Hei,
eg heiter Astrid, og det siste året har eg vore på
utveksling på Universidad Politecnica de Valéncia. På NMBU studerer eg Energi-
og miljøfysikk.
-
Er
du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å
gjøre det samme?
Ja, eg er nøgd
med utvekslingsopphaldet. Året i Valencia har vore veldig spennande: eg har
møtt mange, reist mykje og lært mykje. Eg vil anbefale andre å dra på
utveksling til UPV, men ein må vere førebudd på at det er vanskeleg i starten.
- Var
det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta?
På det
fakultetet eg studerte på var det veldig vanskeleg å finne emne eg kunne ta. Eg
fann nokre der, og nokre på eit anna fakultet, men eg klarte ikkje å finne nok emne.
Dei første vekene brukt eg på å finne emne eg kunne ta, og det var mange emne
eg tenkte at eg skulle ta før eg drog som eg ikkje tok.
-
Fikk du godkjent alle emnene dine da du kom
hjem?
Eg har søkt om
godkjenning, men ikkje fått svar enno. Eg trur dei fleste blir godkjende.
-
Er du fornøyd med den faglige kvaliteten på
universitetet?
Den faglege
kvaliteten endra seg mykje frå emne til emne, og mellom dei ulike fakulteta,
men alt i alt var den bra. Nokre emne var veldig vanskelege, og andre var
veldig lette, og det var ingen samanheng mellom studiepoeng og kor vanskeleg
emnet var. I mange emne hadde vi ikkje bøker, men berre eigne notat og Power
Point-er.
-
Hvor langt rakk midlene du fikk fra
Lånekassen/Erasmusstipend?
Eg hadde nok penger til å leve godt
og reise mykje.
-
Oppnådde du det du ønsket ved å dra på
utveksling?
Ja, eg oppnådde det eg
ville. Mitt hovudmål var å bli flink nok i spansk til å snakke det flytande, og
det føler eg at eg har fått til.
Beste helsing,
Astrid Myren
Comments
Post a Comment