Skip to main content

TUM Våren 2023

 

TUM Våren 2023

Hei! Mitt namn er Ingrid, og eg var på utveksling i München (eller Freising) våren 2023. Eg var på utveksling mitt fjerde år på landskapsarkitektur studie. Eg er veldig takknemleg for utvekslingsoppholdet mitt, og det vart eit minnerikt semester med mange gode opplevingar!

 

EMNER

Eg knota ein del med å finne oversiktleg informasjon om emnetilboda først, men med linken finn ein de ulike studieretningane og emnar fordelt etter undervisningsspråk, under mappe ‘’98 Exchange program’’.

https://campus.tum.de/tumonline/ee/ui/ca2/app/desktop/#/pl/ui/$ctx/wbStpPortfolio.wbStpList?$ctx=design=ca2;header=max;lang=en

Mine emnar ved TUM:

Freihandzeichnen II - Freehand Drawing for Landscape Architecture II LAT           3 ECTS

                Landscape and transformation - LAT                                                                                      15 ECTS

                Public Space in Theory and in Practice                                                                                  3 ECTS

                Deutsch als Fremdsprache – German as foreign language                                            4 ECTS

 

Freehand drawing var eit veldig gøy og lærerikt emne med ein engasjert og hyggeleg forelesar. Undervisninga tok for seg ein rekke nyttige teikne teknikkar og ekskursjonar i og utanfor München, samt og ein fire dagars ekskresjon til Verona i Italia. Ved slutten av faget måtte me levere inn fysisk skissebok. Dette er eit veldig populært fag og eg fekk i første omgang avslag, men møtte opp første undervisningstime kvar faget vart utvida for nokre studentar. Undervisninga forgår på tysk.

Landscape architecture and Transformation var eit studiofag med fokus på postindustrielle landskap. Det er ved fakultetet for landskapsarkitektur fire under avdelingar, Green technologies, Public Space, Regional open spaces, samt mitt emne. De ulike studieretningane:

https://www.lao.ar.tum.de/aktuell/
https://www.ar.tum.de/lareg/lareg/
https://www.ar.tum.de/en/gtla/professorship/
https://www.arc.ed.tum.de/lat/startseite/

Prosjektområdet vårt var i Elefsina, ein tidlegare industrialisert kystby utanfor Athen i Hellas. Det er vanleg at emnet tar for seg utfordringar knytt til postindustrielle landskap utanfor Tyskland. Dersom ein ynskja studiofag ved utveksling og eit annleis emne kan eg verkeleg anbefale LAT. Me hadde ei vekes studietur til Hellas, vegleiingstimar, plansje- og modelinnlevering, samt rapport innlevering etter levert prosjekt. Det vart ikkje undervist i faget. Emnet forgår på engelsk og det vart eit veldig internasjonalt klassemiljø.

Public Space in Theory and in Practice var eit engelsk emne med forelesingar og ein ekskursjon i München. Ved slutten av semesteret levert ein ei semesteroppgåve, som omfatta tre A4 sider om eit valfritt byrom. Veldig overkommeleg emne og fleire spennande forelesingar.

German as foreign language er veldig fint dersom ein ynskjer å vidareutvikle språkferdigheiter. Det var ein innlevering undervegs i faget, ein eksamen midt i kurset og ein avsluttande eksamen.



Frihandstikning undervisning ved Neues Schloss Schleißheim.

PERSONLEG UTVIKLING

Fagleg hadde eg ein veldig positiv oppleving ved TUM. Det var stort fokus på gjensidig respekt mellom professorar og studentar, og at me ikkje er studentar, men kollegaer. Studiofaga er samanliknbar med studiofag ved NMBU. Dersom ein ynskjer å få mest mogleg ut av det faglege ved utveksling kan det anbefalast. I tillegg gir studiofag deg klassemiljø og mange fine kjennskap. 

Utanfor skulen er det også veldig gøy å vere utvekslingsstudent ved eit så internasjonalt universitet og det vert arrangert ein rekke events for Erasmus studentar. Eg reiste aleine på utveksling, men hadde ingen problem med det sosiale og stortrivdes!

 

BOLIG

Eg fekk ikkje tildelt studentbolig, men det ligg mykje ute på det private marknaden. Eg budde i Freising utanfor utanfor München ettersom eg høyrde til Campus Weihenstephan. Her er det hovudsakleg wg-gesucht.de som vert nytta ved utleige. Det var noko utfordrande og finne bustad ettersom det er stor etterspurnad. Eg fann bustad ein månad før eg reiste, men det vart stadig publisert nye annonser.

