Skip to main content

Utveksling ved Université de Picardie Jules Verne i Frankrike, erfaringsrapport

Målet med utvekslinga mi var hovudsakleg å forbetre Fransk kunnskapane mine og utforske akademisk Fransk for å få moglegheita til å ta høgare studier eller arbeide på Fransk i framtida. Dette målet har eg nådd.


Fransk er eit vanskeleg språk, det er det ikkje tvil om. Men med tidlegare erfaring frå utveksling på vidaregåande vart dette semesteret ei oppfrisking av dei gamle kunnskapane og ei vidare utvikling av eit meir fagleg ordforråda. Eg starta semesteret i august med ein månads språkkurs ved Alliance Francais Paris île de France. Dette kurset anbefaler eg sterk for andre som ønsker å studere i Frankrike, ikkje berre fordi kurset var bra og Paris er ein fin og spennande by. Men fordi eit kurs er eit «smooth start» inn i den nye realiteten. I løpet av månaden i Paris gjekk eg opp eit språknivå og fekk vende meg til dei kvardagslege normene i Frankrike. Eg lærte alt frå kva butikk ein må gå på for å finne økologisk såpe eller strømpebukser, til korleis flyktningar overlev på kaia til Canal st. Martin. Og ikkje minst møtte eg andre studentar som òg skulle på utveksling. Det er lett å melde seg opp til språkkurs ved Alliance Francais, dei er sertifiserte og finnest over heile verda. Ein må betale opp mot 10 000 kr for ein månad, men med støtte frå Lånekassa til språkkurs får ein nok til å både betale avgifta og til å leve i Paris.

I løpet av semesteret tok eg eit oppstartskurs den første veka, og eit fag i fransk for utanlandske (Francais Langue Etrangere, FLE). Desse gav for så vidt eit godt grunnlag for dei andre faga eg tok, og vi lærte avansert grammatikk som kom til hjelp når eg skulle skrive oppgåver. Men eg lærte nok mest Fransk av dei andre faga eg tok, og i møte med folk. Eg innsåg nok ikkje kor mykje eg hadde lært og kor stor forbetringa mi var før eg på slutten av året las til eksamenar og difor såg igjennom notater frå starten av semesteret. Då eg retta dei latterlege feila eg gjorde dei første vekene og samanlikna korleis eg skreiv då med korleis eg skreiv i oppgåver på slutten var det klart at eg hadde lært ein del.

Fag/Emner
Ettersom bacheloren i internasjonale miljø og utviklingsstudier tillèt frie emner det femte semesteret valgte eg å følge studiene i sosiologi og antropologi ved UPJV. Eg fekk etter kvart vite at eg var fri til å velge dei faga eg ville utan å måtte følgje læringsplanen slik som dei franske studentane på tredje året av bacheloren i sosiologi. Så difor endra eg nokre av faga eg hadde planlagt å ta. Eg endte likevel opp med mest fag innan antropologi i tillegg til eit fag i filosofi og eit språkfag. På dette universitetet var organiseringa av ECTS veldig annleis enn på NMBU. Dei fleste faga eg tok var 3 ECTS og inneheldt to forelesningar i veka samt ei innlevering og ein eksamen. Eg måtte i løpet av semesteret ta ni fag, noko som vert mykje i forhold til dei tre faga per semester eg var vand med frå Noragric. Men det gjekk bra likevel, forelesarane mine var alle veldig hyggelege og forståelsesfulle når det kom til mine manglande språkkunnskapar.

Innleveringane var oftast på ca 4 sider og det var vanleg å måtte skrive samandrag av tekstane i kompendium. Eg hadde spesielt to veldig spennande oppgåver på slutten av semesteret. Ei i «gender» og ei i visuell antropologi der eg fekk velge problematikk sjølv. Elles var innleveringane små og konkrete. Eksamenane var også ganske likt. Den lengste eksamenen min var på to timar og spørsmåla krev ikkje den utdjupinga eg har blitt vand med på NMBU. Mange av mine andre Erasmus vennar på universitetet fekk tilbod om å avhalde munnleg eksamen pga. av språkvanskar og eg er sikker på at eg også kunne fått denne tilrettelegginga om eg hadde ønska det. I tillegg til faga i antropologi fekk eg igjennom universitetet moglegheita til å ta Yoga timar og delta i ein kunst verkstad. I desse timane fekk eg større moglegheit til å bli kjend med folk og skape ei kjensle av tilhøyrsle. Tilboda var ikkje heilt lette å finne tak i men når ein først fann dei var det enkelt å delta. 

