Hoi! Eg heitar Alexander Auestad
og har hatt den store gleda av å dra på utveksling til Wageningen University
and Research (WUR) i Nederland, hausten 2024 og fram til januar 2025.
Utvekslingsopphaldet mitt var ila 3. året på integrert master i Matvitenskap.
Fag/Emner:
Eg valte emne basert på
interesse, ettersom eg ikkje hadde nokre fag som måtte tilsvara liknande emnar
her på Ås.
Emna eg valte var:
·
Introduction to
Global Nutrition & Health:
Dette faget var eit masterfag,
med stor vektlegging på gruppearbeid. Var ein lærerik måte å fordype seg i eit
viktig tema, og trong ikkje mykje meir forkunnskap enn det eg allereie hadde
frå emna tidlegare på Ås. Gruppearbeid og eksamen var vurderingsgrunnlaget for
karakter. Gruppearbeidet krevde del-innleveringar for kvar veke, som var deler
av det som vart den endelege presentasjonen.
·
Molecular Gastronomy
Masterfag. Var utruleg gøy
“practical”, der me var på kjøkken og fekk lov til å testa ut mykje av teorien
me lærte i forelesing. Var krevjande eksamen, og anbefale å ha meir forkunnskap
i det som er tilbudt som “Food Physics” på WUR. Eksamen til sluttvurdering.
·
Food Culture and Customs
Veldig artig fag! Mykje
diskusjon og gruppearbeid. Var eit “social studies” fag, som var litt annleis
enn det eg var vane med. Lærte mykje som kan bli nytta til diskusjon om mat og
matkulturar. Mykje lesing for å forberede seg til forelesing og “practicals”. Kvar
veke var det krav om å levere inn
“reading journals” basert på det temaet som var den veka. Vurderingsform: 50%
vektlegging på “reading journals” og siste 50% eksamen.
·
Food Allergy and
Intolerances
Eit viktig fag der me lærte i
stor detalj om allergi og intoleranse av mat ++. Lærerikt og veldig bra satt
opp fag. Hadde lab i ei veke, 2 dagar digitalt og 3 dagar på sjølve laben.
Hadde og tutorials og case studies som vart gjennomført, alt etter alle
forelesingar var gitt. Hadde ein eksamen til slutt i to delar: Immunology og
Food Chemistry. Anbefale litt immunologi forkunnskap, sidan dette vart gått
gjennom raskt og er mogleg at ein treng litt tid på å fordøye de kunnskapane.
·
Food Digestion: Fermentation
and Gut Health
Intenst fag i heile januar.
Mykje gruppearbeid i emnet, med presentasjon. Hadde også ei veke på lab. Mykje
teori og praktisk arbeid som gav stort utbyte. Levert presentasjon, lab-journal
og eksamen vart samla som vurderingsgrunnlag for karakter.
Personleg utvikling:
Eg valte å dra på utveksling for
å kunne oppleve noko nytt, og nytta moglegheita NMBU gir til å utforske verda.
Eg ønskja å få erfaring frå eit anna universitet med god kompetanse i mitt
fagområde, og sjølvsagt å få nye venner og lære meir om andre kulturar. Eg trur
det å ha vert på utveksling vil alltid vere ein god erfaring, både for
personleg utvikling og i jobb-samanheng. Eg ville ut av komfortsona mi og lære
meir om meg sjølv.
Bolig:
Under mitt opphald så budde eg
på studentbolig, som eg fann ved hjelp av Facebook-sider: “Wageningen Student
Plaza” og “Wageningen Student Housing”. Eg prøvde å få bolig på ROOM.nl, men
det var krevjande å få gjennom den nettsida. I Nederland opplevde eg at det er
veldig vanlig å hoste det som ein kallar ein “hopsi”, der dei som allereie bur
i eit kollektiv snakkar med ulike søkarar, og veljar ut i frå søkarane kven som
skal få flytte inn. Så her er det berre å vere frampå! Eg sendte ein mail til
nokon som hosta ein hospi, og vart kalla inn til møte. Det er berre å vere seg
sjølv og vere ærleg!
