Hei! Eg
heiter Ragnar og eg har teke det siste semesteret mitt i bachelorprogrammet i
samfunnsøkonomi på utveksling ved Sciences Po Lille heilt nord i Frankrike. Eg
valde utveksling først og fremst for å utfordre meg sjølv, og komme meg inn i
eit nytt i miljø, men dernest å lære å snakke fransk og få eit overblikk på
utdanningstilbodet elles i Europa. Det har gitt meg masse flotte opplevingar og
læring, og eg tilrår alle å reise på utveksling og å utforske og delta på mest
mogleg under opphaldet!
Sciences
Po-skolane er rekna som prestisjefylte, og er vanskelegare og dyrare å komme
inn på enn vanlege universitet i Frankrike, noko ein merkar på dei gode
fasilitetane, men òg at studentane har andre klasseaspirasjonar enn folk flest
– Sciences Po er kjend for å oppfostre den politiske og diplomatiske eliten i
Frankrike, med dei assosiasjonane det fører med seg. Skolen er ein reint
samfunnsvitskapleg institusjon, med særleg sterkt rotfeste i statsvitskap og
internasjonale relasjonar, og set difor utveksling svært høgt. På Sciences Po
Lille blei eg difor møtt av eit stort miljø av internasjonale studentar frå
heile verda, med veldig god tilgang på det hyggelege og imøtekommande
utvekslingskontoret på skolen (særleg om ein kjem fysisk). Skolen tilbyr mange
emne på engelsk, særleg blant dei tileigna utvekslingsemna dei har, og skolen gjer
det lett å velje det som passar deg best. Om du som meg går noko anna enn
statsvitskap/internasjonale relasjonar og vil fokusere direkte på f.eks.
økonomiske emne, er det færre emne på engelsk å velje i: ta fransktalande emne om
du forstår fransk – førelesarar er ofte gode på å innrette opplegget slik at
internasjonale studentar kan ta eksamen på engelsk likevel.
-
Universitetsbygget til skolen er noko for seg
sjølv, og byen hyser flotte muséer, som La Piscine i Roubaix.
Var
det vanskeleg å få dei emna du ønskte å ta?
Nei, så
lenge ein er heilt førebudd før emnevalet opnar skal det gå fint.
Då eg
skulle velje emne sendte skolen først ut eit første skjema i desember for å
melde seg opp, før vi ei veke inn i semesteret fekk moglegheit til å fjerne og
leggje til emne alt etter kva som er ledig: her var det lurt å sjå seg ut emna
på førehand og sjekke timeplanen grundig for kva som kolliderer og ikkje, for
nokre emne blei fulle berre minutt etter skjemaet opna. Eg valde mange fleire
emne enn eg hadde tid til, slik at eg kunne sjå an kva eg syntest og høyrde frå
andre studentar ved oppstart. Etter siste oppmelding var eg oppmeld i 37
studiepoeng, mykje emne med fokus på Europeiske institusjonar, økonomisk filosofi,
digital kapitalisme og sosiale ulikskapar. Dei fleste av desse var masteremne,
og etter det oppstod ein timeplankollisjon utover semesteret kunne eg òg melde
meg seint av eitt 6-poengsemne slik at eg berre trengte å ta 31 poeng.
Er du nøgd med den faglege kvaliteten på
universitetet?
Nei,
berre med enkelte emner og miljøet i enkelte masterklasser.
Den
akademiske kvardagen er heilt annleis i Frankrike i Noreg. Sjølv om Sciences Po
er ein prestisjefylt institusjon i Frankrike, ber den likevel preg av at landet
er hierarkisk og har svakare tradisjon for systematisk forbetringsarbeid:
forvent deg at førelesarar kan endre timeplanen få veker i forvegen, og at
kvaliteten på kurs varierer mykje. Nokre kurs har vore framifrå gode, lærerike
og velstrukturerte, andre ganske omvendt. Dette er nok eit argument for å melde
seg opp i ekstra emne og delta i mykje ekstra første veka, så ein kan melde seg
av dei som ikkje overbeviser. I tillegg er utvekslingskontoret veldig
interesserte i innspel frå studentar om det skulle vera noko, noko eg anbefaler
å gjere om det er noko : søreuropeiske studentar vil nemleg ofte ikkje tenkje
over manglar som er heilt innlysande for oss nordeuropearar og nordamerikanarar.
Den
akademiske tradisjonen i Frankrike er òg langt meir munnleg enn heime, og mykje
av karakteren kan bli sett på grunnlag av munnleg deltaking i diskusjon. På
sitt beste har dette vore fagleg svært givande. Først er det skummelt, men ein
venner seg til det, og når det blir gjort systematisk gjer det òg at ein kan
diskutere pensumtekstar på eit djuptpløyande nivå, med andre som har arbeidd
vel så mykje med tekstene og forståinga av dei. Her varierer likevel emne
mykje, og nokre fag kan krevje fleire skriftlege innleveringar. Er du opptatt
av fagleg utvikling ville eg anbefalt emne med vekt på dette framfor emne som
legg opp til studentpresentasjonar kvar førelesing, men det siste krev ofte
mindre arbeid. Basert på mine veners opplevingar kan eg òg anbefale
intensivemne som Sciences Po tilbyr med ekstern førelesar.
-
Marknadene i Lille er eit høgdepunkt, og skil byen
ut òg i fransk samanheng.