Mange vel å pendle frå München, men personleg trivdas eg i Freising. Togene går ofte og seint, kvar siste tog frå München Hbf går kl.01.40 i vekedagane og kl. 02.40 i helgene. Kollektiv tilbodet i Freising er også nokså bra, men anbefaler sterkt å bu i nærleik av stasjonen. Freising er ein veldig hyggeleg liten stad.

TUM

TUM består av tre store og fine campus, Campus Garching, Main Campus i München og Weihenstephan i Freising. TUM har mange internasjonale studentar, samt mange utvekslingsstudentar. Det vert i forkant av studiestart arrangert internasjonal faderuke, kvar ein kan ta del i Party Animals eller Cultural Creatures. Veldig fin moglegheit for å få eit sosialt nettverk.

 

SPRÅKKURS

I forkant av studiestart fullførte eg eit intensivt språkkurs ved LMU. Ettersom TUMs språkkurs er reservert for de som allereie har studert eit semester ved TUM, kan eg anbefale LMUs språkkurs. LMU er eit anna universitet i München og de andre på kurset var derfor også utvekslingsstudentar. Eg fekk mange venner gjennom språkkurset og var mykje saman med de resten av semesteret.  

 

ADMINISTRATIVT

Eg hugsar at alt som måtte gjerast i forkant av utveksling var noko overveldande, men både NMBU og TUM er flinke til å sende ut tilstrekkeleg med informasjon. Etter ein har fått godkjend Online Learning Agreement og mottar Admission Letter frå TUM, anbefalast det å fullføre registrering tidleg, slik at ein får tilgang til TUMonline.

 

Er du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å gjøre det samme?

Eg vil anbefale utveksling ved TUM på det varmeste! Eg møtte mange fine menneske og opplevde mykje gøy. Plasseringa i Europa gjer at mange europeiske land og byar bare er ein togtur eller ein FlixBus unna, samstundes som München er ein veldig fin by å oppleve. Alle solskinsdagar vart tilbrigd i Englisher Garten eller langs Isar. München er også veldig passande i forhold til friluftsliv med mange fine fjellturar og innsjøar relativt lett tilgjengeleg med kollektivt. Eg ser tilbake på utveksling som ein veldig fin oppleving!


Meg og nokre venner frå utveksling på tur i Alpene.

 

Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta?

Det kan vere ein del press på de mest populære emna. Sett deg inn i korleis TUMonline fungera og oppmeldingsfrist for emna. Emnar vert relativt seint lasta opp i portalen og oppmeldingsfrist var 2 – 3 veker før studiestart. Ved mange emnar vert ein ikkje tatt opp før ein møter til første undervisningstime. Eg fekk alle emna eg ynskja!

 

Er du fornøyd med den faglige kvaliteten på universitetet?

Veldig! Spennande fag og engasjerte forelesarar. Det var eit veldig fint forhold mellom professorar og studentar og god informasjonsflyt. Det er også eit nokså annleis emne tilbod som ein kan ta nytte av.

 

Hvor langt rakk midlene du fikk fra Lånekassen/Erasmusstipend?

Eg klarte med veldig fint. Eg hadde moglegheit til å reise litt rundt i Europa og utforske München utan å måtte tenke alt for mykje over økonomien. Alle midlane vert utdelt i byrjinga av semesteret så eg anbefaler og sette av til husleige, samt ha oversikt over korleis ein skal disponere midlane gjennom semesteret.

 

Oppnådde du det du ønsket ved å dra på utveksling?

Absolutt. Eg forbedra mine språkkunnskapar, fine opplevingar, oppleve nye land og stader, møtte mange fine menneske og fagleg påfyll! Eg lengtar allereie tilbake til München og kvardagen min der.

 

 #landskapsarkitektur #TUM #München #Tyskland

Comments

Popular posts from this blog

LIVET I WIEN 2017-2018 - av Kaja Tellefsen Wivestad

Åpen, nysgjerrig og med litt for mye bagasje ankom jeg Schwedenplatz med flybussen, og var i Wien for første gang. Spent på hva det neste året ville bringe, med noen ønsker og mange spørsmål spaserte jeg over broen ved Donaukanal til leiligheten i 2. distrikt. Jeg dro til Wien før universitetet startet. Jeg hadde funnet et privat språkkurs som varte fem uker, og hvor fire uker var kravet for å få språkstipend fra Lånekassen (dette fordi Universitetet, BOKU, kun tilbød et tre ukers kurs). Jeg hadde funnet meg en midlertidig leilighet via en Facebook-side med en arkitektur- og en filosofistudent. Leiligheten lå nær kanalen, var sentral, i et rolig nabolag med mange koselige kaféer og parker. Matthias og Simona, som jeg bodde med, var vel de varmeste og beste menneskene jeg kunne møtt. De viste meg gladelig rundt til lokale skatter i byen; utekinoer, takterrasser og parker. De viste meg de beste sykkelrutene og inviterte meg til fester og middager med venner. Språkkurset jeg

