Dette er meg, på tur ved Skaftafellsjökull. Foto: Jonathan Crespi |
Mi erfaring er at University of Iceland kanskje passar best for dei som studerer naturforvaltning eller økologi, og dei som ikkje har, eller som kan flytte obligatoriske fag frå utreisesemesteret.
Den er alltid godt egna til studentturar og utferder og ekskursjonar! Bla ned for erfaringsrapporten!
Ei kort oppsummering av hendingar i semesteret som var:
- Eg pakka sakene mine, og reiste til Island 4. Juli 2019. Eg dro tidlig for å samle data, men også for å få lengst mogleg eksponering for islandsk.
-Eg måtte plutseleg finne ei ny erstatning for eit obligatorisk fag
- Eg var to svippturar på rundt ei uke kvar, i oktober til Sverige for eit distansekurs eg omtalar seinare i eit eige innlegg, og november til Finland for å vere med på gruppeintervju til ein bedrift eg verkeleg har opna auga mine for.
- Eg dro på to ekskursjonar gjennom Sør-Island, ei rundreise med kjærasten, ein tur til Landmannalaugar og to turar til den vestlige delen av Vestfjordane.
-Eg sto alle fag, fekk såvidt heilsa på nokre av systkenbarna mine, og reiste heim att den 15. Desember 2019.
Eg har mykje erfaring med utveksling, og eg vil alltid anbefale andre studentar å gjere det. Eg er summa sumarium nøgd med denne utvekslinga, men det er enkelte ting hjå University of Iceland eg meiner kunne vere gjort betre.
Ja, eg er nøgd. Undervisarane er dyktige, og dei eg hadde brann for faget sitt. Nokre av dei hadde eg stor glede av, men eg er kritisk til administreringa hjå universitetet på Island
Eg meiner midlane rekker fint om ein har noko pengar spart opp frå før av. Ein risikerar å betale mykje i leie, og mat er ikkje akkurat billig, men offentleg transport og badeanlegga er billige. Eg hadde rundt 41.000 NOK i ekstra midler.

Erfaringsrapport
Er du nøgd med utvekslingsopphaldet ditt, og vil du anbefale andre studentar å gjere det same?
Eg har mykje erfaring med utveksling, og eg vil alltid anbefale andre studentar å gjere det. Eg er summa sumarium nøgd med denne utvekslinga, men det er enkelte ting hjå University of Iceland eg meiner kunne vere gjort betre.
Var det vanskeleg å få faga eg ynskja?
Ja, det var vanskeleg, litt fordi eg ikkje syntes emnekatalogen var oversiktlig, og eg meiner ein har absolutt ingen garanti for at faga som står oppført, faktisk innafor rimelegheitas grenser er moglege å ta.
Eg opplevde at eit fag det ikkje var noko galt med, utan forvarsel vart avlyst. Ein sakbehandlingsfeil gjorde at den fortsette å vere i emnekatalogen, så det vart ikkje tatt tak i då søknaden min vart behandla. Det kom ei løysing på saka, men det førte til meir hovudbry for meg enn eg skulle behøvd å oppleve.
Fikk du godkjend alle faga då du kom heim?
Eg fekk alle faga godkjend fredag 21.02.2020. Karakterutskrifta frå Island vart noko seinka fordi den tok vegen om arkivet før den kom SiT i hende.
Er du nøgd med den faglege kvaliteten på universitetet?
Ja, eg er nøgd. Undervisarane er dyktige, og dei eg hadde brann for faget sitt. Nokre av dei hadde eg stor glede av, men eg er kritisk til administreringa hjå universitetet på Island
Kor langt rakk midlane du fikk frå Lånekassen/ERASMUS-stipendet?
Eg meiner midlane rekker fint om ein har noko pengar spart opp frå før av. Ein risikerar å betale mykje i leie, og mat er ikkje akkurat billig, men offentleg transport og badeanlegga er billige. Eg hadde rundt 41.000 NOK i ekstra midler.
Oppnådde du det du ønska ved å dra på utveksling?
I all hovedsak gjorde eg det. Eg fikk øvd opp islandsken min att, eg fekk samla nokre data (som siden er tapt), og eg fikk kontaktar eg trur vil komme godt med i framtida. Fekk ikkje bygd opp kontakten med slekta mi, men det er alltids neste sumar for slikt.
Comments
Post a Comment