Utover
det reint akademiske gjer fagtilbodet og andre ordningar i Lille for øvrig, at
ein møter kvarandre ofte og raskt blir del av utvekslingsmiljøet, som har vore
veldig fint, særleg når ein reiser på utflukter saman og legg tid i å bli kjend
med dei frå land som likner mindre på vårt eget. Lille er ein stor studentby,
med eit svært omfang av tilbod for studentar, uteliv, reiser, og billege
lunsjrestaurantar! Sjølv fikk eg raskt ein nordisk gjeng, som har vore
fantastisk fint, men hadde eg reist igjen hadde eg lagt ein enno større innsats
i å komme meg ut og bli kjend med dei utanfrå bobla, ikkje minst med franske
studentar, som kan krevja litt meir å bli venner med fordi dei allereie har sin
krins, slik det òg er heime.
Bustadene
i Lille er dyrare enn på Ås, men litt billegare enn i Oslo, og fordi det er
mange studentar er det nok av eigna bustader, men eg tilrår å søkje tidleg, etter
september-oktober vil tilbodet vere meir knapt. Sciences Po Lille har eigen
avtale med bustadplattforma Studapart der eg fekk bustad sjølv, men eg tilrår
òg å sjå ut moglegheitene på plattformer som La Carte des Colocs,
HousingAnywhere og AirBnB – alle alternativa privat utleige. Studapart krev
eindel ekstra kostnader som er fint å unngå. For øvrig er det på bustadområdet
eg måtte gjere mest papirarbeid, noko som var veldig frustrerande og til dels
dyrt. I Frankrike er det f.eks. kravd ved lov at alle leigarar har
husleigeforsikring som norske forsikringar ikkje dekkjer, òg ein
betalingsgaranti i tillegg til depositum. Til garanti kunne eg heldigvis
kvalifisere til eit gratistilbod som heiter VISALE, som eg tilrår, men her må òg påventast nokre veker med
behandlingstid og ein del personlege dokument. Nykelordet er altså å vere
tidleg ute, byråkratiet er irriterande men ikkje til å komme unna, og på ingen
måte verst i Europa.
-
Operahusa er
staselegare enn heime, her frå Lille og frå Marseille, der eg vitja fleire
gonger til ein billeg penge.
Kor
langt rakk midla du fekk frå Lånekassen/Erasmusstipend?
Stipendandelen
frå Lånekassa pluss Erasmusstipendet held til husleige og alle normale
utgifter, men eg tilrår å spare opp så ein kan bruke ekstra pengar på å reise i
helgene. Ein kan òg kvalifisere til fransk bustøtte for
studentar via CAF – den franske familiestønadskassa, noko eg anbefaler å
undersøkje før ein reiser ned – nok ein gong mykje papirarbeid, men dette er
gode pengar inn på konto.
Er du nøgd
med utvekslingsopphaldet ditt, og vil du råde andre studenter til å gjere det
same?
Ja, så absolutt, å hoppe ut av komfortsona er
ekstremt verdt det, og særleg om du gjer det på bachelornivå, så veit du kva du
kan vente deg når du gjer det enno ein gong på master!
Eg har
lært massivt mykje av å dra på utveksling, og hatt det utruleg fint.
Teknikalitetane og institusjonane er eigenleg ikkje det viktigaste, det er
heller at utvekslinga i Frankrike har opna opp ei dør til eit stort land og
stort kontinent som er noko heilt anna å bu i enn å koma som turist. Ein har
svært gode reisemoglegheiter når ein bur i Lille, plassert 1 time med tog frå
Brussel, Paris og London, der alle andre Franske, Belgiske og Nederlandske byar
berre er få timar unna. Når eg har funne tid frå undervisning har eg nådd å
besøkje Normandie, Antwerpen, Occitanie, Marseille og Nice, Lyon, og Berlin i
tillegg til fleire helger i Paris, reiser som alle gir ein flott arena til å
øve framandspråk.
-
Lyntogsystemet i Frankrike gjer at dei store byane
sjeldan er meir enn eit par timar unna, her frå hamna i Marseille og Fernand
Léger-museet utanfor Nice.
Hadde
eg reist igjen hadde eg valt å reise ennå meir enn eg valde å gjere, men òg å
gå enno meir inn for å lære flytande fransk. Då eg reiste ned vil eg seie eg
var på eit B1-nivå, og i løpet av månadenene her har eg nok komme opp på ein
sterk B2 berre ved hjelp av franskemnet Sciences Po tilbyr alle studentar
avhengig av nivå, møte med folk her og der, lytting og lesing i franske kurs,
og samtaler med franske roomier. Planen min var å komme opp på eit enno litt
høgre nivå, men det har vore litt lett å halde seg til internasjonale studentar
- dette går ikkje automatisk sjølv om franskmenn flest er nokså ubrukelege i
engelsk.
Oppnådde
du det du ønskte ved å dra på utveksling?
Ja, eg
har lært mykje om meg sjølv i møte med ein ny kvardag i eit anna samfunn, og
har òg fått utvikla meg mykje fagleg og språkleg, særleg på eige initiativ.
Fekk
du godkjent alle emna dine då du kom heim?
Stikkord:
Frankrike, Sciences Po Lille, Sciences Po, Institut d’Études Politiques,
samfunnsvitenskap, statsvitenskap, internasjonale relasjoner, bachelor, master,
samfunnsøkonomi.
Comments
Post a Comment