Skip to main content

Utveksling - University of Edinburgh våren 2026


Utvekslingsbrev University of Edinburgh 2026

Hei, mitt namn er Maria, eg går 5.året på veterinærmedisin. Våren 2026 reiste eg på utveksling til University of Edinburgh og fakultetet Royal (Dick) School of Veterinary Studies. Her tok eg «Selected rotations», ein periode på 9 veker der me hadde rotasjonar i ulike klinikkar på både hest, produksjonsdyr og smådyr. Det var ingen eksamenar under opphaldet, men ein hadde ulike vurderingar, hovudsakeleg kasuspresentasjonar av pasientar. Det var også forventa av oss at me las oss opp på pasientane som me skulle ha dagen etter, og at ein følgde opp sine kasus så lenge dei var på klinikkane, og å presentere dagens kasus for veterinærar og andre studentar. Samstundes fekk me også spørsmål undervegs om prosedyrar, sjukdommar, etiologi og mykje anna.


Eg har alltid hatt lyst å reise på utveksling, særleg for å sjå korleis veterinærmedisin er likt eller ulikt frå her i Noreg. Det er alltid gunstig å få sjå problem frå andre sider, og kanskje lære teknikkar eller tankemåtar som kanskje kan implementerast når ein skal jobbe her i Noreg. I løpet av opphaldet har eg lært svært mykje. Det var interessant å lære om korleis hold av dyr, særleg gardsdyr/produksjonsdyr, er annleis frå i Noreg, og kva utfordringar det kan medføre som me ikkje ser ofte her. Eg kjenner også at eg har blitt meir trygg og har fått meir sjølvtillit i det faglege. Utveksling opna også opp for å bygge kontaktar i ulike land, då det er mange internasjonale studentar som studerer veterinærmedisin i Edinburgh.

Under mitt opphald budde eg i ein studioleiligheit som eg fann via AirBnB. Det beste er å kunne bytte med studentar som reiste med Noreg, fordi det er  er utfordrande og ganske dyrt å finne bolig i Edinburgh. Campus ligg omlag 45 minutt utafor sentrum med buss, og dei aller fleste av studentane bur i byen då det ikkje er mange moglegheiter for å bu nær campus. Campus ligg rett ved foten av Pentland Hills Regional Park, både campus og Edinburgh er tett omringa av natur og det er kort veg frå The Royal Mile (hovudgata) til flott natur. Universitetet har flotte fasiliteter innafor alle veterinære fagfelt, og er høgt rangert innafor veterinærmedisinsk utdanning. Eg var hovudsakeleg i klinikkane til universitetet under utvekslinga, og både hesteklinikken, produksjonsdyrklinikken og smådyrsklinikken er av god kvalitet. Veterinærutdanninga ved University of Edinburgh blei etablert i 1823. Edinburgh er også ein flott by, med historiske landemerker rundt eit kvart hjørne. Det er ein fantastisk studentby og det er kort veg til det meste.

Det var ikkje store utfordringar med språket, men det var uvant å skulle snakke akademisk/fagleg engelsk. Dette blei betre etter kort tid. Til tider var den skotske dialekta noko utfordrande å skjønne, men også dette blei ein meir vane med etter kvart.

Immigrasjonsprossessen var svært enkelt, for den tidsperioden eg var i UK trengte eg berre ETA (electronic travel authorization). Heile applikasjonen blei gjort via ein mobil-app, kosta ca 150kr og tok totalt 10 minutter. Etter mindre enn ein dag hadde eg fått godkjent ETA, som då varer i 2 år. Det var lite papirarbeid anna enn søknadar om støtte frå lånekassen og utfylling av Learning Agreement i samband med Erasmus+ stipend.

 


Er du fornøgd med utvekslingsopphaldet ditt, og vil du anbefale andre studentar å gjere det samme?
Eg er svært fornøgd, det var ein svært lærerik oppleving som eg meiner alle burde prøve!

Var det vanskeleg å få dei emnene du ønskja å ta? Nei, emnene var bestemt på førehand. Ein får ikkje velge emner fritt.

Fekk du godkjent alle emnene dine då du kom heim? Ja, alle emnene blei godkjent.

Er du fornøgd med den faglege kvaliteten på universitetet? Ja! Den faglege kvaliteten er svært høg, og undervisarar er gode på å gi konstruktive tilbakemeldingar.

Kor langt rakk midla du fekk frå Lånekassen/Erasmusstipend? Det er dyrt å bu i Edinburgh, og midlene dekka fly og utgiftene for bolig for ein månad.

Oppnådde du det du ønskja ved å dra på utveksling? Absolutt! Eg fekk utfordra meg sjølv fagleg og har lært masse.

 

Et bilde som inneholder natur, utendørs, himmel, fjell

KI-generert innhold kan være feil.Et bilde som inneholder utendørs, sky, himmel, tre

KI-generert innhold kan være feil.

Et bilde som inneholder utendørs, vann, gress, landskap

KI-generert innhold kan være feil.Et bilde som inneholder utendørs, himmel, sky, konstruksjon

KI-generert innhold kan være feil.Et bilde som inneholder utendørs, sky, himmel, konstruksjon

KI-generert innhold kan være feil.Et bilde som inneholder sky, utendørs, himmel, konstruksjon

KI-generert innhold kan være feil.Et bilde som inneholder sky, utendørs, konstruksjon, himmel

KI-generert innhold kan være feil.Et bilde som inneholder utendørs, konstruksjon, himmel, Middelalderarkitektur

KI-generert innhold kan være feil.

 

Storbritannia, Skottland, UK, University of Edinburgh, Royal (Dick) School of Veterinary Studies, veterinærmedisin, veterinær

 


Comments