Skip to main content

Sciences Po Rennes

 

Hallo, mitt namn er Jardar Lindaas Bringedal og eg var på utveksling vårsemesteret 2022 på Sciences Po Rennes i Rennes i Frankrike.

 

På utvekslinga tok eg følgande emne:

French Language 6 ECTS credits

French History and Civilisation 6 ECTS credits

Contemporary Elections and Electoral Geography in Central Eastern Europe 3 ECTS credits

Cities and Regions in Europe 6 ECTS credits

Migrations 3 ECTS credits

Modern Political Thought: from Perestroika to present days 6 ECTS credits

 

Eg drog til Sciences Po Rennes utan noko særleg franskkunnskapar og tok derfor alle emna mine på engelsk. Sciences Po Rennes er eit relativt lite universitet og dei har to alternativ for


utvekslingsstudentar, viss ein kan fransk frå før kan ein ta det «franske programmet». Der er det tre obligatoriske emne som alle utvekslingsstudentane må ta, også får ein velje tre emne blant emna som blir undervist på fransk. Det andre alternativet er det «engelske programmet», for dei med lite eller ingen franskkunnskapar. Her får ein ikkje velje emne sjølv, men får ein ferdigoppsatt timeplan med seks ulike emne. Kvart år er to av emna frank språk og fransk historie og sivilisasjon, medan dei andre emna varier frå semester til semester.

Alle emna hadde obligatorisk oppmøte. Vurderingsforma varierte frå emne til emne, i fransk hadde me fire delprøvar fordelt på semesteret, i fransk historie og sivilisasjon hadde me ein munnleg eksamen på slutten av semesteret. Migrasjon og Byar og regionar i Europa hadde begge gruppeframføring med rapport skriving og ein munnleg eksamen på slutten av semesteret. Kontemporære val og val geografi i sentral Aust-Europa hadde ein skriftleg eksamen på slutten av emnet, medan Moderne politiske tanke hadde ein stor semesteroppgåve om ein sjølvvalt politisk tenkar.

Det var utfordrande og spennande med ulike vurderingsformar. Spesielt dei munnlege eksamenane var uvant, men eg lærte mykje av det. Det var òg lærerikt å gjere gruppearbeid med amerikanarar, litauarar, italienarar, tyrkarar og tyskarar på dei to gruppeoppgåvene eg hadde. Elles hadde eg professorar frå Frankrike, Russland og Tsjekkia noko som også gav ulike perspektiv på emna me hadde og undervisningsmetode. Det einaste emnet me hadde lekse i var fransk språk.

 

 

Personleg utvikling:


Eg valde å dra på utveksling fordi eg alltid har hatt eit stort ønske om å læra meg fransk. Diverre kunne eg ikkje ta fransk på ungdomskulen, så då eg fann ut at eg kunne dra til Sciences Po Rennes og ta emne på engelsk i Frankrike så var eg aldri i tvil om at eg ville dra. Dette semesteret har hovudfokuset mitt vore å læra mest mogleg fransk. Det har ikkje vore berre lett då dei fleste vennene mine er andre utvekslingsstudentar med grensa franskkunnskapar, men eg har likevel klart å læra ein heil del. Nok til at eg har fått meg sommarjobb på ein restaurant/bar i Frankrike.

På utvekslinga har eg lært å bli meir sjølvstendig, eg har lært meir om ulike kulturar, ikkje berre den franske, men også litt om kulturane til dei andre utvekslingsstudentane. Eg håpar at utvekslinga har styrka mine jobb og karrieremoglegheiter, då eg har fått meg meir internasjonal erfaring, større kulturell forståing og utvikla språkkunnskapane mine. No er planen å bli i Frankrike ut året, først sommarjobb på ein restaurant/bar også håpar eg å få meg ein jobb på kafé i haust. Etter kvart vil eg søkje meg inn på ein mastergrad i økonomi.

 

Bustad:

Eg har budd særs godt i Rennes, sentralt i gamlebyen saman med fire franskmenn. Me delar stove, kjøkken og do, og har eigene rom med eigen dusj på kvart rom. Eg fann leilegheita vi ein NMBU student som anbefalte meg nettsida colocatere.com og fekk ordna kontrakt med hjelp frå livin-france.com. Eg har betalt rett over 500 euro i månaden, som er meir enn dei fleste utvekslingsvennene mine, som har budd i studentbustadar med lågare standard og lengre veg inn til Rennes sentrum. Gjennom heile semesteret har eg ete ein stor lunsj i universitetskantina for 3,3 euro.

 

 

Om universitetet:


Sciences Po Rennes er eit universitet i Rennes i Frankrike, universitetet undervis i politisk vitskap og alle som tek ein bachelorgrad her følgjar eit fast program kor ein tar emne innan politikk, økonomi, juss, språk, historie og internasjonale relasjonar. Det tredje året består av utveksling og eventuelt eit internship. Når ein tek mastergrad kan ein sjølv spesialisere seg innan emna ein har lært om frå bachelorgraden. Det er fleire Sciences Po rundt om i Frankrike, blant anna Sciences Po (Paris) kor båe Jonas Gahr Støre og Emmanuel Macron har studert. Sciences Po Rennes blei stifta i 1992. Det er eit stort internasjonal fokus på Sciences Po, noko som er ekstra tydeleg då alle tredje-års-studentar må dra på utveksling. Det internasjonale fokuset gjer at dei også har moglegheiter for ikkje-fransktalande studentar, noko som var heilt perfekt for meg, då eg ville dra til Frankrike sjølv om eg ikkje har hatt fransk-undervisning tidlegare. Dette gjeld også for Sciences Po Lille som NMBU òg har utvekslings-samarbeid med.

