Som ein del av master studiet i Aquatic foods production- Safety and quality vart andre, og siste året av masteren gjennomført ved Universitetet på Island som ligg i Reykjavik. Totalt var me 5 studenter frå studiet som reiste over hausten 2023.
Fag/Emner: Medan først studieår på NMBU hadde hatt
hovudfokus på akvakultur og grunnleggende fag i innhausting av mat frå havet
var fokuset meir over på mat og matinnovasjon vårt andre studieår her på
Island. Heile studieforløpet (også på NMBU) var på engelsk, så overgangen til
utlandet og undervisningsform var ganske likt som i Noreg. Eit av dei tiltengte
obligatosriske emnene vart avlyst ved studiestart og måtte erstattast av eit
nhytt valgfritt emne, dette resulteterte i eit veldig ope og lite travelt
første halvdel av første semester, men på den andre sida eit særs travelt andre
del av første semester medd nesten 30 studiepoeng frå oktober til desember.
Starten vart litt kronglete med å finne nye fag som kunne fylle ut det som
mangla av studiepoeng grunnet avlysning av eit stort fag, men fekk hjelp av
både studieveileder på Island, og opplevde ingen problem med å få godkjent dei
„nye faga“ hos NMBU.
Eksamensperiode, undervisningsmetode og
sjølve eksamen i seg sjølv var gjennkjennbart frå og Noreg, med blanding av digitial og penn og
papir, litt etter kva fag og lærer foretrakk.
På våren er eksamenstiden noko tidlegare enn kva eg har vore vane med frå
Noreg, der dei fleste studentane har vore ferdig med eksamener innan midten av
mai.
Personlig utvikling: Som mange av dei som hamnar på Island som
eit del av sitt studieforløp så er det kanskje den mektige naturen som freistar
mest! Når ein kjem til Island som utvekslingsstudent er det moglegheiter for å
bli med i chattegrupper med andre utvekslingsstudentar og samarbeide/dele på
utgifter for t.d. leigebil og finne reisepartnare/vener å dele opplevingane
med. Island har mange fantastiske områder å besøket, og sjølv eit år går
ufatteleg fort, og det er mykje eg enda ikkje har fått sett!
Bolig: Sidan eg er det eg vil kategorisere som
vaksen student falt valet på studio leilegheit. Å leige leilegheit i Reykjavik
er dyrt, og det anbefalast at ein er tidleg ute anten om ein ynskjer seg plass
i student hybel eller ynskjer å finne på privatmarknaden. Mange av
studentboligane er ganske nye, og leilegheita eg budde i var veldig fin.
Månadleg leige for plassen eg budde var på 148 708 ISK, som er om lag
11 500 NOK, litt avhengig av kronekurs. Dersom ein er open for det, vil
det vere betrakteleg billigare å bu i kollektiv. Mange av kollektiva
tilhøyrande studentsamskipnaden har rom med eigne bad. Det er også mogleg å
søkje om bustad støtte på visse vilkår frå HMS.is sidan leigeprisane her er så
dyre, så det er verd å sjekke oppi om ein oppfyller krava der og har rett på
støtte.
Om universitetet: Universitetet
på Island, Reykjavik, ligger sentralt i Reykjavik med gangavstand til sentrum
og de fleste fasiliteter. Dei aller fleste av fakulteta ligg i gangavstand frå
studenttorget og andre fakultet. På studenttorget finn ein både studie
informasjon, internasjonalt kontor, studierådgivar etc. Der er også kantine og
ein utruleg koseleg studentbokhandel med kaffiutsal.
Språkutvikling: Som master student var ikkje islandske
språkfag godkjent som del av vitnemålet, men dersom ein er på utveksling som
ein del av bachelor var det fleire frå andre land som fekk språkfaget godkjent,
så det er noko ein i tilfelle kan skjekke ut! Eg tok derimot Islandsk grunnkurs
I på hausten og II på våren mest på gøy og eigen læring. Desse kursa er 10
studiepoeng kvar, og kan verkeleg anbefalast. Veldig engasjerte og dyktige undervisarar!
Studentvisum: Som nordisk statsborgar er
flytteprosessen ganske saumlaus og enkel. Dersom ein skal vere over eit halvt
år på utveksling må ein melde flytting og få islandsk personnummer
(«kennitala»). Dette vart gjort ved oppmøte på «skra» og var raskt
unnagjort. Dersom ein er frå land utanfor Europa er denne prosessen mykje meir
krunglete, og visum prosessen tek tid. Sidan eg fekk støtte frå lånekassen i
form av lån og stipend i tillegg til erasmus stipendet vurderte eg det enklast
å la ver å jobbe i tillegg til studiane. Dei av mine medstudentar som hadde
behov for arbeid i tillegg til stipend
for å klare utgiftene hadde litt utfordringar med å skaffe arbeidsvisum, då
Island har opplevd ein veldig stor auke av studentar frå land utanfor Europa,
og papir arbeidet med behandlinga tek tid.
Alt i alt har opphaldet mitt på Island
vore eit kjekt og innhaldsrikt år. Og til tross for travle studietider har det
blitt ein del utflukter gjennom året. Eit semester eller år på Island er å
anbefale dersom eit besøkt til Sagaøya er på «bucketlista». Bortsett frå emnet
som vart avlyst i siste liten var det geit å få tatt ynskja emne, også
moglegheit for emne ved anna fakultet, og professorane er hyggelege og svarer
gjerne på spørsmål om emne du lurer på om kan vere av inteteresse og passe ditt
studieforløp! Hadde ingen problem med å få godkjent emne ved NMBU. I
studieløpet eg tok er Island ganske langt framme og faglege kvaliteten høg.
Grunna mitt val av bustad vart midlane litt kort (med både
lånekasse/Erasmusstipend), men med noko oppsparte middel, så gjekk det greitt.
Eit halvår er nok mindre kostbart og også det å bu i kollektiv eller med delt
kjøkken gjer utgifter mindre. Mat og underhaldning er på om lag same
kostnadsnivå som heime i Noreg.
Comments
Post a Comment