnskapane og ei vidare utvikling av eit meir fagleg ordforråda. Eg starta semesteret i august med ein månads språkkurs ved Alliance Francais Paris île de France. Dette kurset anbefaler eg sterk for andre som ønsker å studere i Frankrike, ikkje berre fordi kurset var bra og Paris er ein fin og spennande by. Men fordi eit kurs er eit «smooth start» inn i den nye realiteten. I løpet av månaden i Paris gjekk eg opp eit språknivå og fekk vende meg til dei kvardagslege normene i Frankrike. Eg lærte alt frå kva butikk ein må gå på for å finne økologisk såpe eller strømpebukser, til korleis flyktningar overlev på kaia til Canal st. Martin. Og ikkje minst møtte eg andre studentar som òg skulle på utveksling. Det er lett å melde seg opp til språkkurs ved Alliance Francais, dei er sertifiserte og finnest over heile verda. Ein må betale opp mot 10 000 kr for ein månad, men med støtte frå Lånekassa til språkkurs får ein nok til å både betale avgifta og til å leve i Paris.
I løpet av semesteret tok eg eit oppstartskurs den første veka, og eit fag i fransk for utanlandske (Francais Langue Etrangere, FLE). Desse gav for så vidt eit godt grunnlag for dei andre faga eg tok, og vi lærte avansert grammatikk som kom til hjelp når eg skulle skrive oppgåver. Men eg lærte nok mest Fransk av dei andre faga eg tok, og i møte med folk. Eg innsåg nok ikkje kor mykje eg hadde lært og kor stor forbetringa mi var før eg på slutten av året las til eksamenar og difor såg igjennom notater frå starten av semesteret. Då eg retta dei latterlege feila eg gjorde dei første vekene og samanlikna korleis eg skreiv då med korleis eg skreiv i oppgåver på slutten var det klart at eg hadde lært ein del.
Fag/Emner
Ettersom bacheloren i internasjonale miljø og utviklingsstudier tillèt frie emner det femte semesteret valgte eg å følge studiene i sosiologi og antropologi ved UPJV. Eg fekk etter kvart vite at eg var fri til å velge dei faga eg ville utan å måtte følgje læringsplanen slik som dei franske studentane på tredje året av bacheloren i sosiologi. Så difor endra eg nokre av faga eg hadde planlagt å ta. Eg endte likevel opp med mest fag innan antropologi i tillegg til eit fag i filosofi og eit språkfag. På dette universitetet var organiseringa av ECTS veldig annleis enn på NMBU. Dei fleste faga eg tok var 3 ECTS og inneheldt to forelesningar i veka samt ei innlevering og ein eksamen. Eg måtte i løpet av semesteret ta ni fag, noko som vert mykje i forhold til dei tre faga per semester eg var vand med frå Noragric. Men det gjekk bra likevel, forelesarane mine var alle veldig hyggelege og forståelsesfulle når det kom til mine manglande språkkunnskapar.
Ettersom bacheloren i internasjonale miljø og utviklingsstudier tillèt frie emner det femte semesteret valgte eg å følge studiene i sosiologi og antropologi ved UPJV. Eg fekk etter kvart vite at eg var fri til å velge dei faga eg ville utan å måtte følgje læringsplanen slik som dei franske studentane på tredje året av bacheloren i sosiologi. Så difor endra eg nokre av faga eg hadde planlagt å ta. Eg endte likevel opp med mest fag innan antropologi i tillegg til eit fag i filosofi og eit språkfag. På dette universitetet var organiseringa av ECTS veldig annleis enn på NMBU. Dei fleste faga eg tok var 3 ECTS og inneheldt to forelesningar i veka samt ei innlevering og ein eksamen. Eg måtte i løpet av semesteret ta ni fag, noko som vert mykje i forhold til dei tre faga per semester eg var vand med frå Noragric. Men det gjekk bra likevel, forelesarane mine var alle veldig hyggelege og forståelsesfulle når det kom til mine manglande språkkunnskapar.
Innleveringane var oftast på ca 4 sider og det var vanleg å måtte skrive samandrag av tekstane i kompendium. Eg hadde spesielt to veldig spennande oppgåver på slutten av semesteret. Ei i «gender» og ei i visuell antropologi der eg fekk velge problematikk sjølv. Elles var innleveringane små og konkrete. Eksamenane var også ganske likt. Den lengste eksamenen min var på to timar og spørsmåla krev ikkje den utdjupinga eg har blitt vand med på NMBU. Mange av mine andre Erasmus vennar på universitetet fekk tilbod om å avhalde munnleg eksamen pga. av språkvanskar og eg er sikker på at eg også kunne fått denne tilrettelegginga om eg hadde ønska det. I tillegg til faga i antropologi fekk eg igjennom universitetet moglegheita til å ta Yoga timar og delta i ein kunst verkstad. I desse timane fekk eg større moglegheit til å bli kjend med folk og skape ei kjensle av tilhøyrsle. Tilboda var ikkje heilt lette å finne tak i men når ein først fann dei var det enkelt å delta.
