Utveksling i Svergie – Mitt år på SLU & Uppsala
Eg hadde behov for eit miljøskifte og ein passelig utfordring. Eg var samtidig nysgjerrig på korleis naboen vår både oppfatter og handler på fram- & samtidsutfordringane i landskapsarkitektur. Eg ynskja å bli betre kjendt med Svergie, og korleis dei er annleis enn Norge. Korleis er det å vera ein del av EU, og ikkje vera ein oljenasjon?
Det var godt å bu i ein liten by, med vakre bygg, masse kafear og liv. Samtidig var fagleg kvalitet viktig for meg. Eg hadde inntrykk av at SLU sine kurs var både fremoverlente, nytenkjande og godt strukturerte. Eg ynskja å teste ut SLU sitt blokksystem. Eg ville sjå om å berre ha eit kurs om gongen ville gi meg meir arbeidsro og læring.
Fag og emner
Når man søker som utvekslingstudent på SLU, får man tilsendt ein katalog med kurs man kan søke på. Det er ikkje alle kurs på SLU sine sider som er tilgjengelig å søke på. Eg veit likevel at tidligare, norske utvekslingselevar har fått lov å ta svenske fag. Uansett! Eg tok 4 studiofag:
1)
Studio - Landscape architecture and water environments (15 poeng)
2)
Studio - Landscape architecture and sustainable urban design (15 poeng)
3)
Studio – Explorative methods to meet current societal challenges (15 poeng)
4)
Studio – Landscape architecture and urban ecology (15 poeng)
Det var ekstremt krevjande for meg mot slutten ved å ta 4 studiofag, så det var ikkje så lurt. Det var tydeligvis heller ikkje nødvendig, sidan man berre må ta i gjennomsnitt 20 studiepoeng per semester (men melde deg opp til 60), dermed er 40 studiepoeng på eit år nok for å ha krav på Erasmus-stipendet (dobbeltsjekk dette med SiT).
Eg synst likevel at alle faga var ekstremt lærerike og spennande. Eg opplevte at kursa var godt bygd opp med mykje teori (egenlesing, forelesning, seminarer, småoppgåver og befaringer) først, som man prøver å anvende inn i ein større oppgåve seinere, utan «nytt» påfyll som eg opplev kan vera forstyrrande. Det var også ein tydelighet på kvar man skulle være i den kreative prosessen til kvar tid, som for meg gjorde det lettere å fatte beslutninger og få framdrift i prosjekta.
Det var hyppigare framvisningar med medstudenter og vegleiarar, og færre store presentasjonar. Eg synst spesielt at kurs nr. 3 var ein spennande måte å lære om kor kreative metoder me kan ha i landskapsarkitektur. Eg opplevte også at oppgåvene var svært opne, og at det blei motivert til å tørre teste ein ide og feile. Det blei og vektlagt openheit rundt skjøtselbehov, uløyste problemer og eventuelle konsekvenser ved forslaget.
Personlig utvikling
Etter å ha blitt godt etablert i Ås, var det utfordrande å byrje heilt på nytt att i Uppsala. Det har likevel gitt meg eit større internasjonalt nettverk, betre engelsk-kunnskaper og erfaring med samarbeid med både svensker og andre internasjonale. Det å være i eit heilt nytt miljø langt ut i studieløpet, har gitt meg meir forståelse av mine personlege og faglege styrker og svakheter. Eg har fått meir forståelse av korleis eg liker å arbeide, og kva som er meiningsfullt for meg. Det å få utbetalt størstedel av stipend tidlig haust har også gjort meg meir strukturert og økonomisk. Alt i alt vil eg sei eg er tryggare og meir målbevisst på kva eg vil etter året i Svergie!
Bolig
Når eg hadde søkt om studieplass på SLU, fekk eg tilbod om å stille meg i boligkø. Etterkvart fekke eg tilsendt ein katalog med oversikt over studentboligar ein kan leige.
Eg valte å bu i studentkorridor i nærleiken av sentrum, på den «historiske» sida av elva med vakre bygg og parkar. Dette gav meg moglegheit til å gå til og frå byen uten stress, og bli heilårssyklar til SLU (anbefalast sidan det er veldig god sykkelveg!!!). Bustaden min var i ei blokk med mange internasjonale studentar, som gjorde det til ein sosial og festglad plass! Rommet mitt var stort med utsikt til vakker solnedgang, og eg hadde eige bad uten dusj. Standarden var heilt okey, og det trengst litt kjærleik for å gjere det heimekoselig.
Etter eit halvt år med festglade studenter frå Europa kunne eg tenkt meg å flytte siden det var veldig lydt. Eg valgte å bli. Angra på at eg ikkje leiga eit rom privat i eit «Pettson och Findus»-style hus.
Om universitetet
SLU Ulltuna (det ligger ca. 4 km utenfor Uppsala) er eit moderne universitet med røtter i naturvitenskapen. SLU Alnarp har meir røtter i design og formgivning. Dette skjønte eg litt seint, og eg trur Alnarp kunne passa meg betre. Likevel synst eg det var fantastisk og kunne knytte forskning & vitenskap saman med designprosessen. Eg opplevte at det gav meir faglig tyngde og relevans i landskapsarkitektur, og eg skjønte meir kva landskapsarkitektoniske virkemiddel kan bidra med.
