Skip to main content

Erfaringsrapport frå Freiburg



Eg heiter Ester Alida og studerer Maskin, prosess- og produktutvikling ved NMBU. Eg har vore på utveksling i Freiburg i Tyskland eitt semester. Det er ikkje berre enkelt å samanfatte eit halvår med så mykje moro, men eg skal gjere eit forsøk. Eg må berre starte med det viktigaste først: Dersom du vurderer å dra på utveksling, dra på utveksling!

Solnedgang frå Schlossberg.

Det finst mange flotte og spanande stadar å reise, men eit lite tips frå meg til deg: Ingenting slår Freiburg! Det er ein liten by med mykje liv. Byen i seg sjølv er sjarmerande, og den ligg rett ved foten av Schwarzwald, så det er kort veg til natur og fine turløyper. Freiburg ligg også sentralt i Europa, så det er enkelt å reise rundt og besøke andre byar og land.

Den fine joggeruta mi i skogen bak gamlebyen.

I februar la eg og sambuaren min av garde på Interrail frå Noreg mot Sør-Tyskland, me skulle på utveksling begge to til kvar vår tyske by. Sidan semesteret ikkje starta før langt utpå våren, hadde me god tid både til å reise litt rundt, og å ta ein månad med språkkurs før sommarsemesteret starta. Ja, for i Freiburg er semestera delt inn i vinter- og sommarsemester, ikkje haust og vår slik me er vane med ved NMBU. Eg var der i sommarsemesteret, og hadde undervisning frå slutten av april til slutten av juli. Nokon tenker kanskje det er dumt at ein mister sommarferien i Noreg, men det betydde at eg fekk vere i Freiburg på den finaste tida av året, og utveksling er jo litt ferie i seg sjølv, så eg følte ikkje det som noko tap.

Språkkurs

Universitetet arrangerte språkkurs i mars, og det var ein genial start på utvekslinga. Eg hadde undervisning på føremiddagen, og mange fritidsaktivitetar å velje mellom på ettermiddagen. Det var ein fin måte å bli kjent med andre utvekslingsstudentar, og ein fann fort folk å henge med. Eg hadde aldri lært tysk før, men det tok ikkje lang tid før eg kunne bestille kaffi og butterbrezel på tysk på den vesle kaféen utanfor språkkurset. Det var ein lærerik og kjekk start på opphaldet i Freiburg.

Schauinsland og Roßkopfturm, flotte turar rett i nærleiken av Freiburg.

Platz der Alten Synagoge midt i sentrum av Freiburg.

Studentvisum

Som ny student i Tyskland er det ein del papirarbeid som må ordnast dei første vekene. Ein behøver ikkje visum, men ein må registrere seg som innbyggjar i byen på rådhuset. I tillegg er det litt diverse registreringar som må ordnast med universitetet, og det kan vere lurt å opprette bankkonto for betaling av leige. Det kjendest litt overveldande dei første vekene med alt som måtte ordnast, og Tyskland er ei papirmølle der mykje framleis må sendast i posten. Men eg fekk etter kvart oversikt og ting fall på plass. Det er god hjelp i å gjere det i lag med andre utvekslingsstudentar, ein er mange i same båt.

Fag

Universitetet i Freiburg har mange ulike fagområde, og det er rekna for å vere eit av dei betre universiteta i Tyskland. Som Erasmusstudent i Freiburg har ein moglegheit til å velje blant fag frå ulike fakultet, og det gir stor valfridom. Det kan likevel vere litt vanskeleg å planlegge fag før utveksling, for emnekatalogen blir fastset rett før semesteret startar. Det er difor lurt å vere litt open for kva fag ein vil ta, og sjå det an når ein kjem dit.

Kaffi og vatn er eit must på lange studiedagar.

På bachelornivå er fag undervist på tysk, og på masternivå er det meste undervist på engelsk. Eg tok litt av begge deler. Generelt er det meir arbeid per studiepoeng i Freiburg enn ved NMBU. Det er ikkje uvanleg at fag på både bachelor og masternivå har obligatoriske innleveringar kvar veke og undervegsprøvar, så det blir fort ein del arbeid. Dette kan vere lurt å ha i bakhovudet når ein vel fag, ein vil jo gjerne ha litt fritid også når ein er på utveksling. Tips: Ver tidleg ute med å melde deg opp i fag, ein kan risikere å ikkje få plass dersom ein venter for lenge. Og gjer deg kjend med oppmeldingssystemet. Sidan eg tok tekniske fag, var oppmeldinga godt organisert inne på éi nettside, men for andre fagområde kan ein risikere å måtte melde seg opp gjennom andre system, og då er det fort å gå i surr med fristar for oppmelding og diverse.

