Skip to main content

Eit sumarsemester i Heidelberg utan like



# Erfaringsrapport


Schönen guten Tag! Svein Gjerdåker her, Miljøfysikkstudent på 4. året våren 2019. Her fortel eg om sommarsemesteret mitt i den tyske byen Heidelberg. Som mange andre studentar gjekk eg og tenkte på utveksling lenge før eg gjorde noko med det. Det er så mykje som skjer på Ås og komfortsona er litt for komfortabel rett og slett. Men våren 2019 var tida inne. UKA i Ås 2018 var omme og timinga var perfekt for eit semester utanlands.

# Emner

Eg var immatrikulert ved matematikkfakultetet då det var her NMBU hadde avtale. Om du vil ta emne ved andre fakultet er det ingen problem. For ein miljøfysikkstudent passar emna på institutt for miljøfysikk (Institut für Umweltsphysik - IUP) svært godt inn i studieplanen. Desse emna på masternivå går som regel på engelsk om det er internasjonale studentar til stades, men i Tyskland bestemmer professoren mykje meir enn i Norge. På godt og vondt. Mine erfaringar var så godt som berre gode. Forelesarane mine var svært forståingsfulle mot utvekslingsstudentar og var engasjert i fagområdet sitt og læringa til studentane.

Environmental Physics er eit grunnfag på IUP som dei andre faga bygger på, men overlappar overraskande lite med miljøfysikkfaget på NMBU, FYS241. Det omfattar mykje fluiddynamikk i ulike medium, strålingstransport, litt isotopar mm. og har ein avsluttande eksamen med karakter.

Radiative Transfer in the Earth’s Atmosphere tar for seg stråling, absorpsjon, emisjon og spredning. Du får ei innføring i strålingsmodellar brukt i Remote Sensing-applikasjonar og innblikk i forskinga dei gjer på instituttet. Her var det ingen eksamen, men ein godkjend/ikkje-godkjend avsluttande presentasjon av ein forskingsartikkel i feltet. Dette er veldig lågterskel og forelesar vil at deg berre godt. Brorparten av arbeidet ligg derimot i dei ti innleveringane ila. semesteret. Dette gjeld òg dei to andre fysikkfaga og Datenbanken; Her er det innleveringar kvar veke. Men fortvil ikkje! Du lærer mykje av dei og med ein eller to andre medstudentar på laget er arbeidsmengda heilt ok, kanskje litt større enn på Ås. Du treng dessutan som regel berre å få godkjend 50-60% av innleveringane.

Physics of Aquatic Systems er òg eit interessant fag der du lærer om stabile og ustabile lag i innsjøar, grunnvatn, energitransport, meir om isotopar og dateringsmetodar og har ingen avsluttande eksamen. Men igjen, her bestemmer forelesar.

Datenbanken tok eg i hovudsak for å utfordre meg med eit fag på tysk. Innhaldet er databasar og programmeringsspråket SQL. Relativt enkelt fag med ein svært grei professor.

Dette vårsemesteret såg planen min altså slik ut:
·       Environmental Physics – 8ECTS
·       Radiative Transfer in the Earth’s Atmosphere – 4ECTS
·       Physics of Aquatic Systems – 4ECTS
·       Datenbanken – 8ECTS
·       Langsgåande språkkurs – 6ECTS

I tillegg til eit førebuande språkkurs i mars. Dette anbefaler eg på det sterkaste då du vert kjend med andre utvekslingsstudentar før semesteret byrjar og du får i tillegg Lånekassen sitt språkstipend.

Eg anbefaler å melde seg opp i fleire fag enn du planlegger å gjennomføre, for så å behalde dei mest interessante etter eit par veker. Ofte kræsjar øvingstimar og forelesingar, og forelesningsplanen er klar rett før semesterstart, så forvent å endre på fagplanen din dei fyrste vekene. T.d. tok eg det svært interessante emnet «Deep Vision» i nokre veker men gav det opp grunna arbeidsmengd og kræsj i timeplan. Eg enda opp med å ta berre eitt av emna frå min fyrste Learning Agreement. Har du spørsmål ang. emner, språkstipend eller kva som helst anna ta kontakt!

