Er du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å gjøre det samme?
Eg er nøgd med utvekslingsopphaldet. Vil absolutt anbefale andre studentar til å reise på utveksling. Spesielt om du føler ein trang til oppleve nye stadar, møte nye folk og snakke framande språk.
Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta?
For meg gjekk det veldig greit, dette fordi eg hadde fått bekrefta plass på dei aktuelle emna før eg reiste ned. Det var andre utvekslingsstudentar der som ikkje hadde emna klare i forkant. Dei hadde vesentleg større problem med å få plass i dei emna dei ynskja seg. Etter ein del uvisse og frustrasjon ordna det seg til slutt for dei fleste. Tipset mitt vil uansett vere; Ha alle emna klare før du reiser ned.
Fikk du godkjent alle emnene dine da du kom hjem?
Ventar på svar frå juryen.
Er du fornøyd med den faglige kvaliteten på universitetet?
Det er eit høgt fagleg nivå ved Albert Ludwig Universitetet. Mykje av undervisninga er veldig forskingsbasert, og tidvis var den litt vel spesifikk eller snever spør du meg. I kvart emne var det som regel minst fire ulike forelesarar som hadde ansvar for sine fagfelt. I tillegg til dette kunne det også vere nokre gjesteforelesarar som presenterte si forsking. Noko av dette var interessant, medan noko var mindre interessant og ikkje særleg relevant.
Hvor langt rakk midlene du fikk fra Lånekassen/Erasmusstipend?
Tyskland er eit relativt billeg land, så det er gode moglegheiter til å overleve på den finansielle stønaden. Om ein derimot har ambisiøse planar om å stå mykje på ski i Alpane, bør det vere sopass.
Oppnådde du det du ønsket ved å dra på utveksling?
Måla mine med å dra på utveksling til Freiburg var litt todelt. Eg ville sjølvsagt oppnå fagleg, personleg og språkleg utvikling, men så ville eg også stå mykje på ski i Alpane, som ligg snaue 3 timar unna. Hadde til ein viss grad meistring på begge områda.
Fag/Emner.
Det vil seie 3 veker med intensivt studie før ein eksamen eller innlevering i enden av blokka. Det første emnet «Forest Resources and Forest Management in France and Germany» var også det emnet eg var mest nøgd med. Emnet var eit samarbeid mellom ALU Freiburg og AgroParisTech si avdeling i Nancy, så her var det studentar som deltok frå begge institusjonane. Faget hadde for det meste undervisning med gjesteforelesarar, i tillegg til fleire ekskursjonar som var veldig lærerike og interessante. I dette faget måtte ein levere inn og presentere ein fagrapport som danna vurderingsgrunnlaget. Dei to andre emna eg hadde var «Ecosystem Processes and Functioning» og «Biodiversity». Desse faga var meir teoretiske og hadde relativt store pensum, med ein eksamen til slutt. Det førstnemnde emnet hadde stort sett flinke forelesarar som la opp til ein interaktiv undervisningssituasjon. Det sistnemnde emnet synes eg gjekk vel i djupna på spesifikke deler av pensum noko som kunne gjere det litt vanskeleg å få den overordna forståinga. Noko av undervisninga i same faget synes eg i litt for stor grad var fokusert på forskingsarbeidet til forelesar, men om ein har ein valdsam solid bakgrunn innanfor fagfeltet kan vel også det vere interessant.
Personlig utvikling.
Eg drog på utveksling fordi det verka spennande. Interkulturell forståing har eg tileigna meg, men framtidsplanane er framleis uendra.
Bolig.
Studentbolig ordna seg veldig greitt gjennom SWFR (Freiburg sitt svar på studentsamskipnanden). Så snart du har fått plass som Erasmus-student kan du byrje å søke om studentbolig, og sjansane for å få eit rom er gode om du søkjer innan fristen. Eg betalte 290 euro i månaden for eit veldig ok rom i Vauban studentlandsby. Som namnet tilseier ligg studentlandsbyen i bydelen Vauban, som er den «grønne» bydelen i ein allereie so «grøn» by. Bydelen har mange innovative og bærekraftige løysningar. Mellom anna er bydelen sjølvforsynt på straum ved å ha solcellepanel på alle tak, der også reststraumen blir eksportert. Bydelen ligg tett på naturen med eit stort sti-nettverk rett utanfor dørstokken. Klatre- og buldrehall er også ein kort sykkeltur unna. I tillegg har studentlandsbyen eigen studentbar der det er tilstellingar titt og ofte. Mange vil nok seie at Vauban er den alternative delen av byen, og det kan nok stemme.
Om universitetet.
Som med studentlandsbyane er også universitetets ulike fakultet spreidd utover byen. Fakultetet for miljø og naturressursar ligg 5-6 minutt med sykkel eller trikk frå bysentrum. På fakultetet er det både lesesal og undervisningsrom. Dei fleste fakulteta i byen har også store studentkantinebygg i nærleiken der ein kan få kjøpt seg ein solid porsjon lunsj til ein billeg penge. Det er verdt å nemne at alle som bur i Freiburg bør ha ein sykkel. Freiburg er nemleg ein sykkelby, og trikken er det beste framkomstmiddelet etter sykkel. Studentar kan kjøpe seg semesterbillett på trikken for ein billeg penge, men sykkel er billegare. Den kan du dessutan selje vidare etterpå, om du har vert flink til å låse den undervegs.
Freiburg er også eit paradis for den som måtte interessere seg i stisykling. Stisykkelmiljøet er stort og ein kan velje og vrake i «flytstiar» på dei omkringliggjande høgdene.
Språkutvikling.
Det er ein språkskule knytt til universitet som tilbyr gratis språkkurs til alle studentar som er Erasmus undervegs i semesteret. Dei tilbyr tyskkurs på alle nivå, i tillegg til ei røys med andre språk. Kursa som går undervegs i semesteret har 4 timar undervisning i veka fordelt på to dagar. Det er også tilbod om hurtigkurs før semesteret startar mot betaling, men dette dekker språkstipendet til lånekassa. Om ein kan, tar ein begge deler. Lærarane der er flinke og ein lærar mykje fort. Personleg hadde eg god språkleg utvikling i løpet av semesteret, antakeleg betre enn eg sjølv er klar over.
Studentvisum.
Litt papirarbeid er det, men
mengda er overkommeleg. Sørg berre for å ha fullført så mykje som mogleg før ein
reiser ut. Stikkord: Tyskland, Freiburg
Comments
Post a Comment