Hei! Eg heiter Signe, og eg reiste på utveksling til University of Helsinki våren 2022. Eg gjennomførte utveksling under siste semester på bachelor i Miljøvitskap, og følgde masterprogrammet i Environmental Change and Global Sustainability på campus Viikki (Faculty of Agriculture and Forestry).
Fag eg tok:
FINN-114
Finnish beginners’ course for exchange students (5 stp). Beste avgjerda eg
gjorde var å ta eit fag i finsk! Læraren var veldig flink til å lære bort, og
fortalde oss også om Finland og finske tradisjonar. Det var moro å kunne gå
rundt i byen og lese på skilt, når eg etter kvart forstod ein god del av
språket. Er du glad i språk, bør du ta dette faget. (Gjerne start litt med
Duolingo før du reiser.)
ECGS-601 Ecosystems and climate change (5 stp). Veldig bra fag med mange gjesteforelesarar. Eit særleg fokus på Arktis, som er eit interessant område med tanke på hastigheita og grada av endringar i klima og miljø som skjer der.
ECGS-085 Imagination in environmental politics (5 stp). Interessant fag, med innfallsvinkel som var veldig ny for meg. Tverrfagleg, trakk på eit vis inn både filosofi og psykologi i klimasaka.
ECGS-011 Advanced aquatic and sediment biogeochemistry (5 stp). Krevjande innhald, men interessant fag. Avslutta emnet med ein dag med foredrag der tre forskarar presenterte sine prosjekt innan temaet for faget.
MAAT-051 Introduction to circular economy (3 stp). Litt vel grunnleggande. Heilt nett-basera, så ein gjennomførte faget i eige tempo.
FOR-111 Behavioural change and sustainability (5 stp). Skulle utføre eit intervju av valfri person, om berekraftige adferdsendringar. Gruppe-arbeid. Heilt ok fag.
Personleg utvikling:
Før eg reiste
ut hadde eg høyrt mykje bra om utveksling. Og eg så takksam for at eg fekk moglegheita,
og at eg valde å reise på utveksling! Det at valet gjekk på Helsinki kom av
fleire grunnar. Først og fremst reint praktisk, fordi korona framleis var ei
sak, så eksotiske land langt vekk var uaktuelt. Eg reiste under tredje året på
bachelor, så eg måtte finne eit universitet med undervising på engelsk, noko
University of Helsinki hadde. I tillegg var det noko som appellerte til meg med
det at Finland er eit naboland eg ikkje hadde stor kunnskap om frå før. Eg er glad
i Tove Jansson, og har sans for finsk design og arkitektur, så det trakk meg
også mot Helsinki. Til slutt hadde eg også eit ynskje om å bu litt urbant, som
ein kontrast til vesle søte Ås. Alt i alt vart Helsinki verkeleg det riktige
valet for meg!
Eg er sikker på at å reise på utveksling har lært meg mykje. Det kan kome mange situasjonar der ein må vere sjølvstendig. Å finne ut av ting heilt på eiga hand, plassert i eit land langt borte frå heime, gjer ein til ein sterkare person. Eg har også fått mange gode venner frå heile Europa, og har mange fine minner med dei. Reint karrieremessig trur eg også at det å ha kunnskap om Finland kan vere av nytte for meg. Når eg kjem ut i arbeidslivet, kan det godt vere at eg vil komme borti samarbeid med andre nordiske land når det kjem til å løyse utfordringar knytt til miljø og klima.
Folk eg har møtt, stader eg har sett, fag eg har teke, har absolutt ført til at eg har gjort meg nye refleksjonar både når det gjeld kva eg vil vidare, men også rundt kor stolt eg er av Noreg, vår natur og kultur.
Bustad og økonomi:
Eg fekk
tilbod om studentbustad (Unihome studioleiligheit til €565) nær Viikki campus,
som er om lag 30 min frå sentrum. Sidan eg i stor grad skulle ha digital
undervising (framleis korona-restriksjonar våren 2022), kom eg ikkje til å ha
særleg med opplegg på campus. For meg var det av stor verdi å kunne bu saman
med andre, ikkje åleine i studioleiligheit. Eg valde derfor å takke nei til
studentbustaden, og istaden leige privat, eit rom i kollektiv med to andre.
Leiligheita låg sentralt (leige €600), og eg fann annonsa i ei Facebook-gruppe.
Det kan vere utfordrande å på førehand finne ut kva område som er gode å bu i, og kva som er mindre attraktivt. Kallio er Helsinkis Grünerløkka, med hipsterkultur, bruktbutikkar og uteliv, og ligg fint plassert mellom Viikki campus og sentrum. Töölö er også eit fint område. Eg budde på øya Lauttasaari, roleg familieområde med fine kyststiar. Studentleiligheitene i Pasila ligg litt utanfor sentrum, men med god tilgjengelegheit mtp. kollektivtransport. Viikki er noko utanfor sentrum, og er meire ruralt med jordbruksareal og ope landskap.