Bolig
Picardie er ein av dei fattigare delane av Frankrike (Ja Frankrike har relativt fattige områder!) noko som viser igjen på fasilitetane til universitetet. Undervisningsromma er ikkje heilt nyoppussa men funksjonelle og mindre klasserom til mindre klasser fungerte veldig bra. Eg budde på studentbolig og delte kjøkken med andre studentar, der mange også var på Erasmus, noko som var veldig sosialt og kjekt, sjølv om bygget og romma ikkje var i beste kvalitet. Campus på UPJV er delt opp i sør og nord, der den nordlege delen er i sentrum (rett ved katedralen og elva Somme) medan eg hold til i den sørlege delen eit stykke frå sentrum. Mitt campus hadde både kantine og restaurant, men lite vegetarmat og mykje frityr, så saman med andre Erasmus studentar gjekk vi ofte heim midt på dagen for å lage oss lunsj. Anna enn kantine og restaurant (som hadde ei «fastfood» stemning) var der ikkje mange plassar å møte folk og slå av ein prat anna enn framfor kaffi automatane og i røykeområda. Dette er kanskje det eg sakna mest på UPJV, da det ikkje var nokon plass å henge når det regna (noko det gjorde ofte). Elles ligg Amiens litt over ein time med tog frå Paris, litt under ein time frå Lille og ca ein halv time frå havet. Byen har Frankrikes største katedral og elva Somme som renn igjennom byen har skapt eit nettverk av små øyer som tidlegare vart brukt til jordbruk (hortillionages). Byen har fleire store parkar, økologiske marknader og urbane hagar som ein kan nyte på våren, sommaren og hausten. Frå november og ut desember etablerast eit stort julemarknad i sentrumsgata og sjølv om det vert kaldt og regnar litt er det alltid folk i gatene. Elles har byen fleire kinoar og theater, som arrangerer ulike festivalar i løpet av året. Mykje sosialt og kulturelt skjer heile tida, og studentar får oftast spesialtilbod slik at det ikkje skal bli så dyrt, Amiens er verkeleg ein studentby.





Er du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å gjøre det samme?
-    Eg er veldig glad for at eg reiste på utveksling dette semesteret. Eg har lært mykje både språkleg og fagleg. I tillegg har eg blitt kjend med mange spennande menneskjer frå heile verda, som eg gler meg til å reise å besøke. Eg anbefaler verkeleg alle å dra på utveksling for å lære å leve i eit anna land og ein anna kontekst, og for å få nye synsvinklar på studiet. Eg er også veldig fornøgd med faga eg fekk ta i Amiens, og trur desse kjem til å ha mykje å seie vidare i studiet mitt. Med det sagt synest eg ikkje UPJV er eit vakkert universitet på linje med NMBU, og det er mykje ein kan seie om den franske utdanningsmodellen. Så Ja, reis på utveksling, lær og opplev noko nytt. Men vit at det vert annleis på godt og på vondt.

Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta?
-     Ettersom eg dette semesteret kunne velge frie emner var det ikkje noko vanskeleg å velge det eg ville. Det einaste problemet eg hadde var å få tidsplanen med alle faga til å gå opp, og få nok ECTS utan å drukne i arbeid.

Er du fornøyd med den faglige kvaliteten på universitetet?
-     PUJV er eit av dei anerkjende universiteta i Frankrike når det kjem til utdanninga i sosiologi og antropologi. Eg er i alt veldig fornøgd med den faglege kvaliteten samt den interessa foreleserane la i studentane sitt arbeid.

Hvor langt rakk midlene du fikk fra Lånekassen/Erasmusstipend?
-    Midlene fra Lånekassa og Erasmusstipendet rakk heile vegen. Utgiftene for både studentbolig og mat er lave i forhold til i Noreg og samanlikna med andre Erasmus studentar hadde eg meir enn nok å leve av.

