Skip to main content

Eit semester i Aberystwyth


Eit semester i Aberystwyth

Mitt namn er Synnøve. Eg er 23 år gammal og går mitt tredje år som husdyrstudent ved NMBU. Hausten 2018 valde eg å tilbringe i Aberystwyth. Dette er ein historisk marknads- og hamneby ved kysten av Wales. Byen er lokalisert i eit vakkert landbruksområde med utsikt over havet og kort veg til Snowdonia National Park. Nedanfor har eg svart på spørsmål knytt til tida mi i denne byen. Eg håpar dette kan vere til både hjelp og inspirasjon for deg som vurderer eit semester i Wales.


Er du fornøgd med utvekslingsopphaldet ditt, og vil du anbefale andre studentar å gjere det same?
Å reise på utveksling inneber å vere aleine på ein ny stad. Utveksling inneber papirarbeid og det inneber å sette seg inn i eit system ein ikkje har kjennskap til frå før. Dette er erfaringar eg meiner er nyttige å ha med seg. Erfaringar eg ikkje ville vore forutan.  

Storbritannia har alltid fasinert meg grunna tradisjon og kultur knytt til landbruk og husdyr. Å studere i eit land der ein kan delta på husdyrauksjonar og husdyrutstillingar fleire gongar i veka, opplevde eg som fantastisk. Her fekk eg knyte kontakt med likesinna, samt studere husdyrproduksjon på nært hald. 

Alt i alt er eg svært fornøgd meg utvekslingsopphaldet mitt. Det gav meg utfordringar å meistre, nye bekjentskap å stifte og ny kunnskap å lære. Om du vurderer å reise på utveksling, tilrår eg deg å prøve. Det vil garantert gi deg erfaringar du kan dra nytte av seinare i livet.


Var det vanskeleg å få dei emna du ønska å ta? 
Det var utfordrande å finne ein kombinasjon av emner som ikkje kolliderte i timeplanen. Takka vere god hjelp frå studievegleiar og emneansvarlege ordna dette seg. Emna eg enda opp med å ta var både interessante og svært relevante for meg.


Er du fornøgd med den faglege kvaliteten på universitetet? 
Aberystwyth University legg stor vekt på forsking. Dette blir gjenspegla i både forelesingar samt vurderingskriterium. Eit godt innsyn i vitskapeleg litteratur er mellom anna naudsynt om ein vil oppnå toppkarakter.

Samtidig som stort fokus blir retta mot forsking, oppnår universitetet også gode resultat knytt til undervisningskvalitet og studenttrivsel.  Universitetet vart mellom anna kåra til “University of the Year for Teaching Quality” i både 2018 og 2019 av “The Times & The Sunday Times Good University Guide 2018 & 2019”.

Personleg er eg svært fornøgd med den faglege kvaliteten på universitetet. Emna var interessante, relevante og dagsaktuelle. Forelesarane var flinke til å formidle kunnskap, samt opne for diskusjon og spørsmål.


Kor langt rakk midlane du fikk frå Lånekassen/Erasmusstipend?
Støtta frå lånekassen og erasmusstipendet var tilstrekkeleg for mitt behov. Midlane dekka utgifter knytt til mat og husleige, samt reiseutgifter og utgifter knytt til kulturtilbod og fritidsaktivitetar.


Fikk du godkjent alle emnene dine då du kom heim?
Grunna overlapping med fag eg har tatt ved NMBU, fikk eg kun godkjent 20 av 25 studiepoeng.


Oppnådde du det du ønska ved å reise på utveksling? 
Eg reiste på utveksling grunna eit ønske om å bli betre kjent med Storbritannia sin kultur og tradisjon. Eg ønska å knyte kontakt med nye menneske, tileigne meg ny kunnskap og bli kjent med eit større internasjonalt fagleg miljø. Dette oppnådde eg absolutt ved å reise på utveksling. Utvekslingsopphaldet gav meg innblikk i tankesett annleis enn mitt eige. Eg vart kjent med problematikk knytt til miljø og biologisk mangfald i eit anna land enn Noreg. Eg fekk studere nye og innovative driftsteknikkar innan landbruket, samt utvide mitt faglege og sosiale nettverk. Eg oppnådde det eg hadde forhåpningar om, samt mykje, mykje meir.


Tips til andre studentar?
Bli ferdig med papirarbeid før du reiser på utveksling. Då får du betre tid til å bli kjent med vertsuniversitetet, menneska og den nye staden.










Comments