# Personleg utvikling

Som utvekslingsstudent får du mykje fridom, men òg ansvar. Ansvar for eiga læring, bustad, økonomi osb. Sjølv om du får hjelp til mykje, spesielt om universitetet har gode avtalar med NMBU, er det mykje som kan annleis enn slik du hadde tenkt. Her er det mykje læring. Det å busetje seg i eit nytt land utan å kjenne nokon i mils omkrins, møte nye folk frå andre kulturar, setje seg inn i nye system og å gå ut av komfortsona gjer deg òg eit nytt perspektiv på det du har heime. Det kan vere ein del frustrasjon, men mykje meir glede. Eg har satt stor pris på dei daglege lunsjmøta med andre internasjonale fysikkstudentar i kantina, å møte folk frå heile verda på språkkurs og å få vere litt tyskar i eit halvt år. Dette har opna horisonten min på mange måtar. Det er sunt å sprekke Ås-bobla eit semester 😉




# Bustad

Vanlegvis får utvekslingsstudentar prioritet ved bustadtildeling av Studierendenwerk. Eg søkte om studentbustad men fekk svar i slutten av januar at eg ikkje fekk plass i studenthybel. Difor brukte eg ein del tid på å lage ein god profil på WG-Gesucht og å sende meldingar til ulike kollektiv med ledig rom. Her løner det seg å legge inn bilete og skrive ein god tekst om deg sjølv. Dei fleste vil ha folk som blir lenger enn eit semester, men til slutt fekk eg rom hos ein triveleg tysk kjemistudent i 2-mannskollektiv. Dette vart ein del dyrare enn studentbustad, 400 Euro i månaden, men fordelen med WG-Gesucht er at du potensielt kan finne romkameratar med like interesser. Me laga mange middagar i lag og reiste ofte og buldra eller klatra. Han vart ein av mine betre vener ila. semesteret.

Buldring med romkameraten
 


# Om Universitetet

Ruprecht-Karls-Universität Heidelberg er det eldste universitetet i Tyskland og har eit anerkjend fysikkfakultet. Kjend med Kirchhoffs lover? Studer på Kirchhoff-Institut für Physik ved universitetet der Kirchhoff sjølv arbeidde. Miljøfysikkinstituttet har viktige forskingsmiljø innan strålingstransport, remote sensing, akvatiske system, paleoklima mm. Interessert i astronomi? Ta nokre fag ved instituttet for teoretisk astrofysikk. Universitetet har og gode akademiske miljø innan mellom anna matematikk, informatikk og kjemi.
Byen Heidelberg ligg flott til der elva Neckar flyt ut frå Odenwald og inn i Rhindalen. Gamlebyen med slottet ruvande over seg husar dei fleste restaurantar og barar i byen i tillegg til dei fleste humanistiske faga. På Campus Neuenheimer Feld (INF) finn du dei fleste naturvitskaplege faga. Alle avstandar i Heidelberg er sykkelvenlege. Med Heidelberg som utgangspunkt kan du gå turar frå borg til borg langs elva og det er enkelt å reise rundt i Europa. Med eit Interrailpass kjem du deg lett til Frankrike, Sveits, Italia, Benelux og andre byar i Tyskland sjølvsagt. Men Heidelberg har mykje å tilby og er ein populær turistdestinasjon i tillegg til studentby.

# Språkutvikling

Med tysk som dårlegaste karakter på vitnemålet var Tyskland kanskje eit rart val av studiestad. Likevel var det eit grunnlag, om enn ganske vaklande, å bygge på. Eg tok det førebuande språkkurset i mars og eitt langsgåande språkkurs ila. semesteret. Dette gjorde mykje med grammatikken min, men det viktigaste du gjer er å praktisere dagleg. Eg prøvde så mykje som mogleg å snakke tysk med romkameraten min, sjølv om tolmodet mitt ofte svikta og eg gjekk over til engelsk. Det å kunne gjere seg forstått på tysk gjorde at eg følte meg mindre og mindre som ein turist og meir som ein heidelbergar. Det å kunne nytte fleire språk er gull verdt.

Heimelaga falafel israelsk stil
Laser tag med den internasjonale fysikkgjengen

# Studentvisum

Byråkratiet i Tyskland kan virke litt overveldande og gamaldags med ein gong. Du må søkje på nettet og sende i posten og fakulteta har ikkje felles system for påmelding og resultat i emna. Likevel går dette som regel veldig greitt då dei fleste er særs hjelpsame ovanfor internasjonale studentar. Mykje vert òg gjort for deg av koordinatorane. Du treng ikkje visum for å studere i Tyskland, som elles i EU, men du må melde frå til byen at du bur her. Skaff deg tysk bankkonto så slepp du gebyr på uttak frå minibank (ja, dei nyttar fortsatt mest kontantar i Tyskland…), men ikkje bruk Postbank. Her opplevde eg veldig varierande og dårleg service. Gå i staden til Deutsche Bank eller liknande bank med studentrabatt.