NMBU-STUDENT PÅ UTVEKSLING

Reis ut i verden så tidlig som mulig! Krysskulturell kompetanse er viktigere enn noen gang. Internasjonal erfaring kombinert med spisskompetanse innenfor ulike fagretninger er mer og mer etterspurt på arbeidsmarkedet. NMBU gir deg mange muligheter til å ta deler av din grad i utlandet gjennom gode samarbeidsavtaler med universiteter over hele verden.  "Vi lever i en global verden. Utveksling av personer og informasjon på tvers av landegrenser øker. Internasjonal erfaring vil bli enda viktigere for fremtidens arbeidsliv enn det er for dagens"  Kristin Skogen Lund (NHO). Et utvekslingsopphold kan gi deg høyt faglig utbytte og ny og beriket faglig innsikt, men også muligheter til å knytte vennskap og nettverk på tvers av landegrenser. Å studere og leve i et annet land tilbyr en unik mulighet til å se verden fra et nytt perspektiv, samtidig som det er en gylden mulighet til å bli flytende i et fremmedspråk.  Erasmus Impact Study viser at studenter på utveksling

Erfaringrapport fra Wageningen, Nederland

Erfaringrapport fra utveksling i Wageningen, Nederland, høsten 2017.  Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta? Jeg studerer matvitenskap og ernæring, og innen dette fagfeltet er det veldig mange emner å velge blant ved universitetet i Wagenignen, hvor de aller fleste undervises på engelsk. I utgangspunktet fant jeg emner som kunne erstatte alle fagene mine ved NMBU. Emneansvarlige ved NMBU var veldig medgjørlige, slik at man skulle kunne skrive en oppgave etter hjemkomst dersom emnet ikke kunne erstattes hundre prosent. Dette er tilfellet for ett av fagene jeg tar. Det man må være obs på er at ett emne kun går i én periode, enten som morning - eller afternoon course, og ved Wageningen er det seks ulike perioder. Jeg opplevde flere ganger da jeg skulle velge emner, at noen av de emnene jeg ønsket å ta, gikk i en annen periode. Men det er uansett vanskelig å ikke finne et interessant emne som kan erstatte noen av fagene ved NMBU. Er du fornøyd med den faglige kvalitet

Erfaringsrapport Lincoln University, New Zealand

Erfaringsrapport Lincoln University, New Zealand  Magisk natur i New Zealand! Fag/Emner: -LASC 604 - Agricultural-Environmental landscape management Erfaring:  Spennende vinkling paa rural utvikling. Dyktig laerer med navn Simon Swaffield. Jeg laerte hvordan turisme, landskapsarkitektur og landbruk kan kombineres i planlegging.  Jeg sammarbeidet med andre studenter fra andre fagfelt som floy til New Zealand for aa delta paa kurset. Kurset var delvis nettbasert, resten bestod av et to ukers intensivt kurs med feltarbeid i August. Kurset var ferdig i August. Mye forvirring under gruppearbeidet, siden faa hadde faglig bakgrunn innenfor landskapsarkitektur/ byutvikling. Ville ikke tatt dette kurset igjen paa grunn av gruppearbeidet, siden det for det meste var jeg som matte fungere som laereren i gruppa. Resten av faget var straalende. Eksamensform og antall: Muntlig presentasjon av gruppeprosjekt telte mest for karakteren.  Innleveringer: 1. Individuell rapport fra

Hawaii Pacific University - Høst 2017

Hawaii er for de fleste kjent for kokosnøtter, endeløse strender og hula-dans. Øyene representerer dette, men også så mye mer. Det er mulig å ta mange flotte turer opp i de gamle lavaformede fjellsidene, oppleve ”tidepools”, teste ut og utvikle surfeferdighetene, bli kjent med en kulturrik befolkning, se en aktiv vulkan og mange, flotte og eksotiske dyr. Jeg valgte å dra på utveksling for å oppleve noe nytt, både skolemessige og sosialt. Jeg lærte mye av å flytte til et nytt land med nye skoleordninger og fag. Det å få en annen innsikt i mitt fag ser jeg på som en styrke og en god erfaring for fremtidig jobb og karrieremuligheter. Jeg fikk større innsikt i potensielle jobber også, da professorene kunne fortelle om sine arbeidserfaringer og sin karriere. Skolen har god erfaring med å ta i mot internasjonale studenter. Du blir godt tatt i mot av veiledere, og det finnes flere sosiale arrangementer hvor du kan bli kjent med andre studenter.   Høsten 2017 dro jeg på utve

