Hei! Eg heiter Eirunn og valte å reise på utveksling til Wien det 3. studieåret mitt på bachelor i bioteknologi. Her gjekk eg på BOKU (Die Universität für Bodenkultur) som låg plassert litt utanfor sentrumskjernen i Wien. BOKU minner litt om NMBU, både i utsjåande med fleire gamle, flotte bygg, og fagmessig, då dei fokuserer mykje på natur, miljø og landbruksfag.
På BOKU er
det vanleg å få 2-3 studiepoeng per fag, noko som gjer at ein må ta ganske
mange fag for å nå 30 sp per semester. I løpet av 2 semester ende eg opp med å
ta eksamen i 17 fag, noko som gav med 43 studiepoeng totalt. Eg hadde heldigvis
20 sp til gode frå NMBU og er veldig glad for det, då det å ta 60 sp på BOKU
fort kunne blitt mykje arbeid. Når det er sagt hadde eg eit mykje meir avslappa
forhold til eksamenane der enn på NMBU. I fleire av faga var den einaste
vurderinga t.d. å halde ein 15-20 min. presentasjon, lever labrapport eller
skrive ei kort semesteroppgåve. Fleire fag hadde og frå starten av sett opp
fleire eksamensdatoar, slik at ein kunne melde seg opp til den dagen som passa
best. På denne måten var det ikkje ein tydeleg eksamensperiode kor ein hadde
alle eksamenane samla.
Noko av
motivasjonen min for å reise på utveksling var å utfordre meg sjølv, både i
møte med eit annleis skulesystem, og med ein ny kultur og nye folk. I tillegg
valte eg å reise til Austerrike, då eg har hatt 5 år med tysk på skulen og
hadde lyst å få brukt det til noko. Eg ende opp med å ta dei fleste faga på
engelsk, men via BOKU kunne me melde oss opp til eit Tandem Learning program.
Målet med det er at to personar møtes med jamne mellomrom for å lære kvarandre
sine språk. Her kom eg i kontakt med ei austerrisk jente som ville lære seg
litt norsk, og me blei etter kvart gode venninner. Ho inviterte med til og med
heim på besøk hjå familien i påsken, som var veldig koseleg.
Eg fann
bustad på den private marknaden gjennom ei nettside som heiter www.wg-gesucht.de. Skal ein finne ein stad gjennom
WG-gesucht må ein ha litt tolmod og nok helst vere ute i litt god tid. Eg hadde
mest lyst å bu i eit kollektiv med fleire andre folk, og fant til slutt ein
leilegheit me fire andre. Det var eit veldig internasjonalt kollektiv, med
berre ein austerrikar der. Leilegheita i seg sjølv var ikkje den finaste, men
det fungerte greitt. I tillegg var den veldig billig, berre 320 Euro, og den
låg i gåavstand til bioteknologiavdelinga til BOKU. Skulle eg til hovudcampus
var det heller ikkje meir enn ca 25 min å gå, men då tok eg vanlegvis bussen.
Under så
å seie heile opphaldet mitt i Wien var det ein del koronarestriksjonar, blant
anna på universitetsområdet. Dette gjorde at eg ikkje oppheldt meg så mykje på
skulen, og blei dermed ikkje så godt kjent med dei ulike fasilitetane, som
lesesal, bibliotek osv. Dei gongene eg sat på skulen å leste sat eg stort sett
i kantina, som fungerte heilt fint. Spesielt når ein sat i lag med andre, slik
at ein kunne snakke og samarbeide.
Når ein
kjem til Wien er det ein del papirarbeid som må ordnast. Først må du fylle ut
noko som heiter Meldezettel, for å registrere at du har flytta til byen. Denne
tek du med deg til magistratkontoret i den bydelen du bur i, slik at dei får
lagt alt inn. Dette skal i teorien gjerast seinast 3 dagar etter at du flytta
inn, men eg fekk ikkje booka time før ca. 2 veker seinare. Deretter må alle som
skal vere i landet i meir enn 4 månader få midlertidig opphaldstillating. Dei
fleste som berre reiste for 1 semester droppa å ordne med det då dei ikkje
skulle vere så mykje lenger enn dei 4 månane, men eg booka time for å få det
ordna. Der var det ein del papir eg måtte ha med, og det eine papiret var ikkje
gyldig og eg fekk beskjed om at eg kunne ettersende dette på mail. Dette gjorde
eg i mars, og innan eg reiste i slutten av juni hadde eg ennå ikkje fått noko
svar på søknaden min. Så ting kan ta tid!
Alt i alt
er eg veldig nøgd med utvekslingsopphaldet og vil oppfordre alle som vurderer å
reise på utveksling til å gjere det. Eg har møtt mange kjekke folk og fått nye,
gode vener frå mange land. Wien var og eit supert utgangspunkt for vidare
reising, og sjølv med koronarestriksjonar under deler av opphaldet har eg fått
vore i både Italia, Slovenia, Ungarn, Slovakia, Sveits og sjølvsagt rundt forbi
i Austerrike. Minuset med BOKU er som nemnt at ein må ha mange fag for å fylle
opp 30 studiepoeng, så eg vil anbefale å prøve å få tatt nokre ekstra fag på
NMBU før du reiser ut, slak at du har litt å gå på. Elles fekk eg godkjent alle
faga mine då eg kom tilbake, og studierettleiarane er veldig hjelpsame med å
ordne eventuelle problem som måtte oppstå. Økonomisk gjekk det fint med midlane
frå lånekassen og erasmusstipendet. Wien er nok ikkje den billigaste byen ein
kan studere i, men generelt er prisane på det meste lågare enn i Noreg uansett.
Wien har også eit rikt kulturtilbod og mykje ein kan finne på, så eg kan
absolutt anbefale Wien som studentby!
Donauinsel
Hausttur til Hallstatt
Bledsjøen
Comments
Post a Comment