Under utvekslingsoppholdet mitt frå februar til slutten av juni,
studerte eg ved Radboud Universiteit. Faga eg tok ved Radboud var;
-
Climate Crisis (FTR-FTR201)
-
Natural Resources, Conflict and Governance (MAN-CI45)
-
Numerical Methods for PDEs (NWI-WB109)
-
Object Oriented Programming (NWI-IPI005)
Ved starten av semesteret var det merkbart at det er mykje meir
obligatorisk arbeid enn det ein har ved NMBU. Semesteret var også delt opp i to
delar, der «Natural Resources» varte berre til første halvdel av semesteret,
dermed var det litt stressande fag å ta med tanke på antall innleveringar og
forelesningar som skal presses gjennom på så kort tid. Faget var derimot veldig
lærerikt.
«Numerical Methods for PDEs» og «OOP» hadde innleveringar kvar veke. I
«OOP» måtte ein stå alle innleveringar for å kunne gå opp til eksamen.
Programmeringsspråket var i Java. Sjølv om eg har hatt OOP i INF200, så var det
utfordrande nok å prøve å kode i Java. «Numerical Methods for PDEs» anbefalast
ikkje, med mindre ein er veldig glad i matte. Det er mykje arbeid, og bratt
læringskurve viss ein ikkje er godt kjent med partielle differensiallikningar.
«Climate Crisis» er eit veldig fint fag med ein ganske god forelesar.
Det er nokre få innleveringar, og ganske greitt fag å ta om ein ynskjer eit
enkelt, men interessant fag.
Det har ikkje vore obligatorisk oppmøte i nokon av faga, utan om
gruppepresentasjon i «Natural Resources». I «OOP» er det mogleg å jobbe i
gruppe med ein annan person, men også lov å jobbe åleine.
Generelt er det akademiske nivået ved Radboud ganske høgt, så ein må
vere forberedt på å måtte jobbe ein god del med pensum dersom ein ynskjer å stå
alle fag.
Grunnen til at eg velde å reise på utveksling var hovudsakleg for å
utfordre meg sjølv, og sette meg i ein meir ukomfortabel situasjon. Etter
slutten på utvekslingsoppholdet har eg fått oppleve meistring og stoler meir på
meg sjølv og mine evner. Eg har også blitt meir komfortabel rundt fremmande, og
hadde utruleg gode venner i kollektivet. Ein anna grunn for å reise på
utveksling var for å få meir CV-mat.
Bustadsituasjonen var eg ganske heldig med, sida eg eigentleg skulle på
utveksling til Radboud året før, men utsette på grunn av covid-situasjonen. Dermed
var eg allereie i systemet til Radboud, som sikkert gav meg ein prioritet når SSH&
(Studentbustad firma) skulle dele ut rom til utvekslingsstudentar. Men det eg
har høyrt er at det er vanskeleg å få bustad i området rundt campus, og
SSH& har langt ifrå nok rom til alle studentane ved Radboud. Ein må vere
forberedt på å finne noko privat. Prisene er og ganske like som i Ås. Eg budde
i 12 mannskollektiv og betalte 430euro/månad.
Campus er veldig stort sida Radboud består av forskjellige fakultet som
høyrer til universitetet, men også alle bygg som høyrer til
universitetssjukehuset. Det er mange kantiner, lesesalar og bibliotek. Det er
også eit veldig internasjonalt miljø på universitetet. Det venskaplege
fakultetet har romteleskop på taket, og har klart å ta bilde av eit sort hull.
Det er bra med idrett på campus også. Fasilitetane er veldig gode og det er
veldig mange idrettar og lag ein kan melde seg opp i. Eg var med på MMA trening
og nokre klatreøkter. Dessverre er ikkje klatrefasilitetane heilt de same som
på Eika, men det er i det minste noko. Dei trenarane er veldig profesjonelle,
og i styrkesalen er det alltid ein som kan hjelpe og gi råd dersom ein lurar på
korleis ein skal utføre øvelsar.
Sidan faga eg tok gjekk på engelsk, og dei eg budde med var også
utvekslingsstudentar, så gjekk det stort sett berre i engelsk. Folk i Nederland
er også ganske gode i engelsk, så eg har aldri hatt problem å kommunisere med
nokon. Det har vore fint å pusse litt på engelsken etter å ikkje ha brukt det
noko særleg.
Kortfatta
Er du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre
studenter å gjøre det samme?
Eg er ganske fornøgd med utvekslingsopphaldet. Det er berre
arbeidsmengda som trekker litt ned. Men eg anbefale å reise på utveksling.
Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta?
Det var ikkje vanskeleg å få plass på dei emna eg søkte om.
Fikk du godkjent alle emnene dine da du kom hjem?
Eg klarte berre å stå i Natural Resources og Climate Crisis. Eg vil
derfor anbefale å ikkje velje for vanskelege fag.
Er du fornøyd med den faglige kvaliteten på universitetet?
Den faglege kvaliteten er høg, og det er merkbart at studentane jobbar
hardt. Det er for så vidt bra.
Hvor langt rakk midlene du fikk fra Lånekassen/Erasmusstipend?
Midlene frå Erasmus og Lånekassen strakk akkurat nok for min bruk.
Oppnådde du det du ønsket ved å dra på utveksling?
Målet mitt var hovudsakleg å utfordre meg sjølv, og eg følar at eg har
klart det, og fått ein meistringsfølelse. Dermed oppnådde eg det eg ønsket.
«Stikkord: Nederland, Radboud Universiteit, Frie fag, Miljøfysikk»
Comments
Post a Comment