Fekk du godkjend alle emna då du kom heim?
Usikkert enno. Eg var i den heldige posisjonen at eg ikkje trengde å erstatte obligatoriske emne ved NMBU, anna enn 5 samfunnsfagpoeng, så eg fekk velje veldig fritt. Det å ta nokre poeng ekstra i Ås for å sleppe unna med litt mindre på utveksling er å anbefale. Arbeidsmengda kan vere større per poeng og fritida kan du bruke på å reise!

Er du nøgd med den faglege kvaliteten på universitetet?
Fysikkinstitutta ved Universität Heidelberg har mykje prestisje og held ein svært høg fagleg kvalitet, spesielt innan teoretisk fysikk. Forelesarane er for det meste opptatt av læringsutbyttet til studentane. Øvingstimar med hjelpelærar og hyppige gruppeinnleveringar gjer læringsmiljøet ganske godt. Eg vil òg seie at nivået på dei tyske studentane kan vere ganske høgt i emna på masternivå.

Kor langt rakk midla du fekk frå Lånekassen/Erasmusstipend?
Å leve i Heidelberg er billegare enn i Norge. Mat og drikke, og spesielt ølet, er rimelegare. I kantina har du fleire prisnivå på lunsjen, frå 2,50 til om lag €6, og bustad kan gjerast veldig billig sjølv om bustadmarkedet er relativt pressa. Eg fekk ordinært- og språkstipend frå Lånekassen og Erasmusstipend i tillegg til eit stipend frå det tyske energiselskapet E.ON Stipendienfonds. Dette gjorde at eg hadde økonomisk fridom til å reise ganske mykje. Eg anbefaler uansett kvar du reiser å søke på alle stipend og legat du kjem over. Sjekk ut Legathandboken.no og søk litt rundt på nettet. Innsatsen det tar å skrive ein god søknad løner seg plutseleg veldig!


På tur frå borg til borg langs elva Neckar


Oppnådde du det du ønsket ved å dra på utveksling?
På ynskjelista mi for utveksling sto: møte folk frå nye kulturar, reise i Alpane, ta interessante emner innan energi og å utfordre meg sjølv personleg og språkleg. I ettertid ser eg at alle desse ynskja er vorte oppfylt og meir til!

Er du nøgd med utvekslingsopphaldet ditt, og vil du anbefale andre studentar å gjere det same?
Så absolutt! Eg fekk mykje meir ut av opphaldet enn eg førestilte meg. Ver ein Ja-person dette semesteret, bli med på alt du får tilbod om og opplev meir på eit semester enn du gjer på eit heilt studie heime. Det vert arrangert mange arrangement av Erasmus Student Network, Universitetet og andre organisasjonar, men du må òg gjere ein eigeninnsats. Det nyttar ikkje å sitje på rommet og snapchatte med vennegjengen heime. Arranger møter med vener på Neckarwiese, plenen langs elva der studentar møtast kveldstid; reis på helgeturar til Frankrike, Sveits og Schwarzwald; stikk på det lokale bryggeriet og ta deg ein øl!


Gjengen ved Neckarwiese
Skitur i Sveits


Les gjerne innlegga til Martin Haug og Åshild Grøtan som var i Heidelberg tidlegare og ikkje nøl med å spørje om du lurar. Heidelberg får mi sterkaste anbefaling, men det viktigaste er å reise på utveksling. Er du i tvil, så er du ikkje i tvil.

#Heidelberg #Tyskland #Miljøfysikk #Fysikk #Ruprecht-Karls-Universität Heidelberg #UniHeidelberg

Comments

Popular posts from this blog

LIVET I WIEN 2017-2018 - av Kaja Tellefsen Wivestad

Åpen, nysgjerrig og med litt for mye bagasje ankom jeg Schwedenplatz med flybussen, og var i Wien for første gang. Spent på hva det neste året ville bringe, med noen ønsker og mange spørsmål spaserte jeg over broen ved Donaukanal til leiligheten i 2. distrikt. Jeg dro til Wien før universitetet startet. Jeg hadde funnet et privat språkkurs som varte fem uker, og hvor fire uker var kravet for å få språkstipend fra Lånekassen (dette fordi Universitetet, BOKU, kun tilbød et tre ukers kurs). Jeg hadde funnet meg en midlertidig leilighet via en Facebook-side med en arkitektur- og en filosofistudent. Leiligheten lå nær kanalen, var sentral, i et rolig nabolag med mange koselige kaféer og parker. Matthias og Simona, som jeg bodde med, var vel de varmeste og beste menneskene jeg kunne møtt. De viste meg gladelig rundt til lokale skatter i byen; utekinoer, takterrasser og parker. De viste meg de beste sykkelrutene og inviterte meg til fester og middager med venner. Språkkurset jeg

