Hei!
Eg heiter Elise og er fjerdeårs veterinærstudent ved NMBU Veterinærhøgskolen i Oslo. Frå januar til mars 2020 var eg på utveksling til University of Liverpool, kor eg hadde praksis i universitetets klinikkar.
Etter 3,5 år med teoretiske fag på Veterinærhøgskolen, er det plutseleg på tide med praksis i 8. semester. Praksisen foregår i Veterinærhøgskolens eigne klinikkar: Smådyrklinikken, Hesteklinikken og Produksjonsdyrklinikken på Adamstuen i Oslo. Det var altså praksis tilsvarande denne eg hadde under utvekslingsoppholdet i England. Kvar veke hadde eit gjennomgåande tema, t.d. "hest - indremedisin", "smådyr - anestesi", "produksjonsdyr - reproduksjon" eller "smådyr - bildediagnostikk". Kvar veke hadde vi ansvar for stell og oppfølging av våre eigne inneliggjande pasientar og hadde også eigne konsultasjonar når nye pasientar kom inn. I løpet av veka var det også fleire faglege gjennomgangar som var relevante for vekas tema.

Er du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å gjøre det samme?
Ja, eg er veldig fornøgd med mitt utvekslingsopphald! Eg vil absolutt anbefale andre å gjera det same, sjølv om det var litt brutalt i starten. Ein kjenner jo ingen, språket er kanskje uvant å bruke til å uttrykkje seg fagleg, kulturen er gjerne litt annleis og berre det å plutseleg ha praksis i ein klinikk er ein stor overgang i seg sjølv, også om ein er heime i Oslo. For å vera ærleg, var eg utanfor komfortsona det meste av tida. At studentane i Liverpool ligg eit år framfor oss utvekslingsstudentar i utdanninga gjer det jo heller ikkje lettare.
Det var høgt fagleg nivå i Liverpool og det var store forventningar til at vi studentar var sjølvstendige og ansvarlege. Vi fekk ikkje alltid meir oppfølging enn høgst nødvendig, med mindre vi sjølve bad om det, og det kan jo kjennest litt skummelt å skulle opptre profesjonelt på eit stort sjukehus der ein aldri har vore før. Likevel lærte eg mykje om viktigheita av å faktisk tørja å spørja når ein lurar på noko, og at dei aller fleste ein møter gjerne vil hjelpe og vise om ein berre spør og viser interesse for det dei har å lære bort. Dette gjeld alle frå veterinærar og dyrepleiarar til dei som vaskar på klinikkane eller sit i resepsjonen. Dette er jo lærdom ein kan bruke overalt i livet, nemleg at alle rundt deg kan hjelpe deg med eittelleranna, smått eller stort!
Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta?
Nei, dette var ikkje noko problem. I utgangspunktet vart praksisplanen sett opp av Studieavdelinga ved Veterinærhøgskolen, for å få det til å samsvare mest mogleg med det mine medstudentar lærte her heime. Men då eg fyrst kom til Liverpool og vart betre kjend med opplegget og prata med andre studentar, fekk eg inntrykk av at nokre veker var meir relevante for meg enn andre. Då tok eg sjølv kontakt med Studieavdelinga i Oslo og i Liverpool og fekk bytta til meg nokre veker eg syntest verka veldig spennande, utan problem. Eg fekk også bytta om på nokre enkelte dagar, t.d. slik at eg fekk vera med på besøk til ein gard med 3000 mjølkekyr!
Fikk du godkjent alle emnene dine da du kom hjem?
Ja, alt dette gjekk i orden då eg kom heim.
Er du fornøyd med den faglige kvaliteten på universitetet?
Den faglege kvaliteten i klinikkane ved University of Liverpool var særs høg. Nokre gongar var det faglege nivået litt i høgste laget for meg; sidan Hestesjukehuset og Smådyrsjukehuset i Liverpool er henvisningsklinikkar, ser ein mykje avansert kirurgi og spesialtilfelle som ein sjeldan ser i "vanleg" klinisk praksis i Noreg. Spennande å sjå, men kanskje ikkje alltid like nyttig til seinare.
Hvor langt rakk midlene du fikk fra Lånekassen/Erasmusstipend?
Eg syntest eg hadde god økonomi under opphaldet; det er billigare å leva i England og eg hadde nok å rutte med. Det er også ein stor fordel, for det å kunne ta seg råd til å reise rundt og oppleve landet er ein stor del av det å vera på utveksling!
Oppnådde du det du ønsket ved å dra på utveksling?
Jepp, så absolutt! Eg føler meg mykje tryggare på engelsk no enn eg gjorde før eg reiste, særleg til "veterinært bruk". Det var også veldig interessant å sjå kor store skilnadar det er mellom Noreg og England, særleg innanfor landbruket og produksjonsdyrmedisin.
Stikkord: England, University of Liverpool, smådyrmedisin, hestemedisin, produksjonsdyrmedisin, veterinærmedisin, veterinærstudent.
Comments
Post a Comment