Boligene er generelt meir slitt
og eg vil påstå at ein på senke standarden sin eit par hakk for å finne ein
stad å bo. Prisen er omtrent same som i Ås, eller litt dyrare.
Om universitetet:
UI GreenMetric World University
Rankings har kåra Wageningen University til det mest berekraftige universitetet
i verda fleire år på rad. Det merkes at universitetet har stort fokus på
berekraft. Ein fun fact: nesten kvar etasje i fleire bygg på campus har ein kaffimaskin,
som er veldig vanleg å nytte i pausane mellom forelesing, for både studentar og
forelesar!
Universitetet har mange nye bygningar med gode
fasilitetar som klasserom, grupperom, forelesingssalar, og meir. Laboratoria i
nokre av dei nyaste bygga er store og ein har god plass på laben. Universitetet
jobbar ein del med forsking tett opp mot bedrifter og det merkes når ein er på
campus, som er omringa av fleire relevante aktørar. Wageningen har ein god del
internasjonale studentar, som enten er der for eit semester eller to, eller
følgjer heile graden sin der. På campus er det moglegheit for å kunne kjøpe seg
mat og drikke frå restaurantar eller ein daglegvarebutikk. Det er også eit
treningssenter med svømmehall på campus, der ein kan melde seg inn og delta på
gruppetimer, og nytte seg av de andre fasilitetane der.
Språkutvikling:
Eg var veldig gira på å kunne
lære meg litt Nederlandsk, og meldte meg på eit Summer Intensive Course, som
varte 1 veke i tråd med In’to Languages via universitetet. Der lærte eg ein del
basiskunnskap om språket, saman med andre internasjonale. Det var altså ein fin
plass å bli kjent med andre internasjonale også! Ein kan også melde seg opp til
eit kurs som går ila semesteret. Dette var eit godt tilbod for dei som ønskjer
å lære språket. Eg prøvde aktivt å nytte språket, ved å snakke med dei eg budde
saman med, på butikken og marknaden og
bruke ein app som læreverktøy. Generelt er de fleste greie når ein prøvar seg,
og syns det er gøy at man lærar seg språket.
Er du fornøyd med
utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å gjøre det
samme?
Eg er meget fornøgd med
opphaldet. Det har vert lærerikt på alle moglege måtar, så eg anbefale på da
varmaste at ein tar steget ut av Noreg!
Var det vanskelig å få de emnene
du ønsket å ta?
Nei, det var veldig lett. Ved å
nytte “Study Handbook” via nettsidene til universitetet var det lett å få
oversikt over faga som var aktuelle, og eg fekk alle eg satt meg opp på.
Fikk du godkjent alle emnene
dine da du kom hjem?
Dette er ikkje aktuelt enda men
eg fekk forhandsgodkjent faga mine før eg drog.
Er du fornøyd med den faglige
kvaliteten på universitetet?
Ja, absolutt! WUR er eit veldig
bra universitet, har gode fasilitetar og ressursar. Det er eit universitet som
har stor fagleg kompetanse og jobbar tett med industrien og forskning!
Hvor langt rakk midlene du fikk
fra Lånekassen/Erasmusstipend?
Midler frå Lånekassen og
Erasmusstipend var meir enn nok.
Oppnådde du det du ønsket ved å
dra på utveksling?
Ja! Å bli kjent med nye folk og
å oppleve korleis eit anna universitet legg opp undervisning var noko av det eg
ønska ved å dra. Det er ein positiv erfaring eg vil for alltid ta med meg
vidare i livet!
Stikkord: Wageningen, Wageningen University &
Research, Nutrition & Health, Food Technology, Food Chemistry, Rural
Sociology, 3. året Matvitenskap
Comments
Post a Comment