Studiekvardag på taket på fysikkfakultetet.

Ei utfordring ved forskyvd semester er at eksamensperioden varer heilt til slutten av september. Er ein uheldig, kan ein ende opp med å ha eksamen etter at haustsemesteret ved NMBU er i gang. Ofte blir ikkje eksamensdato fastset før semesteret nærmar seg slutten, så det kan vere lurt å ta ein prat med forelesar/ emneansvarleg tidleg og forklare situasjonen. Kanskje kan ein få ta ein munnleg eksamen før ein reiser tilbake til Noreg. Det er ikkje lurt å belage seg på å ta eksamen skriftleg frå Noreg, det lar seg ofte ikkje gjere.

Bustad

Universitetet i Freiburg tilbyr bustad til studentane, litt liknande slik SiÅs fungerer ved NMBU. Dette er eit godt alternativ, og dei fleste eg kjenner valde dette.

Seepark rett utanfor studentbustadane til universitetet. Det blei mykje bading og piknik her gjennom sommaren.

Eg valde å heller finne kollektiv privat gjennom å lage profil på https://www.wg-gesucht.de/. Det er ei side der folk legg ut ledige rom eller at dei søkjer ledige rom. Det kan vere vanskeleg å finne noko, så det enklaste er nok å ta i mot rom frå universitetet, men eg var heldig og fekk rom i eit koseleg kollektiv midt i gamlebyen.

Freiburg har mange småbekkar som renn gjennom byen. Dei kjem godt med på varme dagar.

Alt av trikkar, butikkar, restaurantar, universitetsbibliotek og skogsløyper var tilgjengeleg innan 5 minuttars gonge og leiga var lågare enn i Noreg. Elles er Freiburg ein by der ein enkelt kjem seg rundt med sykkel, og det meste er ikkje meir enn 10 minutt unna med enten sykkel eller trikk.

Flammkuchen er ein lokal versjon av pizza. Denne restauranten låg i gata mi, så det blei nokre sånne i løpet av semesteret.

Stipend

Som Erasmusstudent får ein nesten pengar kasta etter seg. Ein får vanleg stipend og lån frå lånekassa, i tillegg til at ein kan få språkstipend. Erasmusstipendet kjem i tillegg til dette, og når levekostnadane i tillegg er lågare i Freiburg enn Noreg, så er det fort gjort å ende opp med litt meir å rutte med enn ein er vane med som student. Det gav moglegheit til å reise mykje rundt på Interrail og sjå Europa.

Blue bridge er ein fin plass å henge på varme sommarkveldar.

Utveksling er tipp topp

Alt i alt har livet på utveksling vore betre enn eg kunne drøymt om. Eg reiste av garde med eit håp om å utfordre meg sjølv, møte nye menneske frå ulike kulturar, bli kjend med nye system og lære nye måtar å gjere ting på. Eg hadde lyst på eit lite avbrekk frå kvardagen ved NMBU, og sjå korleis kvardagen kunne vere ein annan stad i verda. Freiburg har innfridd alt dette og meir. Eg har fått nære vener med heilt annleis oppvekst og bakgrunn enn meg, og det har lært meg mykje om både dei og meg sjølv. Det er frigjerande å sjå seg sjølv med nye auge, og det trur eg alle har både glede og nytte av. Nyt livet på utveksling, og ta deg tid til folk. Det gir ofte viktigare lærdom enn det fag kan gi.


Stikkord: Tyskland, Freiburg im Breisgau, Uni Freiburg, University of Freiburg, Albert-Ludwigs-Universität Freiburg


Comments

Popular posts from this blog

LIVET I WIEN 2017-2018 - av Kaja Tellefsen Wivestad

Åpen, nysgjerrig og med litt for mye bagasje ankom jeg Schwedenplatz med flybussen, og var i Wien for første gang. Spent på hva det neste året ville bringe, med noen ønsker og mange spørsmål spaserte jeg over broen ved Donaukanal til leiligheten i 2. distrikt. Jeg dro til Wien før universitetet startet. Jeg hadde funnet et privat språkkurs som varte fem uker, og hvor fire uker var kravet for å få språkstipend fra Lånekassen (dette fordi Universitetet, BOKU, kun tilbød et tre ukers kurs). Jeg hadde funnet meg en midlertidig leilighet via en Facebook-side med en arkitektur- og en filosofistudent. Leiligheten lå nær kanalen, var sentral, i et rolig nabolag med mange koselige kaféer og parker. Matthias og Simona, som jeg bodde med, var vel de varmeste og beste menneskene jeg kunne møtt. De viste meg gladelig rundt til lokale skatter i byen; utekinoer, takterrasser og parker. De viste meg de beste sykkelrutene og inviterte meg til fester og middager med venner. Språkkurset jeg