Bolig
Picardie er ein av dei fattigare delane av Frankrike (Ja Frankrike har relativt fattige områder!) noko som viser igjen på fasilitetane til universitetet. Undervisningsromma er ikkje heilt nyoppussa men funksjonelle og mindre klasserom til mindre klasser fungerte veldig bra. Eg budde på studentbolig og delte kjøkken med andre studentar, der mange også var på Erasmus, noko som var veldig sosialt og kjekt, sjølv om bygget og romma ikkje var i beste kvalitet. Campus på UPJV er delt opp i sør og nord, der den nordlege delen er i sentrum (rett ved katedralen og elva Somme) medan eg hold til i den sørlege delen eit stykke frå sentrum. Mitt campus hadde både kantine og restaurant, men lite vegetarmat og mykje frityr, så saman med andre Erasmus studentar gjekk vi ofte heim midt på dagen for å lage oss lunsj. Anna enn kantine og restaurant (som hadde ei «fastfood» stemning) var der ikkje mange plassar å møte folk og slå av ein prat anna enn framfor kaffi automatane og i røykeområda. Dette er kanskje det eg sakna mest på UPJV, da det ikkje var nokon plass å henge når det regna (noko det gjorde ofte). Elles ligg Amiens litt over ein time med tog frå Paris, litt under ein time frå Lille og ca ein halv time frå havet. Byen har Frankrikes største katedral og elva Somme som renn igjennom byen har skapt eit nettverk av små øyer som tidlegare vart brukt til jordbruk (hortillionages). Byen har fleire store parkar, økologiske marknader og urbane hagar som ein kan nyte på våren, sommaren og hausten. Frå november og ut desember etablerast eit stort julemarknad i sentrumsgata og sjølv om det vert kaldt og regnar litt er det alltid folk i gatene. Elles har byen fleire kinoar og theater, som arrangerer ulike festivalar i løpet av året. Mykje sosialt og kulturelt skjer heile tida, og studentar får oftast spesialtilbod slik at det ikkje skal bli så dyrt, Amiens er verkeleg ein studentby.
- Eg er veldig glad for at eg reiste på utveksling
dette semesteret. Eg har lært mykje både språkleg og fagleg. I tillegg har eg
blitt kjend med mange spennande menneskjer frå heile verda, som eg gler meg til
å reise å besøke. Eg anbefaler verkeleg alle å dra på utveksling for å lære å
leve i eit anna land og ein anna kontekst, og for å få nye synsvinklar på
studiet. Eg er også veldig fornøgd med faga eg fekk ta i Amiens, og trur desse
kjem til å ha mykje å seie vidare i studiet mitt. Med det sagt synest eg ikkje
UPJV er eit vakkert universitet på linje med NMBU, og det er mykje ein kan seie
om den franske utdanningsmodellen. Så Ja, reis på utveksling, lær og opplev
noko nytt. Men vit at det vert annleis på godt og på vondt.
Var det
vanskelig å få de emnene du ønsket å ta?
- Ettersom eg dette semesteret kunne velge frie emner
var det ikkje noko vanskeleg å velge det eg ville. Det einaste problemet eg
hadde var å få tidsplanen med alle faga til å gå opp, og få nok ECTS utan å
drukne i arbeid.
Er du
fornøyd med den faglige kvaliteten på universitetet?
- PUJV er eit av dei anerkjende universiteta i
Frankrike når det kjem til utdanninga i sosiologi og antropologi. Eg er i alt
veldig fornøgd med den faglege kvaliteten samt den interessa foreleserane la i
studentane sitt arbeid.
Hvor
langt rakk midlene du fikk fra Lånekassen/Erasmusstipend?
- Midlene fra Lånekassa og
Erasmusstipendet rakk heile vegen. Utgiftene for både studentbolig
og mat er lave i forhold til i Noreg og samanlikna med andre Erasmus studentar
hadde eg meir enn nok å leve av.
Oppnådde
du det du ønsket ved å dra på utveksling?
- Eg føler verkeleg at utvekslinga i Amiens var ein
suksess og eg er fornøgd med både den språklege og faglege utviklinga eg har
hatt. Universitetet og emnene levde opp til forventingane eg hadde og det
sosiale samværet mellom dei internasjonale studentane samt nokre franske
studentar var veldig fint.
- Mari Hasle Einang
Stikkord: Frankrike, Université de Picardie Jules Verne, sosiologi og antropologi, Bachelor i internasjonale miljø og utviklingsstudier
Stikkord: Frankrike, Université de Picardie Jules Verne, sosiologi og antropologi, Bachelor i internasjonale miljø og utviklingsstudier
Comments
Post a Comment