Oppnådde du det du ønsket ved å dra på utveksling?
-     Eg føler verkeleg at utvekslinga i Amiens var ein suksess og eg er fornøgd med både den språklege og faglege utviklinga eg har hatt. Universitetet og emnene levde opp til forventingane eg hadde og det sosiale samværet mellom dei internasjonale studentane samt nokre franske studentar var veldig fint.

 - Mari Hasle Einang

Stikkord: Frankrike, Université de Picardie Jules Verne, sosiologi og antropologi, Bachelor i internasjonale miljø og utviklingsstudier

Comments

Popular posts from this blog

LIVET I WIEN 2017-2018 - av Kaja Tellefsen Wivestad

Åpen, nysgjerrig og med litt for mye bagasje ankom jeg Schwedenplatz med flybussen, og var i Wien for første gang. Spent på hva det neste året ville bringe, med noen ønsker og mange spørsmål spaserte jeg over broen ved Donaukanal til leiligheten i 2. distrikt.
Jeg dro til Wien før universitetet startet. Jeg hadde funnet et privat språkkurs som varte fem uker, og hvor fire uker var kravet for å få språkstipend fra Lånekassen (dette fordi Universitetet, BOKU, kun tilbød et tre ukers kurs). Jeg hadde funnet meg en midlertidig leilighet via en Facebook-side med en arkitektur- og en filosofistudent. Leiligheten lå nær kanalen, var sentral, i et rolig nabolag med mange koselige kaféer og parker.
Matthias og Simona, som jeg bodde med, var vel de varmeste og beste menneskene jeg kunne møtt. De viste meg gladelig rundt til lokale skatter i byen; utekinoer, takterrasser og parker. De viste meg de beste sykkelrutene og inviterte meg til fester og middager med venner.
Språkkurset jeg gikk på var ar…

Erfaringrapport fra Wageningen, Nederland

Erfaringrapport fra utveksling i Wageningen, Nederland, høsten 2017. 

Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta? Jeg studerer matvitenskap og ernæring, og innen dette fagfeltet er det veldig mange emner å velge blant ved universitetet i Wagenignen, hvor de aller fleste undervises på engelsk. I utgangspunktet fant jeg emner som kunne erstatte alle fagene mine ved NMBU. Emneansvarlige ved NMBU var veldig medgjørlige, slik at man skulle kunne skrive en oppgave etter hjemkomst dersom emnet ikke kunne erstattes hundre prosent. Dette er tilfellet for ett av fagene jeg tar. Det man må være obs på er at ett emne kun går i én periode, enten som morning - eller afternoon course, og ved Wageningen er det seks ulike perioder. Jeg opplevde flere ganger da jeg skulle velge emner, at noen av de emnene jeg ønsket å ta, gikk i en annen periode. Men det er uansett vanskelig å ikke finne et interessant emne som kan erstatte noen av fagene ved NMBU.
Er du fornøyd med den faglige kvaliteten på univers…

Erfaringsrapport Lincoln University, New Zealand

Erfaringsrapport Lincoln University, New Zealand 






Fag/Emner:

-LASC 604 - Agricultural-Environmental landscape management
Erfaring: Spennende vinkling paa rural utvikling. Dyktig laerer med navn Simon Swaffield. Jeg laerte hvordan turisme, landskapsarkitektur og landbruk kan kombineres i planlegging.  Jeg sammarbeidet med andre studenter fra andre fagfelt som floy til New Zealand for aa delta paa kurset. Kurset var delvis nettbasert, resten bestod av et to ukers intensivt kurs med feltarbeid i August. Kurset var ferdig i August. Mye forvirring under gruppearbeidet, siden faa hadde faglig bakgrunn innenfor landskapsarkitektur/ byutvikling. Ville ikke tatt dette kurset igjen paa grunn av gruppearbeidet, siden det for det meste var jeg som matte fungere som laereren i gruppa. Resten av faget var straalende.
Eksamensform og antall: Muntlig presentasjon av gruppeprosjekt telte mest for karakteren. 
Innleveringer: 1. Individuell rapport fra feltkurs. 2. Alle leverte inn og presenterte en kort vid…

Hawaii Pacific University - Høst 2017

Erfaringsrapport, San Diego State University

Utveksling i Budapest

Høsten 2017 var jeg på utveksling i Budapest, ved Szent Istvan University. Her tok jeg mitt fjerde år på landskapsarkitektur.

