Våren 2024 har eg vore på utveksling ved Aberystwyth University, som ligg i ein liten, karismatisk kystby i Wales!
Eg har i
mange år hatt ein liten drøym om å bu i utlandet for ei lita periode, og såg
derfor veldig fram til eit utvekslingsopphald! Eg håpte på å få mange nye
opplevingar, møte nye folk, oppleve ein ny kultur, men også få nye perspektiv
fagleg sett – gjerne om naturforvaltning. Etter opphaldet sit eg igjen med
akkurat dette, og eg er både blitt meir sjølvsikker i møte med nye menneske og
blitt klokare på kva karriereretning eg ynskjer å gå.
Eg tok 3
fag «Freshwater biology», «Behavioural ecology» og «Surveying ecology» som til
saman tilsvara 30 studiepoeng. Det er generelt vanlegare å skrive innleveringar
i Aber samanlikna med NMBU. Det er også langt færre forelesningar og annan
felles aktivitet i løpet av semesteret. Det blir lagt meir fokus på at ein skal
lese forskingsartiklar på eige initiativ. Alt i alt er det lite obligatorisk, og
ein står langt meir ansvarleg for eiga læring. Derfor er det viktig å planlegge
godt, då det fort kan bli ei opphoping av innleveringar mot slutten av
semesteret.
Bustad var lett å søke på gjennom
universitetet, og vi fekk all den informasjonen vi trengte undervegs i
prosessen. Sjølv om bustaden var noko dyrare og lågare standard enn det eg var
vandt med, så var det absolutt godt nok, og det var ei stor tryggheit i å vite
at ein var sikra bustad. Eit anna stort pluss var at ein hadde tilgang til å få
hjelp av sikkerheitsteamet 24/7 som er raske å hjelpe til dersom noko skulle
skje.
Universitetet har scora høgt på rankingar for
fornøgde studentar siste åra (mellom anna mest fornøgde studentar i England og
Wales i 2022) og har mange dyktige lærarar og tilsette. Alle 3 faga mine hadde
utferder og lab-timar, og hadde fokus på
å få noko relevant praktisk erfaring. Det internasjonale nettverket er står
sterkt, med fleire kulturelle foreiningar (kalla «societies»), som Erasmus
Student Network (ESN), Hispanic Society osv. Det er også verdt å nemne at det
er svært mange nordmenn i Aberystwyth, så skulle ein føle behov for å snakke
med andre nordmenn kan ein oppsøke ANSA (@ansa_aberystwyth på Instagram).
Eg har personleg vore vand med å snakke på
engelsk før eg reiste til Wales og har derfor ikkje hatt store språklege
utfordringar. Den største utfordringa var i samanheng med undervisning der det
var mange ukjente faglege omgrep og særleg engelske artsnamn. Men så lenge ein
aktivt tek i bruk google og omsetjingsprogram så er det også ein effektiv måte
å lære mykje på kort tid! Det finst diverse kurs, fag og ressursar ein kan ta i
bruk dersom ein treng hjelp, og ein får informasjon om kvar ein kan finne alt dette
undervegs!
Det skal også nemnast at Wales er tospråkleg.
Walisisk er eit språk i vekst og ein vil sjå språket overalt ein går. Som regel
står alle skilt og all informasjon på begge språk, men det kan likevel vere
givande å lære seg litt. Det walisiske folket set ofte stor pris på alle som
prøvar å lære og bruke språket! Eit tips for å lære noko av det grunnleggande
er å bruke Duolingo!
Som norsk statsborgar er det ikkje nødvendig å
skaffe seg visa dersom ein berre skal studere i Storbritannia i eit semester.
Men ver obs på at ein får ein frist på når ein må vere ute av landet.
Er du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre
studenter å gjøre det samme?
·
Ja, eg er utruleg
fornøgd med opphaldet mitt, og vil absolutt anbefale det til andre!
Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta?
·
Eg hadde litt
vanskar med å få til ein timeplan der emna ikkje kolliderte med kvarandre, men
utanom det var det ingen problem!
Fikk du godkjent alle emnene dine da du kom hjem?
·
Ja!
Er du fornøyd med den faglige kvaliteten på universitetet?
·
Eg hadde dyktige
lærarar og ein kan absolutt lære mykje, men det krevst meir eigeninnsats enn
det eg er vand med.
Hvor langt rakk midlene du fikk fra Lånekassen/Erasmusstipend?
·
Det rakk til alt
eg trengde og eg hadde i tillegg litt til overs til reising og andre
aktivitetar.
Oppnådde du det du ønsket ved å dra på utveksling?
·
Absolutt!
Stikkord: Wales, Storbritannia, Aberystwyth University,
Økologi, biolgi, naturforvaltning, Bachelor, Økologi og naturforvaltning
Comments
Post a Comment