NMBU-STUDENT PÅ UTVEKSLING

Reis ut i verden så tidlig som mulig! Krysskulturell kompetanse er viktigere enn noen gang. Internasjonal erfaring kombinert med spisskompetanse innenfor ulike fagretninger er mer og mer etterspurt på arbeidsmarkedet. NMBU gir deg mange muligheter til å ta deler av din grad i utlandet gjennom gode samarbeidsavtaler med universiteter over hele verden.  "Vi lever i en global verden. Utveksling av personer og informasjon på tvers av landegrenser øker. Internasjonal erfaring vil bli enda viktigere for fremtidens arbeidsliv enn det er for dagens"  Kristin Skogen Lund (NHO). Et utvekslingsopphold kan gi deg høyt faglig utbytte og ny og beriket faglig innsikt, men også muligheter til å knytte vennskap og nettverk på tvers av landegrenser. Å studere og leve i et annet land tilbyr en unik mulighet til å se verden fra et nytt perspektiv, samtidig som det er en gylden mulighet til å bli flytende i et fremmedspråk.  Erasmus Impact Study viser at studenter på utveksling

Erfaringrapport fra Wageningen, Nederland

Erfaringrapport fra utveksling i Wageningen, Nederland, høsten 2017.  Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta? Jeg studerer matvitenskap og ernæring, og innen dette fagfeltet er det veldig mange emner å velge blant ved universitetet i Wagenignen, hvor de aller fleste undervises på engelsk. I utgangspunktet fant jeg emner som kunne erstatte alle fagene mine ved NMBU. Emneansvarlige ved NMBU var veldig medgjørlige, slik at man skulle kunne skrive en oppgave etter hjemkomst dersom emnet ikke kunne erstattes hundre prosent. Dette er tilfellet for ett av fagene jeg tar. Det man må være obs på er at ett emne kun går i én periode, enten som morning - eller afternoon course, og ved Wageningen er det seks ulike perioder. Jeg opplevde flere ganger da jeg skulle velge emner, at noen av de emnene jeg ønsket å ta, gikk i en annen periode. Men det er uansett vanskelig å ikke finne et interessant emne som kan erstatte noen av fagene ved NMBU. Er du fornøyd med den faglige kvalitet

Erfaringsrapport Lincoln University, New Zealand

Erfaringsrapport Lincoln University, New Zealand  Magisk natur i New Zealand! Fag/Emner: -LASC 604 - Agricultural-Environmental landscape management Erfaring:  Spennende vinkling paa rural utvikling. Dyktig laerer med navn Simon Swaffield. Jeg laerte hvordan turisme, landskapsarkitektur og landbruk kan kombineres i planlegging.  Jeg sammarbeidet med andre studenter fra andre fagfelt som floy til New Zealand for aa delta paa kurset. Kurset var delvis nettbasert, resten bestod av et to ukers intensivt kurs med feltarbeid i August. Kurset var ferdig i August. Mye forvirring under gruppearbeidet, siden faa hadde faglig bakgrunn innenfor landskapsarkitektur/ byutvikling. Ville ikke tatt dette kurset igjen paa grunn av gruppearbeidet, siden det for det meste var jeg som matte fungere som laereren i gruppa. Resten av faget var straalende. Eksamensform og antall: Muntlig presentasjon av gruppeprosjekt telte mest for karakteren.  Innleveringer: 1. Individuell rapport fra

Hawaii Pacific University - Høst 2017

Hawaii er for de fleste kjent for kokosnøtter, endeløse strender og hula-dans. Øyene representerer dette, men også så mye mer. Det er mulig å ta mange flotte turer opp i de gamle lavaformede fjellsidene, oppleve ”tidepools”, teste ut og utvikle surfeferdighetene, bli kjent med en kulturrik befolkning, se en aktiv vulkan og mange, flotte og eksotiske dyr. Jeg valgte å dra på utveksling for å oppleve noe nytt, både skolemessige og sosialt. Jeg lærte mye av å flytte til et nytt land med nye skoleordninger og fag. Det å få en annen innsikt i mitt fag ser jeg på som en styrke og en god erfaring for fremtidig jobb og karrieremuligheter. Jeg fikk større innsikt i potensielle jobber også, da professorene kunne fortelle om sine arbeidserfaringer og sin karriere. Skolen har god erfaring med å ta i mot internasjonale studenter. Du blir godt tatt i mot av veiledere, og det finnes flere sosiale arrangementer hvor du kan bli kjent med andre studenter.   Høsten 2017 dro jeg på utve