Som sagt var sjølve universitet moderne, luftig og lyst. Studiosalane er fancy datasaler med enkle påloggingsystem (Obs! Hugs å minne IT på at dei må legge deg til i felles lagrings-mappe), heve- og senkepult, forelesnings-moglegheit og «pin-up» veggar. Det er og egne forelesningsaler, grupperom, eit atelier, grovverkstad, og ikkje minst ei ordentlig godt studentkjøkken med ovn, kokeplate og masse mikroovner og sitteplasser både inne og ute.
Eg synst den svenske arkitekturen (gjennomtekt og jordnær) kom godt fram på universitetet. Likevel var det uttrykt misnøye om at det var for lite plass til å være kreativ på måter som tar opp plass, som eg kan være einig i. Det kan lett bli eit «PC-fokus», sjølv om forelesarane oppfordra til enkle & raske håndskisser og tegneprosesser.
Språkutvikling
Mine kurs var på engelsk, og det var kult å kjenne kor mykje tryggare og betre eg blei på engelsk gjennom fag og venner. Ellers virker det som svenskene er veldig glad i norsk språk. Det var digg å være ein all-rounder, som kunne forstå både svensk og engelsk. Likevel var svensk overraskande vanskelig til tider, så man fikk likevel trene på å ikkje alltid henge med i språket, og rydde opp i misforståelser. Det tyngste med å snakke andre språk er vell at sin egen humor og personlighet ikkje kjem hundre prosent fram. Man føler liksom ikkje at man får vist kor morsom man er, hehe.
Studenvisum
Det var ganske lettvint å ta utveksling i Svergie som norsk student. Man må bare berekne tid til Erasmus-avtale, bolig osv. Det kan være aktuelt å søke om et svensk id-nummer når man skal bu under ett år. Då trur eg man kan bruke Swish (svensk vipps) og det blir enklare med prosesser som krev eit id-nummer. Eller ikkje. Det har gått fint utan og. Men pass på å få svensk student-id i Mecenat appen. Eg var norsk og naiv og tenkte student-id frå NMBU var nok for å få studentpris på tog. Var visst ikkje det.
Alt i alt
Uppsala er ikkje ein stor by, men har eit mangfold av moglegheiter. Du kan ha eit friluftsliv-semester/år, med svensk skoger og skjærgård. Du kan ha eit Stockholm-år, enten man drar inn kvar helg eller veljer å pendle inn til Uppsala. Du kan leve dag og natt på kafear, biblotek og nationar i Uppsala. Du kan melde deg på kurs i keramikk, dans, teater. Du kan gå på skøyter, ski, sykle, ri. Nokon synst kanskje det er rart at man reiser til Svergie frå Norge, men det er viktig å ikkje gløyme at Svergie er eit anna land, ein anna kultur, eit anna språk – som mange andre europearer reiser til. Det å møte så mange frå Tyskland, Østerrike, Nederland, Frankrike osv. gav meg eksempel økt forståels for at det er ikkje alle sosiale bærekraftspørsmål som er like relevante i ein nordisk kontekst.
Man får liksom litt påfyll av Europas kultur og perspektiv gjennom dei andre utvekslingstudentane og. Det å få internasjonale vennskap i ei uroleg tid, kjennes godt. Og ikkje minst; Uppsala er vakkert. Man går liksom ikkje lei av å sykle mellom Uppsala slott, Carolina Rediviva og Botanisk hage kvar morgon.
Masse lykke til deg som vurderer utveksling – det blir nok vakkert, vanskelig og verdt det <3
Klem frå Hanne
Rosa atmosfære over Uppsala
Er du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å gjøre det samme?
Ja, det vil eg. Man vokser veldig som person, sjølv om man kanskje ikkje merker det før i ettertid. Å se verden fra andre internasjonale sine perspektiv er interessant.
Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta?
Nei. Trur og man får fortrinn sidan man er på utveksling.
Fikk du godkjent alle emnene dine da du kom hjem?
Ja. Det var lett å få dekket masterfag og relevante fag.
Er du fornøyd med den faglige kvaliteten på universitetet?
Ja. Eg føler og dei ynskjer å ta vare på studentene sine, og motiverer til å unngå perfeksjon. På masternivå ser dei på studentene som kollegaer.
Hvor langt rakk midlene du fikk fra Lånekassen / Erasmusstipend?
De dekka en studentkvardag med meir kos og investeringer i sykkel, tegnesaker, studieturer med overnatting, lunsjer på Logen & dansekursx3. Det var godt å kunne ta ein ordentlig sommerferie og leve meir på Erasmus-stipendet framfor opptjente penger.
Oppnådde du det du ønsket ved å dra å utveksling?
Ja, faglig påfyll og kvalitet, miljøskifte, nye vennskap, perspektiv og tryggere på meg sjølv.
Comments
Post a Comment