Skip to main content

Erfaringsrapport fra Universität für Bodenkultur, Wien

I September pakka eg kofferten for mitt utvekslingsår i Wien - verdas mest levelege by. Etter tre år på Ås var det tid for å få nye impulsar, tid for å tvinge meg ut i det ukjente, og tid for å sjå kva ein storby midt i Europa hadde å by på for ein landskapsarkitekturstudent frå Noreg.

Første tur til Schloss Schönbrunn; 
ein drømmehage for ein landskapsarkitekt.


Første månaden brukte eg på å lære tysk på språkkurs. Eit av måla mine med å reise ut var å lære eit nytt språk, og ettersom eg ikkje kunne noko tysk frå før var læringskurva bratt, og eg kunne fort gjere meg forstått i kvardagslege ærend. Eg forstod fort at om eg skulle lære meg tysk var nøkkelen å tore å prate språket frå første stund. Dette førte til mange hyggelige samtalar med ukjende på kaféar, i butikkar eller tilfeldig forbipasserande i parken. Det var fortsatt sommar i Wien, og i tillegg til språklæring var det mykje tid til å bli kjent med det som skulle bli “min by” det neste året. Saman med nye vener vandra eg gatelangs frå ‘Kaffehaus’ til ‘Kaffehaus’, seine sommarkveldar blei tilbrakt langs Donaukanalen og vi var på ‘Wein Wandern’ i Wienerwald der lokal vin blei servert mellom vinrankane. Wien viste seg verkeleg frå si beste side! 

Eg valde å bu privat, og leigde rom i eit kollektiv med fire andre tyskspråklege jenter. Dette var eit bevisst val nettopp for å vere omringa av språket og for å bli tvunge til å bruke det kvar dag.  I tillegg var det ein fin måte å få venar frå på starten, og å få eit nettverk av lokale folk, ikkje berre andre utvekslingsstudentar. Her laga vi middag saman, klatra, gikk på tur, hadde festlige festar og late søndagar. Kollektivet vårt var i 17. Distrikt, midt mellom sentrum og universitetet som ligg mot utkanten av byen. Frå her var det lett å komme seg rundt med både kollektivtransport (som er veldig bra og billig i Wien) og til fots eller på sykkel uansett kvar ein ville. 

Kollektivet i Wien!


Kvardagen i Wien var skikkelig fin. Finevêrsdagar blei nytta på joggetur blant vingårdane i Wienerwald, eller på spasertur i fantastiske parkar som Schloss Schönbrunn eller Rathauspark. Om eg hadde heile dagar til rådighet var det nydelig å ta toget litt utanfor byen for små og store fjellturar. I tillegg er mi anbefaling å utnytte all den kulturen som ein er omringa av. Eg fekk mellom anna med meg konsert i Musikverein (der nyttårskonserten vert spelt kvart år), musikal i Volksoper og utstillingar på nokre av dei mange museuma som finst. Det var fantastiske opplevingar, men noko av det som har gjort sterkast inntrykk er alle dei gongane vi tilfeldigvis har ‘dumpa innom’ små konsertar, jam-sessions og ‘Flohmarktutan forventingar. Her får ein så fine augneblinkar og møter gjerne spennande folk. Opplevingane kjem liksom til deg om ein berre ei open for å oppdage dei. 

'Flohmarkt' i bakgården og uteopera 
dukka plutselig opp ulike stader i byen.








Om du vil vekk frå storbyen og ut i naturen er det berre ein togtur unna. 
Her frå Mödling, Innsbruck og Schneeberg.







Eg meiner det er viktig å vere bevisst på at det å reise på utveksling ikkje berre er lett. Det krever mykje å flytte til eit nytt land, tilpasse seg ein ny kultur og å skaffe seg venner. Når ein i tillegg skal studere på eit eller fleire språk som ikkje er ditt morsmål kan det enkelte dagar bli mange inntrykk å ta inn, spesielt i byrjinga. For min del var det viktig å vere bevisst på kva eg ville få ut av dette året, og kva eg hadde lyst å oppleve. Då var det mykje lettare å prioritere kva eg skulle bruke krefter på. I tillegg erfarte eg at det å seie ja når du blir invitert utan å tenke så mykje over at du ikkje kjenner nokon eller at du ikkje forstår noko (eg har brukt utallige timar på å late som eg forstod kva folk prata om på østerriksk hehe), er veldig lurt. For plutselig har du vennar og eit nettverk å støtte deg på både dei bra og dei litt mindre bra dagane, og det er gull verdt. 


I tillegg til å nyte byen brukte eg mykje tid på universitetet. Det ligg veldig fint til på ei høgde med utsikt mot Kahlenberg, det høgaste punktet i Wien. Rett ved campus finn ein Türkenschanzpark, ein stor landskapspark som blir brukt både til undervisning og rekreasjon. Det var alltid ein fin start på dagen å rusle gjennom parken på veg til forelesing. Faga på BOKU (Universität für Bodenkultur) er veldig små og det er svært vanlig å ta fag på 1,2,og 3 ECTS. Dette gjer det vanskeleg å få timeplanen til å gå opp, iallfall om planen er å ta 30 ECTS, og mange endringar vart gjort før det var klart. Eit tips kan vere å ta litt færre studiepoeng for å ikkje bli overlesst med arbeid, så du har tid til å oppleve og nyte dagane i Wien. På same tid er det små klassar og det er lett å få individuell tilpassing og god oppfølging. Dette var noko eg sette spesielt stor pris på i dei tyske faga eg tok. Lærarane bestemmer i stor grad sjølve kor mange studentar som får plass i faga deira, og set ofte av plassar til utvekslingsstudentar, så det kan løne seg å ta kontakt på førehand for å reservere ein plass om det er eit fag du vil ta. Denne våren hadde eg planlagt mange spennande fag med ekskursjonar til både Slovakia, Salzburg og til vingardar i Wien, noko som dessverre ikkje blei mogleg, men som mange anbefalar sterkt å gjere vårsemesteret. 

Mange praktiske fag og ekskursjonar 
for landskapsarkitektar på BOKU kan anbefalast.



Universitetet og Türkenschanzpark

Det som skulle vere eit heilt år i Wien og ein spennande vår i vente vart brått avbrote då korona-pandemien blussa opp. Det var ikkje enkelt å vite kva ein skulle gjere, men på grunn av all usikkerheita reiste eg heim i trua på at eg skulle returnere om nokre veker. Dette gikk dessverre ikkje. Denne våren var planen å oppdage resten av Austerrike; alle majestetiske fjell og sjarmerande landsbyar som berre er ein togtur frå Wien og å bli flytande (i den grad det går) i språket. Eg fikk ikkje med meg alt eg ville, og eg fikk ikkje sagt ha det til alle eg ville, men eg har likevel fått med meg så mykje dei sju månadane eg fekk vere der. Eg har fått nye vener og bekjente frå heile verda. Eg har fått auga opp for eit nytt språk og for kor vakkert tysk faktisk er. Eg har utvikla meg i takt med utfordringane dette har gitt. Og eg har fått ein ny by og eit land som er litt mitt. Eg skal tilbake og oppleve alt eg ikkje rakk, og det kan eg anbefale alle andre òg! 

Solveig Myklebust 

Comments