Utveksling til Aarhus våren 2026
Mitt navn er Noah, og eg studerer kjemi og bioteknolog. Våren 2026 var eg på utveksling til Aarhus Universitet, der eg tok både fag og eit forskingsprosjekt innan kjemi og bioteknologi. Opphaldet gav meg fagleg fordjuping, nye venner frå heile verda og ei unik innsikt i både dansk kultur og det internasjonale studentmiljøet. Eg vil varmt anbefale Aarhus som utvekslingsdestinasjon for studentar som ønskjer eit sterkt fagmiljø, moderne laboratoriefasilitetar og eit inkluderande campusliv i ein levande studentby.
Utveksling ved Aarhus Universitet
Våren 2026 reiste eg på utveksling til Aarhus Universitet i Danmark, eit av Europas leiande forskingsuniversitet og eit topp 100-universitet internasjonalt. Universitetet har eit sterkt fagmiljø innan kjemi, moderne laboratoriefasilitetar og eit stort internasjonalt studentmiljø. Opphaldet gav meg ein unik kombinasjon av fagleg fordjuping, praktisk laboratoriearbeid og kulturelle erfaringar.
Fag og emner
Eg tok tre emner ved Aarhus Universitet:
• Industrial Bioseparation Technologies
• Inorganic Chemistry II: Advanced Inorganic Chemistry
• Chemistry Project A – 10 ETCS
I tillegg tok eg eitt emne ved NMBU parallelt. Emna var svært ulike, noko som gav eit variert og fagleg spennande semester. Bioseparasjonsemnet var modulbasert med forelesningar frå industripartnarar og fleire innleveringar. Uorganisk kjemi var hovudsakleg laboratoriebasert med to fulle dagar i laboratoriet kvar veke og tett oppfølging frå professorar og laboratoriepersonell. Forskingsemnet kravde at eg sjølv fann ein veileder og jobba på eit forskingsprosjekt gjennom semesteret, inkludert skriving av ei større oppgåve.
Personleg utvikling
Eg valde å dra på utveksling for å utfordre meg sjølv fagleg og sosialt, og for å få internasjonal erfaring innan kjemi og bioteknologi. Opphaldet gav meg nettopp dette. Eg lærte mykje om korleis eg jobbar i nye miljø, vart tryggare i både engelsk og dansk, og fekk eit breitt internasjonalt nettverk gjennom ERASMUS. Erfaringane har styrka både motivasjonen min og karrieremoglegheitene mine, og har gjort det klarare for meg kva retning eg ønskjer vidare.
Bustad
Eg budde i ein studentbustad på campus, i eit 16-mannskollektiv med eige bad. Standarden var god, og beliggenheita var perfekt, berre 200 meter frå inngangsdøra til kjemisk institutt.
Om universitetet
Aarhus Universitet har moderne undervisningsrom, profesjonelle laboratoriar og eit stort internasjonalt studentmiljø. Fasilitetane er av høg kvalitet, og det er tydeleg at universitetet har sterke forskingsgrupper og eit omfattande fagtilbod. Undervisninga var strukturert, og professorane var engasjerte og tilgjengelege. Særleg i laboratoriefaga fekk eg tett oppfølging og tilgang til avansert utstyr.
Språkutvikling
Selvom undervisningen foregik på engelsk, brugte jeg både norsk, engelsk og efterhånden en slags norsk-dansk hybrid i hverdagen. Det tog lidt tid, før danskerne forstod min Molde-dialekt, men efter hvert blev kommunikationen meget nemmere. Jeg fik rigtig god sproglig træning både gennem ERASMUS-miljøet og i mødet med danske studerende, og jeg oplevede en tydelig udvikling i både forståelse og selvtillid i sproget gennem semesteret. Og ja, jeg er språknerd.
Er du fornøyd med utvekslingsoppholdet ditt, og vil du anbefale andre studenter å gjøre det samme?
Ja, eg er svært fornøgd. Opphaldet gav meg fagleg utvikling, internasjonal erfaring, nye venner og eit breitt nettverk. Eg vil absolutt anbefale andre studentar å dra på utveksling – det er ei unik moglegheit som gir mykje både fagleg og personleg.
Var det vanskelig å få de emnene du ønsket å ta?
Nei, eg fekk alle emna eg ønskte. Det einaste som kravde litt innsats var forskingsprosjektet, der eg måtte kontakte fleire forskingsgrupper før eg fann ein veileder. Men når det først var på plass, var alt enkelt.
Fikk du godkjent alle emnene dine da du kom hjem?
Ja, alle emna vart godkjent av NMBU utan problem. Det gjorde det lett å halde progresjonen i studiet.
Er du fornøyd med den faglige kvaliteten på universitetet?
Ja, Aarhus Universitet held ein svært høg fagleg standard. Undervisninga var godt strukturert, laboratoriefasilitetane var moderne, og oppfølginga frå professorane var tett og profesjonell. Særleg forskingsprosjektet gav meg verdifull erfaring.
Hvor langt rakk midlene du fikk fra Lånekassen/Erasmusstipend?
Stipendet frå Lånekassen og Erasmus dekte alle nødvendige utgifter, inkludert bustad, mat og transport. Prisnivået i Aarhus er litt lågare enn i Noreg, så midlane strekte godt til.
Oppnådde du det du ønsket ved å dra på utveksling?
Ja, eg oppnådde alt eg håpa på, fagleg fordjuping, praktisk laboratorieerfaring, internasjonalt nettverk, språkutvikling og personleg vekst. Utvekslinga gav meg eit klarare bilete av kva retning eg ønskjer vidare innan kjemi og bioteknologi.
Stikkord: Danmark, Aarhus, Aarhus Universitet, ERASMUS, kjemi, bioteknologi, laboratoriearbeid, forskningsprosjekt, kjemisk institutt, dansk, uorganisk kjemi
Bildar:
Comments
Post a Comment