Er du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å gjøre det samme?
Jeg er veldig fornøyd med utvekslingsoppholdet. Grunnen til at jeg valgte å dra til Budapest, er at jeg ville oppleve å bo i en europeisk storby etter 3 år i Ås. Budapest har jeg besøkt en gang tidligere, og hadde et veldig positivt inntrykk av byen. Passe størrelse, nydelig arkitektur, god atmosfære og stort internasjonalt miljø. Samtidig er byen fortsatt autentisk, og ikke ødelagt av for mye turisme som enkelte andre europeiske storbyer. Dette er en gøy by å være ung i, og jeg anbefaler Budapest på det sterkeste!











Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta? Ja, ettersom planen min var å ta masteremner fra det internasjonale MLA-programmet. Etter en uke på universitetet ble jeg meldt av alle fagene, og fikk beskjed om at disse ikke var åpne for erasmusstudenter (…

Erfaringsrapport fra Universitetet på Island

Hei!

Her kommer en erfaringsrapport fra mitt semester ved Universitetet på Island, Reykjavik.



Er du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å gjøre det samme? Jeg er veldig fornøyd! Utveksling er definitivt en fin måte å kombinere studier med å oppleve noe nytt. Derfor vil jeg absolutt anbefale andre studenter å dra på utveksling. Utvekslingsoppholdet gir en mulighet til å prøve nye ting, se et annet land og bli kjent med nye mennesker. Jeg håper på utveksling på masteren min og! Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta?
Nei, jeg fikk ta de fagene jeg ønsket, selv om det var fra ulike fakulteter. Ettersom jeg er bachelorstudent innen utviklingsstudier, og de ikke har et lignende program på bachelornivå på Haskoli Islands, fikk jeg velge fritt hvilke emner jeg ønsket å melde meg opp i, så lenge forelesningene ikke kolliderte. Ved mitt fakultet (Political Science) var studieveileder fleksibel og flink til å gjøre slik at jeg fikk mulighet til å …

Utveksling til Loyola Andalucia i Sevilla

Det å dra på utveksling er en utrolig fin måte på å utforske andre kulturer, land og ikke minst deg selv. Man lærer utrolig mye og får opplevd ting man kanskje ikke får gjort hjemme i Norge. Jeg har tidligere vært på utveksling to ganger og sitter igjen med mange gode opplevelser og følte en tredje utveksling i Sevilla ikke ville skuffe og det gjorde det heller ikke.

Fag/Emner
Jeg tok seks fag: 
«Human resource management»
«Economic Policy”
“Operation Management”
“Management Control”
“Corporate Finance”
“Economic Policy”

Det akademiske nivået var for min del hel greit, men det var mange i klassen som syntes disse fagene var utrolig vanskelige. Vi hadde oppgaver som skulle innleveres i alle fag, små prøver og midterms som var en del av karakteren man fikk i tillegg til en avsluttende eksamen. Den desidert beste faget i følge meg var «Economic Policy» med Umed Temurshoev. Han er utrolig dyktig og fagene hans er mye mer krevende enn de andre jeg hadde, men utrolig lærerikt.

Eksamene innholder både…

Smakebit som student i Europas kulturhovedstad 2017: Aarhus

Man trenger ikke å reise så langt for å komme seg ut av Norge-bobla og kaste seg ut i en litt annerledes verden. For mitt vedkommende var tanken om Danmark veldig fristende da jeg alltid har syntes det har vært”dejlig å være norsk i danmark”, og godt kunne tenke meg å flytte permanent til vårt kjære naboland. Valget falt ganske enkelt på Universitet i Aarhus som kunne friste som Europas kulturhovedstad i 2017. Hver høst arrangeres ”festugen” hvor hele byen blir omgjort til et ”gratis” festivalarrangement, og man til stadighet blir overrasket over ulike områder som har blitt omgjort til midlertidige utstillinger eller konsertarenaer.



Jeg er veldig fornøyd med valget om å dra på utveksling til Aarhus, og jeg vil absolutt anbefale andre å gjøre det samme. Byen bugner av koselige kafeer, museer, uteliv og muligheter for kreativ utfoldelse. Jeg studerer fornybar energi på 3. året, og var sulten på å lære mer om ”kulturen” innenfor vindenergi og hvordan et lite land som Danmark arbeider med …