Det var veldig til hjelp å få støtte frå Lånekassen og Erasmus+-stipendet. Prisane i Helsinki og Finland er om lag same som i Noreg – noko lågare.
Om universitetet:
University
of Helsinki har scora høgt på internasjonal ranking av universitet. Eg syntest
kvaliteten på forelesingane og professorane generelt var god. Sidan eg var på
utveksling under eit korona-prega semester hadde eg lite opplegg på campus, og
eg hadde heller ingen fag på lab. Eg jobba derimot veldig ofte på Think Corner
og på Kaisa Talo, som er universitetsbibilioteket i sentrum. Ellers lika eg å
sitje på Oodi, hovudbiblioteket.
Det var noko krevjande å setje seg inn alt det praktiske, som t.d. «canvas»-sida, oppmelding til fag, og usikkerheit rundt kvar nivået for vurderinga av oppgåvene låg. Dette er vel noko ein møter på uansett når ein kjem til eit nytt universitet. Når det er sagt, var det alltid nokon tilgjengelege til å spørje om hjelp, anten frå NMBU eller studentkontakter ved University of Helsinki. Eg synest også heller ikkje at dei var særleg strenge når det gjald karaktersetjing. For meg vart det endringar i kva fag eg endte opp med å ta, då dei faga eg hadde sett meg ut på førehand, plutseleg ikkje vart haldne likevel. Så det er viktig å vere førebudd på endring av planar.
Det er eit stort nettverk av utvekslingsstudentar, særleg mange frå Nederland, Frankrike og Tyskland. ESN (Erasmus Student Network) arrangerer mange ulike arrangement og turar. Eg anbefalar særleg å bli med på arrangert tur til Lappland i februar/mars.
Tips til andre studentar:
Semesteret
på utveksling går veldig fort! Mitt råd er å på førehand sjå seg ut nokre ting
ein ynskjer å gjere, og gjennomføre det når ein har ledig tid. For min del var
det å besøke museum i byen (fleire av musea har gratis inngong ein gong i
månaden), reise på hytteturar (leige AirBnB med ein vennegjeng) og reise på kulturarrangement
i byen (jazzjam på Harju8, konsertar på G Livelab, kino på Cinema Orion, 17.
mai feiring med Den Norske Forening i Finland på Seurasaari). Eg anbefalar også
å ta sauna så ofte som mogleg! Alle leiligheiter har tilknytt ein sauna, anten
privat eller delt med fleire leiligheiter. Av offentlege saunaer er mine
favorittar Sompasauna, Lonna sauna, Kulttuurisauna og Kuusijärvi. Eg er glad i
å gå på ski, så eg tok med meg skia mine frå Noreg. I Finland er det også ein
sterk kultur for å gå på skøyter, og ved innsjøen Tuusulajärvi kan ein leige
turskøyter.
Finnane er eit interessant folk. Dei er kanskje litt sære og introverte, kanskje noko konfliktsky, men også veldig hyggelege og har mykje sisu. Sidan svensk er eit offisielt språk i Finland, kan ein også ofte kommunisere med dei på svensk/norsk. Den yngre generasjonen er generelt gode i engelsk. Eg var stort sett saman med andre utvekslingsstudentar, sidan me var i same situasjon. Eg vil absolutt seie at eg styrka engelsken min ved å prate engelsk kvar dag i eit halvt år, og ved å ha all undervising på engelsk.
Eg kan varmt anbefale å reise på utveksling til Helsinki! Eg sit på fleire gode tips, så om du vurderer å reise til Helsinki og har spørsmål, må du gjerne ta kontakt med meg.
6 kjappe spørsmål:
Er du fornøgd med
utvekslingsopphaldet ditt, og vil du anbefale andre studentar å gjere det same?
Ja!
Var det vanskeleg å få dei emna du ynskja å ta?
Tja, eg måtte endre
den opphavlege planen min, då nokre av faga ikkje vart held likevel. Men eg
endte til slutt opp med fag eg er fornøgd med å ha teke.
Fekk du godkjend alle emna dine då du kom heim?
Ja/ventar på tilbakemelding.
Eg hadde allereie teke dei obligatoriske emna eg trong frå NMBU si side, så eg
hadde nokså frie tøyler. Eit tips er derfor å ha ein slags plan frå tidleg av,
slik at du ligg litt i forkant og gjerne også har ein buffer når det gjeld
studiepoeng.
Ja.
Kor langt rakk midla du fekk frå Lånekassen/Erasmusstipend?
Stipenda dekka i stor
grad opphaldet mitt.
Oppnådde du det du ynskja ved å reise på utveksling?
Ja!
Signe Raftevold Rue
Finland, Norden,
University of Helsinki, miljøvitenskap, bachelor, Environmental Change and Global
Sustainability
Comments
Post a Comment