Erfaringsrapport, San Diego State University

Er du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å gjøre det samme? Ja, veldig fornøyd. San Diego State University, SDSU, har et annerledes skolesystem enn i Norge. Det er også et mye større universitet (30 000 studenter), så det var interessant å oppleve det.  For min egen del var det å se hvordan dette fungerte, prøve noe nytt og å lære om vannsystemene i et område som opplever tørke. Dette er relevant ettersom jeg studerer Vann- og Miljøteknikk. Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta? Det er definitivt vanskeligere å få emnene på SDSU enn på NMBU. Som utvekslingstudent så ender man sist på ventelisten til emnene. På https://sunspot.sdsu.edu/schedule/search kan man finne emnene og se hvor mange plasser det er igjen. Det krever koordinering og planlegging for å lage sin egen timeplan slik at emnene/labbene ikke overlapper. Større fag som feks kjemi eller statistikk så er det enkelt å være med i timen og ta eksamen. De fa

Wageningen høst 2022

August Aalstad, master i bioøkonomi Om universitetet :  Wageningen er alt i alt en nydelig grønn perle , rik på mangfoldige og levende omgivelser - både kultur og natur. Fint å sykle rundt eller gå tur i nærliggende skog og landlige områder, langs dikene og naturområdet rett utenfor sentrum (med frittgående hester og kuer og et spetakkel av flotte fugler), ned til Rhinen for bading og piknik, til Arboretet eller byens nydelige grønne parker, rundt på campus og hippielandsbyen Drouvendal, eller i byens mange sjarmerende nabolag, kafeer og spisesteder, lokale butikker og bruktmarkeder. De har åpent marked i sentrum på onsdager og lørdager, men maaasse herlig mat og folk og liv og røre… Og generelt et magisk utvalg av vegetar! Noe for enhver smak :) Wageningen har et veldig grønt, mangfoldig, internasjonalt og innovativt miljø . Bærekraft er et stort fokus. Dette reflekteres i både menneskene , foreningene, omgivelsene, studiene, undervisningen, forskningen og innovasjonen som foregår

Utveksling til Loyola Andalucia i Sevilla

Det å dra på utveksling er en utrolig fin måte på å utforske andre kulturer, land og ikke minst deg selv. Man lærer utrolig mye og får opplevd ting man kanskje ikke får gjort hjemme i Norge. Jeg har tidligere vært på utveksling to ganger og sitter igjen med mange gode opplevelser og følte en tredje utveksling i Sevilla ikke ville skuffe og det gjorde det heller ikke. Fag/Emner Jeg tok seks fag:  «Human resource management» «Economic Policy” “Operation Management” “Management Control” “Corporate Finance” “Economic Policy” Det akademiske nivået var for min del hel greit, men det var mange i klassen som syntes disse fagene var utrolig vanskelige. Vi hadde oppgaver som skulle innleveres i alle fag, små prøver og midterms som var en del av karakteren man fikk i tillegg til en avsluttende eksamen. Den desidert beste faget i følge meg var «Economic Policy» med Umed Temurshoev. Han er utrolig dyktig og fagene hans er mye mer krevende enn de andre jeg hadde, men utrolig lærerikt.

Utveksling i Budapest

Høsten 2017 var jeg på utveksling i Budapest, ved Szent Istvan University. Her tok jeg mitt fjerde år på landskapsarkitektur. Er du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å gjøre det samme? Jeg er veldig fornøyd med utvekslingsoppholdet. Grunnen til at jeg valgte å dra til Budapest, er at jeg ville oppleve å bo i en europeisk storby etter 3 år i Ås. Budapest har jeg besøkt en gang tidligere, og hadde et veldig positivt inntrykk av byen. Passe størrelse, nydelig arkitektur, god atmosfære og stort internasjonalt miljø. Samtidig er byen fortsatt autentisk, og ikke ødelagt av for mye turisme som enkelte andre europeiske storbyer. Dette er en gøy by å være ung i, og jeg anbefaler Budapest på det sterkeste! Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta? Ja, ettersom planen min var å ta masteremner fra det internasjonale MLA-programmet. Etter en uke på universitetet ble jeg meldt av alle fagene, og fikk beskjed om at disse ikke