Fag/Emner.
Eg tok emnene: Quality, Processing and Sensorial Analysis of Italian Wine, Crop Physiology, IPM of Pests of Fruit Crops in Temperate Climate, IPM of Pathogens of Fruit Crops in Temperate Climate, Integrated Pest Management of Arthropod Pests, Sustainable Agriculture, Soil Microbiology og Agricultural Management of Biogeochemical cycles. Desse var eigentleg fag på masternivå, sjølv om eg studerte på bachelor opplevde eg ikkje noko forskjell i vanskelegheitsgrad frå fag på bachelornivå.
Mange spennande emner, særskilt å kunne ta emne om italiensk vin. Dette var eit veldig lærerikt og kjekt fag, med ekskursjonar til vingardar og praktiske øvingar med vinsmaking. Her var det ein veldig flink professor.
Nokre få av faga var veldig interessante med gode førelesarar som kunne godt engelsk og tok opp diskusjonar med studentane i timane. Dei fleste andre faga var meir traustige, der professorane ikkje var så gode på språk og formidling, så førelesingane vart veldig tunge og kjedelege. Kjente mykje på at faga er betre i struktur og innhald på NMBU, faga på Universitetet i Padova var mykje meir teoretisk, gammaldagse og veldig lite praktisk tilrettelagt. Om det var laboratorieøvingar så var det som oftast berre 1-2 førelesingar, og ein gjekk ikkje glipp av mykje om ein ikkje deltok.
Eg hadde mesteparten av eksamenane skriftleg, ein eksamen der det var både ein skrifteleg og munnleg del. Nokre var fleirvalsoppgåver og opne spørsmål mens andre var berre opne spørsmål. Munnleg var litt værre, då heile klassen sit i same rom og ein blir ropt opp ein etter ein og må ha eksamenen framfor heile klassen. Opplevde at det var mindre strenge eksamenstider, ein har ofte moglegheit til å ta eksamen opp att 10 dagar etter om det passar betre eller om ein stryk, og ein eksamen varar som oftast frå 1,5 - 2 timar. Hadde litt problem med at to eksamenar krasja (dei set ikkje alltid datoane før same månad) og hadde ikkje moglegheit til å ta den eine seinare, så måtte då kutte det eine faget.
Personlig utvikling. Eg valde å dra på utveksling då dette er noko eg alltid har hatt lyst til. Det å få moglegheita til å bu i eit anna land og bli kjend med nye kulturar og folk. Eg trur eg blitt meir trygg på å reise åleine, sosiale eigenskapar, blitt betre på båe engelsk og italiensk. I tillegg har det vore kjekt å få oppleve det daglegdagse livet i Italia, då det er noko heilt anna enn å vere der som turist. Eg har og merka kor mykje eg set pris på å bu i Noreg, sjølv om eg har hatt eit skikkeleg bra år, gler eg meg veldig til å studere og bu i Noreg att.
Bolig. Eg budde privat i ei lågblokk 5-10 min med sykkel frå sentrum. Budde saman med tre italienske på same alder som meg, og det var desse eg hadde mest kontakt med iløpet av tida mi her. Det var litt vanskeleg å finne bustad og gjekk på ein del visningar sidan det er høgt press på bustadsmarknaden ved studiestart. Leiga låg litt under norske prisar, ikkje superbillig, men greie prisar. Kvaliteten er litt diverse, eg budde heilt greitt, fint rom, men bad og kjøkken var ganske slitt og utdatert og mykje av det eletriske var ikkje i topp stand. Det spørst heilt på kva ein finn og kvar i byen ein bur.
Om universitetet. Universitetet i Padova er det nest eldste universitetet i Europa og vart starta i 1222. Byen bærer på mykje historie og kultur, ein finn t.d den eldste bortaniske hagen i verda her, og som student på plantevitskap var det veldig kjekt å kunne besøke denne innimellom, i tillegg hadde den gratis inngong for studentar ved universitetet. Fakultetet mitt, Agripolis, låg utanfor byen, 30-40 min med buss, så måtte pendle dit kvar dag eg hadde førelesing. For meg som budde i Oslo før eg kom hit, var vand med å pendle til Ås, så det var ikkje noko problem.
Språkutvikling. Eg hadde bittelitt erfaring med italiensk frå før og meldte meg på språkkurs gjennom universitetet på A2-nivå. Eg opplevde at dette ikkje var så lærerikt og det var ikkje så godt strukturert, så meldte meg av igjen etter 1 månad, då eg berre vart meir forvirra enn å faktisk lære noko. Sidan eg budde med berre italienske lærte eg mykje av dei i tillegg til å presse meg sjølv til å snakke italiensk når eg skulle kommunisere med folk på butikkar, restaurantar osv. Dette har hjulpe mykje på språket og vil sei eg ligg på B2-nivå no når oppholdet er over.
#Erfaringsrapport
Er du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å gjøre det samme? Er veldig fornøgd, og særskilt over at eg valde å vere eit heilt år, har fått oppleve alle sesongar, fått etablert meir kjennskap til landet og det har gjort at eg har fått lære språket betre.
Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta? Dei fleste gjekk bra, men andre krasja plutseleg og vart flytta på utan at det vart sagt noko om, informasjonsflyten har ikkje vore heilt på topp.
Fikk du godkjent alle emnene dine da du kom hjem? Ja
Er du fornøyd med den faglige kvaliteten på universitetet? For det meste nei, men nokre få fag har vore veldig bra.
Hvor langt rakk midlene du fikk fra Lånekassen/Erasmusstipend? Bra, ein kan fint ete ute eit par gonger i veka, og har råd til å reise litt rundt i landet.
Oppnådde du det du ønsket ved å dra på utveksling? Ja, mange erfaringar og mange nye venskap frå heile verda.
Comments
Post a Comment