Erfaringsrapport, San Diego State University

Er du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å gjøre det samme? Ja, veldig fornøyd. San Diego State University, SDSU, har et annerledes skolesystem enn i Norge. Det er også et mye større universitet (30 000 studenter), så det var interessant å oppleve det.  For min egen del var det å se hvordan dette fungerte, prøve noe nytt og å lære om vannsystemene i et område som opplever tørke. Dette er relevant ettersom jeg studerer Vann- og Miljøteknikk. Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta? Det er definitivt vanskeligere å få emnene på SDSU enn på NMBU. Som utvekslingstudent så ender man sist på ventelisten til emnene. På https://sunspot.sdsu.edu/schedule/search kan man finne emnene og se hvor mange plasser det er igjen. Det krever koordinering og planlegging for å lage sin egen timeplan slik at emnene/labbene ikke overlapper. Større fag som feks kjemi eller statistikk så er det enkelt å være med i timen og ta eksamen. De fa

Wageningen høst 2022

August Aalstad, master i bioøkonomi Om universitetet :  Wageningen er alt i alt en nydelig grønn perle , rik på mangfoldige og levende omgivelser - både kultur og natur. Fint å sykle rundt eller gå tur i nærliggende skog og landlige områder, langs dikene og naturområdet rett utenfor sentrum (med frittgående hester og kuer og et spetakkel av flotte fugler), ned til Rhinen for bading og piknik, til Arboretet eller byens nydelige grønne parker, rundt på campus og hippielandsbyen Drouvendal, eller i byens mange sjarmerende nabolag, kafeer og spisesteder, lokale butikker og bruktmarkeder. De har åpent marked i sentrum på onsdager og lørdager, men maaasse herlig mat og folk og liv og røre… Og generelt et magisk utvalg av vegetar! Noe for enhver smak :) Wageningen har et veldig grønt, mangfoldig, internasjonalt og innovativt miljø . Bærekraft er et stort fokus. Dette reflekteres i både menneskene , foreningene, omgivelsene, studiene, undervisningen, forskningen og innovasjonen som foregår

Utveksling til Loyola Andalucia i Sevilla

Det å dra på utveksling er en utrolig fin måte på å utforske andre kulturer, land og ikke minst deg selv. Man lærer utrolig mye og får opplevd ting man kanskje ikke får gjort hjemme i Norge. Jeg har tidligere vært på utveksling to ganger og sitter igjen med mange gode opplevelser og følte en tredje utveksling i Sevilla ikke ville skuffe og det gjorde det heller ikke. Fag/Emner Jeg tok seks fag:  «Human resource management» «Economic Policy” “Operation Management” “Management Control” “Corporate Finance” “Economic Policy” Det akademiske nivået var for min del hel greit, men det var mange i klassen som syntes disse fagene var utrolig vanskelige. Vi hadde oppgaver som skulle innleveres i alle fag, små prøver og midterms som var en del av karakteren man fikk i tillegg til en avsluttende eksamen. Den desidert beste faget i følge meg var «Economic Policy» med Umed Temurshoev. Han er utrolig dyktig og fagene hans er mye mer krevende enn de andre jeg hadde, men utrolig lærerikt.

Utveksling i Budapest

Høsten 2017 var jeg på utveksling i Budapest, ved Szent Istvan University. Her tok jeg mitt fjerde år på landskapsarkitektur. Er du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å gjøre det samme? Jeg er veldig fornøyd med utvekslingsoppholdet. Grunnen til at jeg valgte å dra til Budapest, er at jeg ville oppleve å bo i en europeisk storby etter 3 år i Ås. Budapest har jeg besøkt en gang tidligere, og hadde et veldig positivt inntrykk av byen. Passe størrelse, nydelig arkitektur, god atmosfære og stort internasjonalt miljø. Samtidig er byen fortsatt autentisk, og ikke ødelagt av for mye turisme som enkelte andre europeiske storbyer. Dette er en gøy by å være ung i, og jeg anbefaler Budapest på det sterkeste! Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta? Ja, ettersom planen min var å ta masteremner fra det internasjonale MLA-programmet. Etter en uke på universitetet ble jeg meldt av alle fagene, og fikk beskjed om at disse ikke