NMBU-STUDENT PÅ UTVEKSLING

Reis ut i verden så tidlig som mulig! Krysskulturell kompetanse er viktigere enn noen gang. Internasjonal erfaring kombinert med spisskompetanse innenfor ulike fagretninger er mer og mer etterspurt på arbeidsmarkedet. NMBU gir deg mange muligheter til å ta deler av din grad i utlandet gjennom gode samarbeidsavtaler med universiteter over hele verden.  "Vi lever i en global verden. Utveksling av personer og informasjon på tvers av landegrenser øker. Internasjonal erfaring vil bli enda viktigere for fremtidens arbeidsliv enn det er for dagens"  Kristin Skogen Lund (NHO). Et utvekslingsopphold kan gi deg høyt faglig utbytte og ny og beriket faglig innsikt, men også muligheter til å knytte vennskap og nettverk på tvers av landegrenser. Å studere og leve i et annet land tilbyr en unik mulighet til å se verden fra et nytt perspektiv, samtidig som det er en gylden mulighet til å bli flytende i et fremmedspråk.  Erasmus Impact Study viser at studenter på utveksling

Erfaringrapport fra Wageningen, Nederland

Erfaringrapport fra utveksling i Wageningen, Nederland, høsten 2017.  Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta? Jeg studerer matvitenskap og ernæring, og innen dette fagfeltet er det veldig mange emner å velge blant ved universitetet i Wagenignen, hvor de aller fleste undervises på engelsk. I utgangspunktet fant jeg emner som kunne erstatte alle fagene mine ved NMBU. Emneansvarlige ved NMBU var veldig medgjørlige, slik at man skulle kunne skrive en oppgave etter hjemkomst dersom emnet ikke kunne erstattes hundre prosent. Dette er tilfellet for ett av fagene jeg tar. Det man må være obs på er at ett emne kun går i én periode, enten som morning - eller afternoon course, og ved Wageningen er det seks ulike perioder. Jeg opplevde flere ganger da jeg skulle velge emner, at noen av de emnene jeg ønsket å ta, gikk i en annen periode. Men det er uansett vanskelig å ikke finne et interessant emne som kan erstatte noen av fagene ved NMBU. Er du fornøyd med den faglige kvalitet

Erfaringsrapport Lincoln University, New Zealand

Erfaringsrapport Lincoln University, New Zealand  Magisk natur i New Zealand! Fag/Emner: -LASC 604 - Agricultural-Environmental landscape management Erfaring:  Spennende vinkling paa rural utvikling. Dyktig laerer med navn Simon Swaffield. Jeg laerte hvordan turisme, landskapsarkitektur og landbruk kan kombineres i planlegging.  Jeg sammarbeidet med andre studenter fra andre fagfelt som floy til New Zealand for aa delta paa kurset. Kurset var delvis nettbasert, resten bestod av et to ukers intensivt kurs med feltarbeid i August. Kurset var ferdig i August. Mye forvirring under gruppearbeidet, siden faa hadde faglig bakgrunn innenfor landskapsarkitektur/ byutvikling. Ville ikke tatt dette kurset igjen paa grunn av gruppearbeidet, siden det for det meste var jeg som matte fungere som laereren i gruppa. Resten av faget var straalende. Eksamensform og antall: Muntlig presentasjon av gruppeprosjekt telte mest for karakteren.  Innleveringer: 1. Individuell rapport fra

Hawaii Pacific University - Høst 2017

Hawaii er for de fleste kjent for kokosnøtter, endeløse strender og hula-dans. Øyene representerer dette, men også så mye mer. Det er mulig å ta mange flotte turer opp i de gamle lavaformede fjellsidene, oppleve ”tidepools”, teste ut og utvikle surfeferdighetene, bli kjent med en kulturrik befolkning, se en aktiv vulkan og mange, flotte og eksotiske dyr. Jeg valgte å dra på utveksling for å oppleve noe nytt, både skolemessige og sosialt. Jeg lærte mye av å flytte til et nytt land med nye skoleordninger og fag. Det å få en annen innsikt i mitt fag ser jeg på som en styrke og en god erfaring for fremtidig jobb og karrieremuligheter. Jeg fikk større innsikt i potensielle jobber også, da professorene kunne fortelle om sine arbeidserfaringer og sin karriere. Skolen har god erfaring med å ta i mot internasjonale studenter. Du blir godt tatt i mot av veiledere, og det finnes flere sosiale arrangementer hvor du kan bli kjent med andre studenter.   Høsten 2017 dro jeg på utve

