Namn: Hanna Lien Reksnes
Studieretning og fakultet: By- og regionplanlegging,
LANDSAM
Utvekslingsperiode: September 2023- Januar 2024
Etter to veker med
interrail på fastlandet landa vi på Sardinia 1.september, ein månad før
studiestart. No skulle vi ha ein månad ferie på øya i Middelhavet og nyte
sommarvarmen før semesteret starta. Saman med Lars Osmundsen frå klassa mi
skulle vi vere dei første frå NMBU til å studere ved Universitetet på Cagliari.
Vi var spente på kva som venta oss. Det viste seg at vi var dei einaste norske
utvekslingsstudentane i Cagliari.
Eg ordna bustaden før eg
kom til Sardinia gjennom utleigefirmaet "Stanza Semplice". Alt i alt
er eg nøgd med kvaliteten på bustaden. Vi var dei første av 12 Erasmus-studentar
som skulle bu i kollektiv ilag. Utover i September kom fleire og fleire av vår
«flatmates». Sjølvsagt var eg spent på korleis det skulle vere å bu med 11
andre studentar, men viste seg å vere det beste valet eg gjorde. Eg budde saman
med studentar frå Spania, Tyskland, Frankrike og Portugal. Som ein stor familie
gjekk vi gjennom dette semesteret saman. Vi reiste på turar ilag, arrangerte
festar, hadde middagsselskap og mykje, mykje meir. Eg har truleg fått venner
for livet.
Universitetet i
Cagliari var dessverre litt skuffande, spesielt i samanlikning med standarden
ved NMBU. Det var vanskeleg å få timeplanen til å gå opp med dei faga eg i
utgangspunktet ønskte å ta. Dei fleste Erasmus-studentane eg snakka med hadde
same problemet med at faga overlappa. Eg enda opp med fag som Environmental
Planning, European Integration, English language and communication skills, og
Spatial Tourism Data Analysis. Dessverre møtte eg utfordringar med kvaliteten
på undervisninga, som var lågare enn det eg var vant med på NMBU. Professorane viste
seg ikkje alltid å vere like profesjonelle, og eg opplevde at standarden på
undervisninga varierte betydeleg mellom faga. Det var sjølvsagt skuffande, men
samtidig lærte eg å tilpasse meg ulike undervisningsmetodar og professorar.
Sjølv om universitetet i
Cagliari ikkje møtte mine forventningar, er eg likevel utruleg nøgd med valet
om å reise på utveksling. Opphaldet på øya har gitt meg eineståande opplevingar
og minner for livet. Eg har fått sjansen til å utforske kulturen på nært hald,
knyte sterke venskapsband som vil vare livet ut, og utvide mine eigne
horisontar. Eg fekk moglegheita til å forbetre mine språkkunnskapar gjennom
dagleg kommunikasjon med internasjonale venner og lokalbefolkninga. Alt i alt
har dette opphaldet bidrege sterkt til mi personlege vekst, og eg ser tilbake
på det med stor takksemd og glede.
Er du fornøyd med
utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å gjøre det
samme?
Ja, alt i alt er eg svært fornøgd med utvekslingsopphaldet
mitt.
Var det vanskelig å få de emnene du
ønsket å ta?
På grunn av overlapp var det vanskeleg å ta dei emna
eg ville.
Fikk du godkjent alle emnene dine
da du kom hjem?
Ja, det gjorde eg.
Hvor langt rakk midlene du fikk fra
Lånekassen/Erasmusstipend?
Midla eg fekk frå
Lånekassa og Erasmusstipendet har vore til god nytte. Det er litt opp til ein
sjølv kor mykje pengar ein brukar på utvekslingsopphaldet. Eg prioriterte å
reise mykje under opphaldet mitt, noko som gjorde at eg brukte meir pengar enn
det eg fekk i stipend og lån. Likevel vil eg påstå at det er godt mogleg å
holde seg under denne summen.
Oppnådde du det du ønsket ved å dra
på utveksling?
Ja. Eg hadde ei fantastisk tid på utveksling.
Stikkord:
Italia, Cagliari, By- og regionplanlegging
Comments
Post a Comment