 

Språkutvikling:


Min hovudmotivasjon for å dra til Frankrike var å læra mest mogleg fransk. Eg har tatt eit franskkurs på 6 studiepoeng i løpet av semesteret, som bestod av fire timar undervisning i veka. I tillegg hadde me kveldsundervisning dei to første vekene av januar. Då eg kom til Frankrike hadde eg aldri hatt ein profesjonell fransktime, kunn eit år med sjølvlæring på språkappen Duolingo. Som tidlegare nemnt i teksten så er det fort gjort å berre snakke engelsk og ikkje forbetre franskkunnskapen så mykje, men eg har hatt eit fokus på å prøva å læra meg mest mogleg. Eg har fått meg nokre franske venner, og nokre av vennskapa eg har hatt dette semesteret har kunn føregått på fransk. Mine fire franske romkameratar har òg vore til god hjelp, blant anna har eg fått låne mange franke barnebøker frå han eine. Eg hadde også eit par franske venner som eg kjente frå før, då dei har vore på utveksling på NMBU, desse har bidratt til at eg har fått litt større fransk nettverk. Eg har lært ein del fransk, men eg har ein lang veg å gå. Nokre dagar kan eg føle meg som ein meister i fransk, mens andre dagar slit eg med å kjøpe ein bagett på bakeriet. I sommar skal eg forhåpentlegvis forbetra franske betydeleg på sommarjobben min på bar/restaurant i Frankrike. Til hausten håpar at eg kan få meg ein jobb på kafé i Rennes. I løpet av 2022 er målet å kunne prate godt fransk samt å kunne skrive det greitt.

 

Studentvisum: Det er ikkje noko behov for studentvisum i Frankrike, takk og pris for det Europeiske samarbeidet.  

Tips til andre studentar? Dra på utveksling, utfordra deg sjølv, prøv å få lokale venner og lær deg mest mogleg av det lokale språket. Det vil opne ukjende dører.

 

Er du fornøgd med utvekslingsopphaldet ditt, og vil du anbefale andre studentar å gjere det same?

Eg er særs nøgd med utvekslingsopphaldet mitt. Det blir aldri heilt slik ein har sett føre seg, og det kjem utfordringar og hindringar som ein ikkje heilt vett koss ein skal takle. Men dette er noko av det som gjer utvekslinga så spennande. Ein lærar mykje om seg sjølv, spesielt i land der ein ikkje kan språket så godt. Då brukar ein mykje tid i eige hovud for å prøva å finne ut av ting. Eg vil anbefale alle studentar å dra på utveksling, ein får mange nye perspektiv som det er umogleg å få heime-frå. 

 

Var det vanskeleg å få dei emna du ønsket å ta?

Som nemnt tidlegare så var mine emne bestemt ut får det engelske programmet.

 

Fekk du godkjent alle emna dine då du kom heim?

Så langt har ikkje prosessen kome enda, men eg håpar det. Alle emna er i alle fall godkjent på førehand frå NMBU.

 

Er du nøgd med den faglege kvaliteten på universitetet?

Om eg skal kome med litt kritikk så må nok det være på dette punktet. Det var til tider litt kaotisk rundt emna våre, og det var ikkje alltid at eg visste korleis eg sko førebu meg eller kva som var venta av meg. Men alt i alt så gjekk det greitt til slutt, og emna var lærerike og interessante.

 

Kor langt rakk midla du fekk frå Lånekassen/Erasmusstipend?

Frankrike er ikkje blant dei billigaste landa å dra på utveksling til, veldig mykje har like prisar som i Noreg. Det var også litt vanskeleg å venne seg til kvardagslivet i Frankrike, ein føler jo litt at ein er på ferie. Når ein først er på utveksling er det også mykje ein vil oppleve og vere med på; festar, reising, kulturarrangement osv. Det ekstra stipendet frå Erasmus kjem godt med, og økonomisk sett så går det rundt. Men eg vil ikkje anbefale utvekslingsstudentar (i Frankrike) å prøve å spare så mykje når ein er på utveksling, det er viktig å kosa seg!

 

Oppnådde du det du ønsket ved å dra på utveksling?

Målet mitt som var å læra mest mogleg fransk er eit relativt mål. Eg kan absolutt meir fransk enn eg kunne 1. januar og eg veit at eg fortsett har ein lang veg å gå. For å gi eit klart svar vil eg sei ja, då målet mitt etter utveksling var å få meg sommarjobb i Frankrike, noko eg har klart.

 

Stikkord: Frankrike, Sciences Po Rennes, politikk, historie og internasjonale relasjonar, bachelor i Samfunnsøkonomi ved NMBU

 



 

 

Frå Roazhon Park, Stade de Rennais heimebane. Eg har i alt vore på ni fotballkampar i Frankrike, sju i Rennes, ein i Paris og ein i Le Havre.

 

 



Comments