Skip to main content

Erfaringsrapport BOKU 2021/2022

 Hei! Eg heiter Eirunn og valte å reise på utveksling til Wien det 3. studieåret mitt på bachelor i bioteknologi. Her gjekk eg på BOKU (Die Universität für Bodenkultur) som låg plassert litt utanfor sentrumskjernen i Wien. BOKU minner litt om NMBU, både i utsjåande med fleire gamle, flotte bygg, og fagmessig, då dei fokuserer mykje på natur, miljø og landbruksfag.

På BOKU er det vanleg å få 2-3 studiepoeng per fag, noko som gjer at ein må ta ganske mange fag for å nå 30 sp per semester. I løpet av 2 semester ende eg opp med å ta eksamen i 17 fag, noko som gav med 43 studiepoeng totalt. Eg hadde heldigvis 20 sp til gode frå NMBU og er veldig glad for det, då det å ta 60 sp på BOKU fort kunne blitt mykje arbeid. Når det er sagt hadde eg eit mykje meir avslappa forhold til eksamenane der enn på NMBU. I fleire av faga var den einaste vurderinga t.d. å halde ein 15-20 min. presentasjon, lever labrapport eller skrive ei kort semesteroppgåve. Fleire fag hadde og frå starten av sett opp fleire eksamensdatoar, slik at ein kunne melde seg opp til den dagen som passa best. På denne måten var det ikkje ein tydeleg eksamensperiode kor ein hadde alle eksamenane samla.

Noko av motivasjonen min for å reise på utveksling var å utfordre meg sjølv, både i møte med eit annleis skulesystem, og med ein ny kultur og nye folk. I tillegg valte eg å reise til Austerrike, då eg har hatt 5 år med tysk på skulen og hadde lyst å få brukt det til noko. Eg ende opp med å ta dei fleste faga på engelsk, men via BOKU kunne me melde oss opp til eit Tandem Learning program. Målet med det er at to personar møtes med jamne mellomrom for å lære kvarandre sine språk. Her kom eg i kontakt med ei austerrisk jente som ville lære seg litt norsk, og me blei etter kvart gode venninner. Ho inviterte med til og med heim på besøk hjå familien i påsken, som var veldig koseleg.

Eg fann bustad på den private marknaden gjennom ei nettside som heiter www.wg-gesucht.de. Skal ein finne ein stad gjennom WG-gesucht må ein ha litt tolmod og nok helst vere ute i litt god tid. Eg hadde mest lyst å bu i eit kollektiv med fleire andre folk, og fant til slutt ein leilegheit me fire andre. Det var eit veldig internasjonalt kollektiv, med berre ein austerrikar der. Leilegheita i seg sjølv var ikkje den finaste, men det fungerte greitt. I tillegg var den veldig billig, berre 320 Euro, og den låg i gåavstand til bioteknologiavdelinga til BOKU. Skulle eg til hovudcampus var det heller ikkje meir enn ca 25 min å gå, men då tok eg vanlegvis bussen.

Under så å seie heile opphaldet mitt i Wien var det ein del koronarestriksjonar, blant anna på universitetsområdet. Dette gjorde at eg ikkje oppheldt meg så mykje på skulen, og blei dermed ikkje så godt kjent med dei ulike fasilitetane, som lesesal, bibliotek osv. Dei gongene eg sat på skulen å leste sat eg stort sett i kantina, som fungerte heilt fint. Spesielt når ein sat i lag med andre, slik at ein kunne snakke og samarbeide.

Når ein kjem til Wien er det ein del papirarbeid som må ordnast. Først må du fylle ut noko som heiter Meldezettel, for å registrere at du har flytta til byen. Denne tek du med deg til magistratkontoret i den bydelen du bur i, slik at dei får lagt alt inn. Dette skal i teorien gjerast seinast 3 dagar etter at du flytta inn, men eg fekk ikkje booka time før ca. 2 veker seinare. Deretter må alle som skal vere i landet i meir enn 4 månader få midlertidig opphaldstillating. Dei fleste som berre reiste for 1 semester droppa å ordne med det då dei ikkje skulle vere så mykje lenger enn dei 4 månane, men eg booka time for å få det ordna. Der var det ein del papir eg måtte ha med, og det eine papiret var ikkje gyldig og eg fekk beskjed om at eg kunne ettersende dette på mail. Dette gjorde eg i mars, og innan eg reiste i slutten av juni hadde eg ennå ikkje fått noko svar på søknaden min. Så ting kan ta tid!

Alt i alt er eg veldig nøgd med utvekslingsopphaldet og vil oppfordre alle som vurderer å reise på utveksling til å gjere det. Eg har møtt mange kjekke folk og fått nye, gode vener frå mange land. Wien var og eit supert utgangspunkt for vidare reising, og sjølv med koronarestriksjonar under deler av opphaldet har eg fått vore i både Italia, Slovenia, Ungarn, Slovakia, Sveits og sjølvsagt rundt forbi i Austerrike. Minuset med BOKU er som nemnt at ein må ha mange fag for å fylle opp 30 studiepoeng, så eg vil anbefale å prøve å få tatt nokre ekstra fag på NMBU før du reiser ut, slak at du har litt å gå på. Elles fekk eg godkjent alle faga mine då eg kom tilbake, og studierettleiarane er veldig hjelpsame med å ordne eventuelle problem som måtte oppstå. Økonomisk gjekk det fint med midlane frå lånekassen og erasmusstipendet. Wien er nok ikkje den billigaste byen ein kan studere i, men generelt er prisane på det meste lågare enn i Noreg uansett. Wien har også eit rikt kulturtilbod og mykje ein kan finne på, så eg kan absolutt anbefale Wien som studentby!


Donauinsel



 









Hausttur til Hallstatt




 


Bledsjøen

 

Comments