Erfaringsrapport, San Diego State University

Er du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å gjøre det samme? Ja, veldig fornøyd. San Diego State University, SDSU, har et annerledes skolesystem enn i Norge. Det er også et mye større universitet (30 000 studenter), så det var interessant å oppleve det.  For min egen del var det å se hvordan dette fungerte, prøve noe nytt og å lære om vannsystemene i et område som opplever tørke. Dette er relevant ettersom jeg studerer Vann- og Miljøteknikk. Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta? Det er definitivt vanskeligere å få emnene på SDSU enn på NMBU. Som utvekslingstudent så ender man sist på ventelisten til emnene. På https://sunspot.sdsu.edu/schedule/search kan man finne emnene og se hvor mange plasser det er igjen. Det krever koordinering og planlegging for å lage sin egen timeplan slik at emnene/labbene ikke overlapper. Større fag som feks kjemi eller statistikk så er det enkelt å være med i timen og ta eksamen. De fa

Wageningen høst 2022

August Aalstad, master i bioøkonomi Om universitetet :  Wageningen er alt i alt en nydelig grønn perle , rik på mangfoldige og levende omgivelser - både kultur og natur. Fint å sykle rundt eller gå tur i nærliggende skog og landlige områder, langs dikene og naturområdet rett utenfor sentrum (med frittgående hester og kuer og et spetakkel av flotte fugler), ned til Rhinen for bading og piknik, til Arboretet eller byens nydelige grønne parker, rundt på campus og hippielandsbyen Drouvendal, eller i byens mange sjarmerende nabolag, kafeer og spisesteder, lokale butikker og bruktmarkeder. De har åpent marked i sentrum på onsdager og lørdager, men maaasse herlig mat og folk og liv og røre… Og generelt et magisk utvalg av vegetar! Noe for enhver smak :) Wageningen har et veldig grønt, mangfoldig, internasjonalt og innovativt miljø . Bærekraft er et stort fokus. Dette reflekteres i både menneskene , foreningene, omgivelsene, studiene, undervisningen, forskningen og innovasjonen som foregår

Utveksling til Loyola Andalucia i Sevilla

Det å dra på utveksling er en utrolig fin måte på å utforske andre kulturer, land og ikke minst deg selv. Man lærer utrolig mye og får opplevd ting man kanskje ikke får gjort hjemme i Norge. Jeg har tidligere vært på utveksling to ganger og sitter igjen med mange gode opplevelser og følte en tredje utveksling i Sevilla ikke ville skuffe og det gjorde det heller ikke. Fag/Emner Jeg tok seks fag:  «Human resource management» «Economic Policy” “Operation Management” “Management Control” “Corporate Finance” “Economic Policy” Det akademiske nivået var for min del hel greit, men det var mange i klassen som syntes disse fagene var utrolig vanskelige. Vi hadde oppgaver som skulle innleveres i alle fag, små prøver og midterms som var en del av karakteren man fikk i tillegg til en avsluttende eksamen. Den desidert beste faget i følge meg var «Economic Policy» med Umed Temurshoev. Han er utrolig dyktig og fagene hans er mye mer krevende enn de andre jeg hadde, men utrolig lærerikt.

Utveksling i Budapest

Høsten 2017 var jeg på utveksling i Budapest, ved Szent Istvan University. Her tok jeg mitt fjerde år på landskapsarkitektur. Er du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å gjøre det samme? Jeg er veldig fornøyd med utvekslingsoppholdet. Grunnen til at jeg valgte å dra til Budapest, er at jeg ville oppleve å bo i en europeisk storby etter 3 år i Ås. Budapest har jeg besøkt en gang tidligere, og hadde et veldig positivt inntrykk av byen. Passe størrelse, nydelig arkitektur, god atmosfære og stort internasjonalt miljø. Samtidig er byen fortsatt autentisk, og ikke ødelagt av for mye turisme som enkelte andre europeiske storbyer. Dette er en gøy by å være ung i, og jeg anbefaler Budapest på det sterkeste! Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta? Ja, ettersom planen min var å ta masteremner fra det internasjonale MLA-programmet. Etter en uke på universitetet ble jeg meldt av alle fagene, og fikk beskjed om at disse ikke